1.1.1 Innleiing
Klimautfordringa
er global, men utsleppa skjer gjennom handlingar og prosessar lokalt.
Noreg har, saman
med nesten alle landa i verda, forplikta seg gjennom Parisavtalen
til å kutte i utsleppa av klimagassar. Parisavtalen var eit vendepunkt
for verdssamarbeidet på klimaområdet og representerer, saman med
FNs klimakonvensjon, eit solid rammeverk for den framtidige globale
klimainnsatsen.
Målet i Parisavtalen
er å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under
2 gradar samanlikna med før-industrielt nivå og arbeide for å avgrense
temperaturauken til 1,5 gradar. Evna til å handtere skadeverknadene
av klimaendringane skal styrkjast i landa, og finansstraumar skal
stå meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling.
Noreg har meldt inn
ei forplikting under Parisavtalen om å redusere utsleppa av klimagassar
med minst 50 og opp mot 55 prosent innan 2030 samanlikna med 1990.
Det er eit avgjerande steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn
i 2050.
Kva Noreg og resten
av verda gjer dei neste ti åra, blir avgjerande for om vi maktar
å bremse dei menneskeskapte klimaendringane.
FNs berekraftsmål
utgjer det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største nasjonale
og globale utfordringane i tida vi lever i. Oppfølginga av Parisavtalen
er grunnlaget for å oppfylle berekraftsmål 13, som gjeld klimaet. Klimaendringar
og klimapolitikk vedkjem dei fleste samfunnsområda og dermed òg
mange andre berekraftsmål. I klimapolitikken til regjeringa er det
ein føresetnad at vi styrkjer velferda samstundes med at vi kuttar
utsleppa. Klimapolitikk kan ikkje sjåast på isolert, men som summen
av politikk på fleire område. Ei god samordning og ein heilskapleg
politikk for berekraftig utvikling i alle sektorane er nødvendige
for å nå klimamåla og for å sjå og nå fleire mål i samanheng. Det er
fleire element som må på plass for at samfunnet skal lukkast med
omstillinga. For å få framgang og utsleppsreduksjonar må ein òg
lukkast med å ta seg av andre omsyn, slik som økonomi, mattryggleik,
naturmangfald og klimatilpassing.
Dette krev ei stor
omstilling der vi kuttar utsleppa, ikkje utviklinga. Difor vil regjeringa
føre ein ambisiøs klimapolitikk som gjer at vi innfrir klimamåla
samstundes som vi legg til rette for fleire jobbar, styrkt velferd
og berekraftig vekst i norsk økonomi. Arbeidet for å stoppe klimaendringane
er ei stor utfordring, men også ei stor moglegheit for å skape eit
betre Noreg.
Grøn vekst er mogleg,
men det føreset ein politikk som sikrar at næringslivet kan utvikle
og ta i bruk den nye teknologien som erstattar dei fossile løysingane
frå gårdagen. Produkt og tenester må ha mykje lågare klimafotavtrykk
framover. Det må løne seg å investere i grøne løysingar.
2021 er det første
året der alle norske utslepp blir knytte til forpliktinga med EU.
Det markerer òg starten på ein ny måte å tenkje om klimapolitikken
for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa: Vi set ikkje berre mål om utsleppsreduksjonar
om ti år; vi har òg eit tak på kor mykje det er lov å sleppe ut
år for år. Budsjettet blir lågare fram mot 2030, der sluttmålet
for Noreg i klimaavtalen med EU er 40 prosent kutt i dei ikkje-kvotepliktige
utsleppa samanlikna med 2005.
Den forpliktinga
planlegg regjeringa for å overoppfylle. Med denne meldinga legg
vi fram ein plan for å innfri målet regjeringa har sett om 45 prosent
reduksjon i norske ikkje-kvotepliktige utslepp innan 2030.
Det er ikkje fastsett
eit nasjonalt mål for dei kvotepliktige utsleppa, slik det er for
dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene
skal saman redusere utsleppa slik at målet blir nådd. Norske verksemder
deltek på lik linje med verksemder i EU-landa i det europeiske kvotesystemet
for verksemdene. Kvoteprisen blir avgjord av marknaden, og utsleppa
blir kutta der det kostar minst. For å vise heilskapen i klimapolitikken
til regjeringa inkluderer meldinga ein omtale av korleis dei kvotepliktige
utsleppa kan reduserast, og verkemiddel for å oppnå dette. Mellom
anna skal staten støtte og leggje til rette for ytterlegare teknologiutvikling
i kvotepliktig sektor.
