Felles
prinsipp for godtgjering
Utvalet har, i samsvar
med mandatet, greidd ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar
på alle forvaltningsnivå. Dette omfattar folkevalde både på Stortinget, i
regjeringa og i kommunane og fylkeskommunane og politiske verv og
stillingar dei same stadene. I regjeringa er til dømes statsrådar,
statssekretærar og politiske rådgivarar og andre som vert utnemnde
på politisk grunnlag, omfatta.
Det er naturleg nok
nokre ulikskapar mellom politikarar på høvesvis sentralt og lokalt
nivå, til dømes om det er eit heiltids- eller deltidsverv, og om
vervet/godtgjeringa kan føre til avkorting i ytingar frå Nav. Dette
må det takast omsyn til. Vidare må sjølvråderetten til kommunane
og fylkeskommunane leggjast til grunn ved vurderinga av prinsipp
for godtgjering for lokalpolitikarar.
Utvalet har vurdert
felles prinsipp for fastsetjing av «godtgjering» i seg sjølv, dvs.
berre sjølve honoraret/«løna». Utvalet har ikkje vurdert felles
prinsipp for andre typar ytingar eller former for utgiftsdekning
eller liknande. Utvalet skulle heller ikkje sjå på felles prinsipp
for økonomiske ordningar for fråtredde politikarar, slik som fråtredingsyting,
etterløn og pensjon. Ved vurderinga av prinsipp for godtgjering
på tvers av forvaltningsnivå må det likevel takast omsyn til forskjellar
i utforminga av det samla godtgjeringssystemet, til dømes ulikskapar
i pensjonsordningar og ytingar frå Nav.
Utvalet har vurdert
om det bør vere større grad av koordinering eller samordning mellom
ytingar for fleire politiske verv, oppnemningar osv. som ein person
har samtidig. Utvalet har sett på det generelle nivået på andre
ytingar eller former for utgiftsdekning ved vurderinga av nivået
på godtgjeringa.
Utvalet har sett
på korleis fastsetjinga av godtgjeringa vert gjord i grupper det
er naturleg å samanlikne seg med, og korleis godtgjeringa til politikarar
i andre nordiske land vert fastsett.
Ut over dei avgrensingane
og presiseringane som er gjorde ovanfor, kunne utvalet gjere sine
vurderingar på fritt grunnlag.