Søk

Innhold

1. Sammendrag

1.1 Kutte utsleppa, ikkje utviklinga

1.1.1 Innleiing

Klimautfordringa er global, men utsleppa skjer gjennom handlingar og prosessar lokalt.

Noreg har, saman med nesten alle landa i verda, forplikta seg gjennom Parisavtalen til å kutte i utsleppa av klimagassar. Parisavtalen var eit vendepunkt for verdssamarbeidet på klimaområdet og representerer, saman med FNs klimakonvensjon, eit solid rammeverk for den framtidige globale klimainnsatsen.

Målet i Parisavtalen er å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 gradar samanlikna med før-industrielt nivå og arbeide for å avgrense temperaturauken til 1,5 gradar. Evna til å handtere skadeverknadene av klimaendringane skal styrkjast i landa, og finansstraumar skal stå meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling.

Noreg har meldt inn ei forplikting under Parisavtalen om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 og opp mot 55 prosent innan 2030 samanlikna med 1990. Det er eit avgjerande steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Kva Noreg og resten av verda gjer dei neste ti åra, blir avgjerande for om vi maktar å bremse dei menneskeskapte klimaendringane.

FNs berekraftsmål utgjer det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største nasjonale og globale utfordringane i tida vi lever i. Oppfølginga av Parisavtalen er grunnlaget for å oppfylle berekraftsmål 13, som gjeld klimaet. Klimaendringar og klimapolitikk vedkjem dei fleste samfunnsområda og dermed òg mange andre berekraftsmål. I klimapolitikken til regjeringa er det ein føresetnad at vi styrkjer velferda samstundes med at vi kuttar utsleppa. Klimapolitikk kan ikkje sjåast på isolert, men som summen av politikk på fleire område. Ei god samordning og ein heilskapleg politikk for berekraftig utvikling i alle sektorane er nødvendige for å nå klimamåla og for å sjå og nå fleire mål i samanheng. Det er fleire element som må på plass for at samfunnet skal lukkast med omstillinga. For å få framgang og utsleppsreduksjonar må ein òg lukkast med å ta seg av andre omsyn, slik som økonomi, mattryggleik, naturmangfald og klimatilpassing.

Dette krev ei stor omstilling der vi kuttar utsleppa, ikkje utviklinga. Difor vil regjeringa føre ein ambisiøs klimapolitikk som gjer at vi innfrir klimamåla samstundes som vi legg til rette for fleire jobbar, styrkt velferd og berekraftig vekst i norsk økonomi. Arbeidet for å stoppe klimaendringane er ei stor utfordring, men også ei stor moglegheit for å skape eit betre Noreg.

Grøn vekst er mogleg, men det føreset ein politikk som sikrar at næringslivet kan utvikle og ta i bruk den nye teknologien som erstattar dei fossile løysingane frå gårdagen. Produkt og tenester må ha mykje lågare klimafotavtrykk framover. Det må løne seg å investere i grøne løysingar.

2021 er det første året der alle norske utslepp blir knytte til forpliktinga med EU. Det markerer òg starten på ein ny måte å tenkje om klimapolitikken for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa: Vi set ikkje berre mål om utsleppsreduksjonar om ti år; vi har òg eit tak på kor mykje det er lov å sleppe ut år for år. Budsjettet blir lågare fram mot 2030, der sluttmålet for Noreg i klimaavtalen med EU er 40 prosent kutt i dei ikkje-kvotepliktige utsleppa samanlikna med 2005.

Den forpliktinga planlegg regjeringa for å overoppfylle. Med denne meldinga legg vi fram ein plan for å innfri målet regjeringa har sett om 45 prosent reduksjon i norske ikkje-kvotepliktige utslepp innan 2030.

Det er ikkje fastsett eit nasjonalt mål for dei kvotepliktige utsleppa, slik det er for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene skal saman redusere utsleppa slik at målet blir nådd. Norske verksemder deltek på lik linje med verksemder i EU-landa i det europeiske kvotesystemet for verksemdene. Kvoteprisen blir avgjord av marknaden, og utsleppa blir kutta der det kostar minst. For å vise heilskapen i klimapolitikken til regjeringa inkluderer meldinga ein omtale av korleis dei kvotepliktige utsleppa kan reduserast, og verkemiddel for å oppnå dette. Mellom anna skal staten støtte og leggje til rette for ytterlegare teknologiutvikling i kvotepliktig sektor.