Skog og andre areal
har ei viktig rolle i klimasamanheng. Planen viser korleis regjeringa
ser for seg å auke opptaket og redusere utsleppa frå skog og andre
areal, samt å bruke fornybart skogråstoff i det grøne skiftet. Forpliktinga
for skog og arealbrukssektoren i klimaavtalen med EU er at utsleppa
ikkje skal overskride opptaket innanfor sektoren.
I utviklinga av planen
har vi teke høgd for uvisse knytt til mellom anna utsleppsutvikling,
effekten av klimapolitikken, den teknologiske utviklinga og kostnadene
ved klimatiltak.
Vi har eit ønske
om å halde fram med samarbeidet med EU om eit forsterka klimamål
òg. EU forsterka i desember 2020 klimamålet sitt for 2030. Det nye
målet er å redusere utsleppa med minst 55 prosent innan 2030. Målet
er formulert som eit netto-mål som tek med alt CO2-opptak i skog. Som følgje
av at EU forsterka klimamålet sitt, vil dei stramme inn på regelverket
for gjennomføringa av målet. Korleis vi gjennomfører det norske
målet for 2030, vil avhenge av korleis EU vil gjennomføre det forsterka
klimamålet sitt for 2030.
Innstrammingar i
regelverka kan føre til at Noreg får forpliktingar under regelverka
som vil krevje større utsleppskutt enn denne planen presenterer.
Det vil ta tid før dei nye regelverka er på plass. For at regelverka skal
gjelde for Noreg, må Stortinget gi samtykke. Dei nye regelverka
vil kanskje ikkje bli gjeldande før etter 2025. Det gir difor god
meining å planleggje for å gjennomføre måla vi har under regelverket
i dag, samstundes som vi har eigne ambisjonar som går lenger og
tek høgd for at planen kan måtte justerast undervegs. Norske utslepp skal
i alle tilfelle ned, og vi må gjere tiltak for å auke opptaket i
skogen.
Regjeringa vil undervegs
vurdere verkemiddelbruken i planen og korleis Noreg ligg an til
å nå klimamålet for 2030. Ved behov vil regjeringa justere verkemiddelbruken.
Regjeringa varslar i denne meldinga at ho jamleg vil leggje fram
klimameldingar, neste gong i 2024.
Klimautfordringane
er globale og kan berre løysast gjennom globalt samarbeid. Noreg
er ein stor bidragsytar internasjonalt for at landa skal auke klimaambisjonane for
å gjere det mogleg å nå temperaturmålet i Parisavtalen. Eit sterkt
klimadiplomati og støtte til arbeidet utviklingslanda gjer med klimatilpassing
og lågutsleppsutvikling, er viktig. Klima- og skoginitiativet er
Noregs største internasjonale klimasatsing og det viktigaste bidraget vårt
til å redusere utsleppa i utviklingslanda.
Regjeringa arbeider
for ei grøn omstilling etter koronakrisa, og i 2020 blei det løyvd
om lag 4,5 mrd. kroner til ei grøn omstillingspakke, med midlar
til forsking, innovasjon og grøn omstilling i næringsliv og kommunar.
I statsbudsjettet for 2021, som er eit spesielt budsjett på grunn
av koronasituasjonen, blir dei viktigaste klima- og miljøsatsingane
styrkte med om lag 11 mrd. kroner.
For å klare dei store
utsleppskutta må vi utvikle og bruke ny teknologi og nye løysingar
knytte til både produksjonen og bruken av varer og tenester. Auka
avgift på klimagassutsleppa saman med reguleringar og stønad til
forsking, innovasjon og teknologiutvikling vil bidra til ei berekraftig
utvikling. Næringspolitikken må gi klimakutt, og klimapolitikken
må gi næringsutvikling.
Langskip-prosjektet,
som handlar om å støtte fangst, transport og lagring av CO2 i Noreg, er ein milestein
i industri- og klimasatsinga til regjeringa. Prosjektet vil kutte
utslepp og leggje til rette for ny teknologi og dermed nye jobbar.
Sjølv om omstillinga
til meir berekraftige næringar kan gi meir verdiskaping på sikt,
vil ho òg ha kostnader. Ein offensiv klimapolitikk kan styrkje konkurransekrafta
i norsk økonomi og sikre oss mot endå større kostnader lenger fram
i tid. På kort sikt må vi prøve å unngå at dei negative konsekvensane
for den enkelte blir for store.
Norsk klimapolitikk
er tett samanvoven med europeisk klimapolitikk, både gjennom EØS-avtalen
og samarbeidet med EU om felles oppfylling av klimamålet for 2030.
