2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Eigil Knutsen og Julia Wong, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Hans Andreas Limi og Sylvi Listhaug, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Per Espen Stoknes, og frå Raudt, Bjørnar Moxnes, viser til at EU i mai 2019 vedtok nye reglar for bankar og andre kredittinstitusjonar om mellom anna kapitalkrav og krisehandtering. Samla vert desse gjerne omtala som EUs bankpakke.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt, viser til at ein med desse reglane har som ambisjon å klargjere reguleringa, justere reglar som har hatt utilsikta verknadar for einskilde føretak, og gjere det enklare for mindre og ikkje-komplekse føretak å oppfylle krav til mellom anna informasjonsplikt.

Fleirtalet viser til at gjeldande norsk regelverk må endrast for å gjennomføre forventa EØS-reglar som svarar til EUs bankpakke, og Prop. 147 LS (2020–2021) som komiteen no har til behandling, er framlegget frå regjeringa til korleis rettsaktene kan gjennomførast i norsk rett. I denne innstillinga handsamar finanskomiteen forslag til endringar i finansføretakslova, verdipapirhandellova og finanstilsynslova. Samtykke til å ta del i ei komande avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av rettsakta CRR2 og forordning (EU) 2020/873 i EØS-avtalen, jf. Grunnlova § 26 andre ledd, vert handsama i Innst. 553 S (2020–2021).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener rent prinsipielt at man i slike saker ikke bør bruke det nasjonale handlingsrommet til å påføre norske virksomheter en konkurranseulempe. Disse medlemmer mener derfor at særnorske tilpasninger i innskjerpende retning bør unngås, og at forskriftstekst bør være direktivnær for å sikre like konkurransevilkår. Bruk av nasjonalt handlingsrom i finansreguleringen bør kun nyttes dersom det finnes et reelt behov, og norske myndigheter må ikke alltid velge den mest konservative tilnærmingen. Disse medlemmer viser til at Finanstilsynets praktisering av regelverket er avgjørende for hvordan finansregelverket i realiteten gjennomføres. Disse medlemmer påpeker at denne praksisen bør baseres på klare kriterier, og at prinsippene om forutberegnelighet, transparens og kontradiksjon bør ligge til grunn for tilsynspraksis.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt påpeker at CRR2, CRD5, BRRD2 samt forordning (EU) 2020/873 er EØS-relevante rettsakter som enda ikke er behandlet av EØS-komiteen, og at det derfor er snakk om å gjøre lovendringer basert på førtidig gjennomføring av forventede EØS-regler. På prinsipielt grunnlag mener disse medlemmer det er feil at Stortinget gir sitt samtykke til innlemmelse i EØS-avtalen før EØS-komiteen har behandlet saken og det foreligger en EØS-komitébeslutning som Stortinget konkret kan ta stilling til innholdet i, jf. merknader og forslag i Innst. 553 S (2020–2021). Videre følger at lovendringene heller ikke bør gjøres på nåværende tidspunkt.

Disse medlemmer påpeker at det her fremmes forslag om å foreta lovendringer basert også på innlemmelse av CRD5 og BRRD2, selv om det ikke engang er fremmet en førtidig samtykkeproposisjon for disse rettsaktene.

Disse medlemmer er uenige i at lovendringene skal gjøres før Stortinget har gitt sitt samtykke til at forordningen skal innlemmes i EØS-avtalen, og vil vise til at disse medlemmer også tidligere, senest i forbindelse med Innst. 301 L (2020–2021) om verdipapirisering, gikk imot en slik behandlingsform. Disse medlemmer vil med bakgrunn i dette gå imot det fremlagte lovforslaget på nåværende tidspunkt.

Endringar i krisehandteringsregelverket

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt, viser til at BRRD2 endrar krisehandteringsregelverket frå 2014 (BRRD) på fleire punkt. Fleirtalet merkar seg at det er tilslutning frå høyringsinstansane til arbeidsgruppa sine framlegg til gjennomføring i norsk rett, og at regjeringa i all hovudsak følgjer opp desse framlegga og i tilstrekkeleg grad har teke omsyn til høyringsinstansane sine innspel.

Endringar i kapitalkravsregelverket

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt, viser til at proporsjonalitet er eit sentralt prinsipp i EUs bankpakke, og stiller seg bak dette. For fleirtalet er det sentralt at den regulatoriske byrda blir redusert for mindre føretak, og at det same gjeld rapporteringsbyrda.

Fleirtalet vil derfor understreke at det nasjonale handlingsrommet må utnyttast med sikte på å redusere dei regulatoriske kostnadane for mindre og ikkje-komplekse finansføretak, slik at desse kan vere konkurransedyktige overfor store nasjonale og internasjonale finansføretakskonsern. Det er etter synet til fleirtalet viktig å gje norske lokalbankar gode rammevilkår slik at dei kan konkurrere mot dei store regionbankane og dei utanlandske bankane i Noreg, og fleirtalet legg til grunn at regjeringa vil følgje opp dette perspektivet i det vidare arbeidet med forskriftsendringar.

Konklusjon

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt, sluttar seg til dei føreslåtte endringane i finansføretakslova, verdipapirhandellova og finanstilsynslova.