Skog og andre areal har ei viktig rolle i klimasamanheng. Planen viser korleis regjeringa ser for seg å auke opptaket og redusere utsleppa frå skog og andre areal, samt å bruke fornybart skogråstoff i det grøne skiftet. Forpliktinga for skog og arealbrukssektoren i klimaavtalen med EU er at utsleppa ikkje skal overskride opptaket innanfor sektoren.

I utviklinga av planen har vi teke høgd for uvisse knytt til mellom anna utsleppsutvikling, effekten av klimapolitikken, den teknologiske utviklinga og kostnadene ved klimatiltak.

Vi har eit ønske om å halde fram med samarbeidet med EU om eit forsterka klimamål òg. EU forsterka i desember 2020 klimamålet sitt for 2030. Det nye målet er å redusere utsleppa med minst 55 prosent innan 2030. Målet er formulert som eit netto-mål som tek med alt CO2-opptak i skog. Som følgje av at EU forsterka klimamålet sitt, vil dei stramme inn på regelverket for gjennomføringa av målet. Korleis vi gjennomfører det norske målet for 2030, vil avhenge av korleis EU vil gjennomføre det forsterka klimamålet sitt for 2030.

Innstrammingar i regelverka kan føre til at Noreg får forpliktingar under regelverka som vil krevje større utsleppskutt enn denne planen presenterer. Det vil ta tid før dei nye regelverka er på plass. For at regelverka skal gjelde for Noreg, må Stortinget gi samtykke. Dei nye regelverka vil kanskje ikkje bli gjeldande før etter 2025. Det gir difor god meining å planleggje for å gjennomføre måla vi har under regelverket i dag, samstundes som vi har eigne ambisjonar som går lenger og tek høgd for at planen kan måtte justerast undervegs. Norske utslepp skal i alle tilfelle ned, og vi må gjere tiltak for å auke opptaket i skogen.

Regjeringa vil undervegs vurdere verkemiddelbruken i planen og korleis Noreg ligg an til å nå klimamålet for 2030. Ved behov vil regjeringa justere verkemiddelbruken. Regjeringa varslar i denne meldinga at ho jamleg vil leggje fram klimameldingar, neste gong i 2024.

Klimautfordringane er globale og kan berre løysast gjennom globalt samarbeid. Noreg er ein stor bidragsytar internasjonalt for at landa skal auke klimaambisjonane for å gjere det mogleg å nå temperaturmålet i Parisavtalen. Eit sterkt klimadiplomati og støtte til arbeidet utviklingslanda gjer med klimatilpassing og lågutsleppsutvikling, er viktig. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing og det viktigaste bidraget vårt til å redusere utsleppa i utviklingslanda.

Regjeringa arbeider for ei grøn omstilling etter koronakrisa, og i 2020 blei det løyvd om lag 4,5 mrd. kroner til ei grøn omstillingspakke, med midlar til forsking, innovasjon og grøn omstilling i næringsliv og kommunar. I statsbudsjettet for 2021, som er eit spesielt budsjett på grunn av koronasituasjonen, blir dei viktigaste klima- og miljøsatsingane styrkte med om lag 11 mrd. kroner.

For å klare dei store utsleppskutta må vi utvikle og bruke ny teknologi og nye løysingar knytte til både produksjonen og bruken av varer og tenester. Auka avgift på klimagassutsleppa saman med reguleringar og stønad til forsking, innovasjon og teknologiutvikling vil bidra til ei berekraftig utvikling. Næringspolitikken må gi klimakutt, og klimapolitikken må gi næringsutvikling.

Langskip-prosjektet, som handlar om å støtte fangst, transport og lagring av CO2 i Noreg, er ein milestein i industri- og klimasatsinga til regjeringa. Prosjektet vil kutte utslepp og leggje til rette for ny teknologi og dermed nye jobbar.

