Arbeidet
med bevaring av marin natur
Forståinga av at
bevaring av marint naturmangfald er eit viktig verkemiddel for å
sikre velfungerande marine økosystem, som igjen er ein føresetnad
for ein berekraftig havøkonomi og ei langsiktig verdiskaping, var ein
viktig konklusjon i OECDs rapport om berekraftig havøkonomi frå
2016. Denne forståinga har blitt forsterka gjennom arbeidet under
Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (Havpanelet) frå starten
i 2018 og fram til lanseringa av konklusjonane frå Havpanelet i desember
2020.
St.meld. nr. 43 (1998–1999)
Vern og bruk i kystsona – Tilhøvet mellom verneinteresser og fiskerinæringane blei
lagd fram av regjeringa Bondevik I i 1999. Meldinga førte til at
det i 2001 blei sett ned eit rådgivande utval for arbeidet med ein
marin verneplan. I tilrådinga si frå 2004 peika utvalet ut 36 område
som til saman representerte eit godt og balansert utval av undersjøisk
natur frå kysten og skjergarden (kandidatområde).
I Meld. St. 14 (2015–2016)
Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold (naturmangfaldmeldinga)
går det fram at regjeringa legg til grunn at marint vern på tvers
av sektorane etter naturmangfaldlova § 39 framleis skal bidra til
at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine
undersjøiske naturtypar og naturverdiar langs kysten og i territorialfarvatnet
blir tekne vare på for framtida. Områda skal – saman med areal som
er beskytta etter anna lovverk – danne eit nettverk av verna og
beskytta område, som skal ta vare på økosystem og naturverdiar.
Stortinget har i
ettertid fleire gonger behandla spørsmål om marine verneområde i
samband med meldingar og representantforslag. Stortinget fatta følgjande oppmodingsvedtak
(nr. 668 (2015–2016)):
«Stortinget ber regjeringen
utarbeide en plan for marine verneområder og kome tilbake til Stortinget med
en sak om dette.»
Vedtaket blei fatta
ved behandling av Meld. St. 14 (2015–2016), jf. Innst. 294 S (2015–2016).
Oppfølginga regjeringa gjer av Stortingets vedtak, er omtalt i Meld.
St. 35 (2016–2017) Oppdatering av forvaltingsplanen for Norskehavet.
Stortinget fatta
nytt oppmodingsvedtak (nr. 907 (2016–2017)) ved behandlinga av Norskehavet-meldinga:
«Stortinget ber regjeringen
om å følge opp arbeidet med en helhetlig nasjonal plan for marine
verneområder og prioritere områdene som er definert som særlig verdifulle
og sårbare (SVO) i dette arbeidet. Stortinget ber regjeringen legge
fram en egen sak om dette senest i 2020.»
Regjeringa følgjer
med denne meldinga opp desse oppmodingsvedtaka.
I Meld. St. 20 (2019–2020)
Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet
og havområdene utenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak
(i det følgjande også omtalt som forvaltningsplanmeldinga) blei
det vist til at
«Regjeringen vil:
-
Videreføre arbeidet
med etablering av marine verneområder og marine beskyttede områder.
-
Utarbeide i 2020
en helhetlig nasjonal plan for marine verneområder.
-
Vurdere behovet for
vern eller beskyttelse av særegne og sjeldne naturverdier i dyphavet.»
Samstundes har det
skjedd ei betydeleg utvikling internasjonalt. Noreg har nyleg, gjennom
Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi (Havpanelet), slutta seg
til eit globalt mål om at 30 pst. av havområda innan 2030 skal bevarast
gjennom marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak.
Dette temaet vil også stå sentralt i førebuingane av det nye globale
rammeverket for natur, som skal bli vedteke under konvensjonen om
biologisk mangfald (CBD) hausten 2021.
Internasjonalt er
det også ei ny forståing av at marine verneområde og andre effektive
arealbaserte bevaringstiltak har breiare nytteverdi enn klassisk
naturvern. Døme på nytteeffektar er bevaring og gjenoppbygging av
viktige område for bestandar av fisk og skaldyr, restaurering av
marine økosystem, opptak og lagring av karbon og beskyttelse mot
effektar av klimaendringar.
I denne meldinga
gjer regjeringa greie for kunnskap, verkemiddel og status for arbeidet
med marine verneområde og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak.
Vidare gjer meldinga greie for arbeidet med marine verneområde og
andre effektive arealbaserte bevaringstiltak i internasjonale samarbeidsforum
så vel som internasjonale utviklingstrekk og Noregs rapportering
om oppfølginga av dei internasjonale måla. I kapittel 5 ligg tiltaka
frå regjeringa for å bevare viktige område for marin natur.