4.1 Prinsipp for godtgjeringar
Presidentskapet viser til
rapporten frå utvalet som vart nedsett for å greie ut felles prinsipp
for godtgjering til politikarar på alle forvaltningsnivå. Presidentskapet sluttar
seg til forslaget frå utvalet om at openheit om godtgjeringane er
eit heilt sentralt prinsipp for fastsetjing av godtgjering til folkevalde,
og at avgjerder om godtgjeringane i siste instans er ei politisk meir
enn ei fagleg avgjerd.
Presidentskapet sluttar seg
til at den generelle lønsutviklinga bør liggje til grunn for endringar
i godtgjeringane til statsminister, regjeringsmedlemer og stortingsrepresentantar.
Presidentskapet merkar seg
at utvalet meiner det vil vere uheldig om godtgjeringa til folkevalde
vert kopla til leiarar i staten, ei gruppe som har hatt ei sterkare
lønsutvikling enn befolkninga elles, og vidare at det, gitt Stortingets
konstitusjonelle status, vil vere uheldig at godtgjeringa til representantane
er styrt av korleis regjeringa løner statlege leiarar og embetsmenn. Presidentskapet understrekar
synspunktet til utvalet om at det er ein prinsipiell forskjell mellom
rolla til ein arbeidstakar og rolla til ein folkevald, og dermed
også mellom løna og godtgjeringa til dei to gruppene.
Presidentskapet merkar seg
at gjennomgangen utvalet har gjort, viser at norske politikarar
på nasjonalt nivå har hatt den same utviklinga i godtgjering som
lønsutviklinga i samfunnet generelt, og vidare at utvalet i rapporten
seier at norske stortingsrepresentantar har ei godtgjering som verken
er spesielt høg eller spesielt låg samanlikna med inntektsnivået
i Noreg sett i et nordisk perspektiv.
Presidentskapet sluttar seg
til prinsippet om at godtgjeringane bør sikre at alle kan vere folkevalde,
uavhengig av økonomisk bakgrunn, noko som inneber at godtgjeringa
til folkevalde må vere god nok.
Presidentskapet støttar forslaget
frå utvalet om at systemet med ulike nivå i godtgjeringane for statsminister,
statsrådar og stortingsrepresentantar bør vidareførast, og forslaget
frå fleirtalet i utvalet, som meiner at godtgjeringane bør endrast
med same prosentsats for statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar.
Presidentskapet er einig med
utvalet i at eit ansiennitetsprinsipp er i strid med det generelle
prinsippet om at alle (ordinære) folkevalde er likestilte.
Presidentskapet har merka
seg tilrådinga frå utvalet om at godtgjeringar til folkevalde som
har verv på fleire nivå, bør samordnast, slik at det samla nivået ikkje
vert oppfatta som urimeleg høgt. Presidentskapet vil oppfordre
til at stortingsrepresentantar ikkje tek imot godtgjeringar for
kommunale og fylkeskommunale folkevalde verv.
Presidentskapet viser til
at tilslutninga til prinsippa og konklusjonane til utvalet bør reflekterast
i regelverket om godtgjeringar til folkevalde. Etter stortingsgodtgjeringslova
§ 2 andre ledd andre punktum kan presidentskapet fastsetje nærmare
retningslinjer om verksemda til lønskommisjonen. Slike utfyllande reglar
vart gitt av presidentskapet 21. juni 1996 i medhald av stortingsvedtak
same dag. Det vart i tillegg gitt enkelte tilføyingar i retningslinjene
24. november 2005. Presidentskapet vil
utarbeide endringar i dei utfyllande retningslinjene, slik at dei
reflekterer dei prinsippa og konklusjonane som følgjer av behandlinga
av denne saka.