Sjølv om omstillinga til meir berekraftige næringar kan gi meir verdiskaping på sikt, vil ho òg ha kostnader. Ein offensiv klimapolitikk kan styrkje konkurransekrafta i norsk økonomi og sikre oss mot endå større kostnader lenger fram i tid. På kort sikt må vi prøve å unngå at dei negative konsekvensane for den enkelte blir for store.

Norsk klimapolitikk er tett samanvoven med europeisk klimapolitikk, både gjennom EØS-avtalen og samarbeidet med EU om felles oppfylling av klimamålet for 2030. Bedriftene konkurrerer i dei same marknadene. EUs ambisiøse klimamål og oppfølginga av «Europas grøne giv», som er den grøne vekststrategien EU har for eit klimanøytralt Europa, kjem til å påverke den grøne omstillinga i Noreg.

Arbeidet med å vri offentleg og privat finansiering i klimavenleg retning blir avgjerande. Klimarisikoutvalet meinte at både offentleg og privat sektor treng gode vurderingar av korleis lågutsleppsutviklinga vil påverke risikoen til langsiktige investeringar og ei god handtering av risikoen. For å hjelpe investorar med å redusere klimarisikoen sin og finansiere grøne løysingar lagar EU no kriterium for kva som er ein berekraftig økonomisk aktivitet.

På mange område ligg norsk klimapolitikk langt føre andre land. I tillegg til kvotesystemet har vi høgt generelt avgiftsnivå som famnar dei fleste ikkje-kvotepliktige utsleppa. Vi leier an i satsinga på bruk av elbilar. Dessutan har vi innført ei rekkje reguleringar, til dømes forbodet mot å fyre med mineralolje og omsetningskrav for biodrivstoff både i vegtransporten og luftfarten.

Dei norske klimagassutsleppa går ned, og var i 2019 dei lågaste på 27 år. Utviklinga går i riktig retning. Det skjer ikkje av seg sjølv, men på grunn av ein vellukka klimapolitikk.

Etter mange år med aktiv klimapolitikk har vi mange av verktøya på plass i den klimapolitiske verktøykassa. Regjeringa vil føre vidare og forsterke verkemiddel som vi veit fungerer, slik at vi er så sikre som mogleg på å nå miljømåla, og at vi gjer det til lågast moglege kostnader for samfunnet. Vi vil greie ut og innføre nye verkemiddel som kan få utsleppa tilstrekkeleg ned for å nå utsleppsmåla.

Sektorovergripande verkemiddel som avgifter på utslepp av klimagassar og utsleppskvotar er hovudverkemidla i klimapolitikken. Desse verkemidla set ein pris på utslepp og gir alle hushald og bedrifter grunn til å redusere utsleppa og utvikle og ta i bruk klimavenlege løysingar. Samstundes sikrar dei at vi realiserer dei utsleppskutta som kostar minst. Gode og føreseielege rammevilkår er avgjerande for næringslivet. Det gjeld òg i klimapolitikken. Føreseielege rammevilkår er til dømes viktige for at ei verksemd skal kunne gjere store investeringar i klimavenlege teknologiar og løysingar. Det skal løne seg å velje grønt. Difor vil vi auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar gradvis til 2 000 kroner per tonn i 2030.

For at ein skal kunne velje bort høgutsleppsløysingar, må det finnast lågutsleppsalternativ. Saman med prisinga av utslepp vil regjeringa halde fram med økonomisk stønad til å utvikle og ta i bruk ny teknologi.

Regjeringa vil bruke innkjøpsmakta til det offentlege for å påskunde utviklinga, til dømes med klimakrav i transportsektoren.

På område der regjeringa meiner det er grunn til å varsle konkrete krav, vil desse i hovudsak basere seg på å stille krav om låg- og nullutsleppsteknologi. Marknaden må avgjere om svaret er elektrifisering, hydrogen, biogass eller noko anna. Målet er utsleppskutt, ikkje å velje ein teknologi framfor ein annan.