Bedriftene konkurrerer i dei same marknadene. EUs ambisiøse klimamål
og oppfølginga av «Europas grøne giv», som er den grøne vekststrategien
EU har for eit klimanøytralt Europa, kjem til å påverke den grøne
omstillinga i Noreg.
Arbeidet med å vri
offentleg og privat finansiering i klimavenleg retning blir avgjerande.
Klimarisikoutvalet meinte at både offentleg og privat sektor treng
gode vurderingar av korleis lågutsleppsutviklinga vil påverke risikoen
til langsiktige investeringar og ei god handtering av risikoen.
For å hjelpe investorar med å redusere klimarisikoen sin og finansiere
grøne løysingar lagar EU no kriterium for kva som er ein berekraftig
økonomisk aktivitet.
På mange område ligg
norsk klimapolitikk langt føre andre land. I tillegg til kvotesystemet
har vi høgt generelt avgiftsnivå som famnar dei fleste ikkje-kvotepliktige
utsleppa. Vi leier an i satsinga på bruk av elbilar. Dessutan har
vi innført ei rekkje reguleringar, til dømes forbodet mot å fyre
med mineralolje og omsetningskrav for biodrivstoff både i vegtransporten
og luftfarten.
Dei norske klimagassutsleppa
går ned, og var i 2019 dei lågaste på 27 år. Utviklinga går i riktig
retning. Det skjer ikkje av seg sjølv, men på grunn av ein vellukka klimapolitikk.
Etter mange år med
aktiv klimapolitikk har vi mange av verktøya på plass i den klimapolitiske
verktøykassa. Regjeringa vil føre vidare og forsterke verkemiddel som
vi veit fungerer, slik at vi er så sikre som mogleg på å nå miljømåla,
og at vi gjer det til lågast moglege kostnader for samfunnet. Vi
vil greie ut og innføre nye verkemiddel som kan få utsleppa tilstrekkeleg
ned for å nå utsleppsmåla.
Sektorovergripande
verkemiddel som avgifter på utslepp av klimagassar og utsleppskvotar
er hovudverkemidla i klimapolitikken. Desse verkemidla set ein pris
på utslepp og gir alle hushald og bedrifter grunn til å redusere
utsleppa og utvikle og ta i bruk klimavenlege løysingar. Samstundes
sikrar dei at vi realiserer dei utsleppskutta som kostar minst.
Gode og føreseielege rammevilkår er avgjerande for næringslivet.
Det gjeld òg i klimapolitikken. Føreseielege rammevilkår er til
dømes viktige for at ei verksemd skal kunne gjere store investeringar
i klimavenlege teknologiar og løysingar. Det skal løne seg å velje
grønt. Difor vil vi auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp
av klimagassar gradvis til 2 000 kroner per tonn i 2030.
For at ein skal kunne
velje bort høgutsleppsløysingar, må det finnast lågutsleppsalternativ.
Saman med prisinga av utslepp vil regjeringa halde fram med økonomisk
stønad til å utvikle og ta i bruk ny teknologi.
Regjeringa vil bruke
innkjøpsmakta til det offentlege for å påskunde utviklinga, til
dømes med klimakrav i transportsektoren.
På område der regjeringa
meiner det er grunn til å varsle konkrete krav, vil desse i hovudsak
basere seg på å stille krav om låg- og nullutsleppsteknologi. Marknaden må
avgjere om svaret er elektrifisering, hydrogen, biogass eller noko
anna. Målet er utsleppskutt, ikkje å velje ein teknologi framfor
ein annan.
Sjølv om hovudverkemidla
er prising av utslepp, offentlege innkjøp og økonomisk stønad, vil
regjeringa òg ta i bruk reguleringar og eventuelle forbod der det
skulle vere nødvendig.
Natur og klima er
tett samanvovne. Det er i stor grad dei same drivarane som fører
til klimaendringar og øydelegging av naturen. Kombinasjonen av klimaendringar
og tapet av natur og økosystem kan gjere det vanskelegare å skaffe
mat til eit veksande folketal på jorda i tida fram mot 2050. Å nå
dei politiske måla for klima og naturmangfald går difor ofte, men
ikkje alltid, hand i hand. Noreg skal velje løysingar som er bra
for både klimaet og naturen, og vi jobbar for det same internasjonalt.
Vi peiker no ut kursen
mot 2030. Heile samfunnet må dra i same retninga for at vi skal
nå klimamåla og lukkast med det grøne skiftet.