Sjølv om hovudverkemidla er prising av utslepp, offentlege innkjøp og økonomisk stønad, vil regjeringa òg ta i bruk reguleringar og eventuelle forbod der det skulle vere nødvendig.

Natur og klima er tett samanvovne. Det er i stor grad dei same drivarane som fører til klimaendringar og øydelegging av naturen. Kombinasjonen av klimaendringar og tapet av natur og økosystem kan gjere det vanskelegare å skaffe mat til eit veksande folketal på jorda i tida fram mot 2050. Å nå dei politiske måla for klima og naturmangfald går difor ofte, men ikkje alltid, hand i hand. Noreg skal velje løysingar som er bra for både klimaet og naturen, og vi jobbar for det same internasjonalt.

Vi peiker no ut kursen mot 2030. Heile samfunnet må dra i same retninga for at vi skal nå klimamåla og lukkast med det grøne skiftet.

1.1.2 Ambisjonane regjeringa har for eit meir klimavenleg Noreg fram mot 2030

Dei neste ti åra skal Noreg gå gjennom ei grøn omstilling som vil prege heile samfunnet. Regjeringa vil føre ein klimapolitikk som bidreg til betre liv for folk og skaper rom for næringslivet til å vekse. Klimapolitikken vil aldri bli betre enn summen av frie val frå millionar av menneske. Regjeringa skal leggje til rette for at det er mogleg å velje det klimavenlege slik at vi skaper meir fridom for alle.

Enklare for folk å reise klimavenleg

I 2030 skal folk enkelt kunne reise utan utslepp.

Miljøvenleg transport er bra for samfunnet. Elbilar og elbussar gir betre luft i byane, og stillegåande hurtigbåtar gir meir komfortable reiser for pendlarane. Dersom færre køyrer bil, blir det mindre kø for dei som treng å bruke vegen. Tryggleiken på vegane aukar når gods blir frakta med båt eller med tog.

Dei som ikkje køyrer bil, må ha gode alternativ. Det skal difor bli endå enklare for folk å gå, sykle eller reise kollektivt til jobb, skole og fritidsaktivitetar. Å gå og sykle er bra for helsa til folk. Vi skal halde fram med å byggje tettare i område som allereie er bygde ut, både i byar og på mindre stader.

Sidan toppåret i 2015 har dei årlege utsleppa av klimagassar frå vegtrafikken gått ned frå 10,1 til 8,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2019. Satsinga regjeringa har hatt på kollektivreiser, gir gode resultat.

Totalt har vi sett ein auke i kollektivtransporten på 157 millionar reisande frå 561 millionar reisande i 2013 til 718 millionar reisande i 2019.

Næringslivet skal kunne transportere meir effektivt og miljøvenleg

Noreg er allereie verdsleiande når det gjeld delen elbilar av personbilparken, og vi legg til rette for den same utviklinga for næringstransporten. Auken i lette elvarebilar går raskare enn han har gjort for personbilar. Gjennom avgiftsfritak og stønad frå Enova jobbar staten for at verksemder skal ha fridom og høve til å velje ein nullutsleppsbil.

Utviklinga er meir langsam for den tyngre næringstransporten, men ho vil truleg skyte fart det neste tiåret. Regjeringa vil leggje til rette for at det blir lønsamt og attraktivt å frakte gods med utsleppsfrie lastebilar. Norsk næringsliv kan gå føre i det grøne teknologiskiftet i transportsektoren.

Sjøfarten utgjer store delar av utanrikstransporten og nyttar mange anløpsstader langs kysten. Utbygging av landstraum, ladestraum og etter kvart infrastruktur for alternativt drivstoff som hydrogen, ammoniakk og biodrivstoff er nødvendig for å leggje til rette for nullutsleppstransport til sjøs. Enova bidreg til utbygginga av denne typen infrastruktur.

Aktørar i næringslivet har teke initiativ til eit privat-offentleg samarbeid for å setje fart på utviklinga. I Grønt skipsfartsprogram og Grønt landtransportprogram blir det utvikla pilotar og delt kunnskap og erfaring for å bryte ned barrierar og redusere risikoen for enkeltaktørane. Regjeringa vil fortsetje det gode samarbeidet for å påskunde utviklinga.

Ei verdsleiande maritim næring

I 2030 skal norsk innanriks sjøfart og fiske ha halvert utsleppa sine samanlikna med tala for 2005. Næringa ligg langt framme på grøn omstilling i fleire segment av skipsfarten. Det skal vi byggje vidare på. I løpet av 2020 blei 26 ferjesamband elektrifiserte, og i 2022 vil det truleg vere rundt 70 elferjer i drift. Elektriske hurtigbåtar kjem. Den første hydrogendrivne hurtigbåten er i ferd med å bli utvikla, og regjeringa vil lyse ut anbod for hydrogenferje i Vestfjorden.

Omstillingstakta må auke for å innfri ambisjonane. Difor vil regjeringa halde fram med satsinga på grøn skipsfart. Det er nødvendig med ei kraftig satsing på å utvikle og bruke null- og lågutsleppsteknologi for å bidra til grøn flåtefornying og betra konkurransekraft i sektoren.

Ved å kombinere prising av utslepp, stønad til innovasjon og krav vil staten gjere sitt til at denne omstillinga held fram.

Gode liv i heile landet

Framleis spreidd busetnad krev ein aktiv politikk som gjer det mogleg for folk å leve gode liv både i byane og på mindre stader.

Attraktive byar med levande bymiljø kombinerer større tettleik med effektive transportløysingar og høg livskvalitet. God utnytting av allereie utbygde areal kuttar utslepp frå transport, avgrensar tapet av natur og naturmangfald og reduserer behovet for bygging av infrastruktur, slik som veg, vatn og avløp.

I distrikta òg er det viktig at areala blir nytta på ein måte som gir låge utslepp. Samstundes vil det oftare vere behov for å køyre bil på mindre stader enn i dei store byane. Elbil skal då vere det naturlege valet. Dette krev mellom anna at alle i distrikta har gode moglegheiter for lading.

Primærnæringane er viktige i den grøne omstillinga. Dei leverer biologisk råstoff, mellom anna frå skog, som kan erstatte materialar og energi med høgare utslepp. Dessutan bidreg dei i aukande grad med klimatilpassa og berekraftig matproduksjon.

Bygningane som folk bur og jobbar i, må vere klimavenlege både når dei blir bygde, og når dei blir brukte. Staten er eigar av mange bygningar i heile landet og vil gå føre som eit godt døme gjennom å nytte felles klima- og miljøambisjonar for statlege bygg og eigedommar. Ambisjonane skal gjelde for staten både som byggherre, eigedomsforvaltar og leigetakar.

Sunn, berekraftig og klimavenleg mat på bordet

Norske bønder har lagt ein ambisiøs plan for å kutte eigne utslepp. Regjeringa støttar det viktige klimaarbeidet til bonden.

Jordvernet har høg prioritet i denne regjeringa. Vi har nådd målet om å avgrense omdisponeringa av dyrka jord for tredje året på rad. Likevel går stadig noko av matjorda tapt både ved nedbygging og ved svekking av jordsmonnet. Det er viktig for regjeringa å stoppe tæringa og helst auke opptaket av karbon. Dette står sentralt i klimaavtalen med jordbruket.

Det skal bli enklare for folk å velje sunn, berekraftig og klimavennleg mat. Staten vil gå føre som eit godt døme ved å kjøpe sunnare og meir berekraftig og klimavenleg mat i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet og redusere matsvinnet.

Industri for framtida

I 2030 er målet at Noreg skal ha ein konkurransedyktig industri som produserer varer og produkt med låge utslepp. Store delar av industrien er omfatta av kvotesystemet til EU og har gjennom det ein pris på utsleppa sine. Framover blir det nødvendig for verksemder å ha god oversikt over viktig klimarisiko og at dei tek omsyn til denne i planlegginga og investeringane sine. Lukkast vi med klimaomstillinga, har vi òg gode føresetnader for å skape og omstille til trygge arbeidsplassar til folk i heile landet. Di meir verda etterspør fornybar energi og klimavenlege produkt, dess betre er det for norsk industri at Noreg er tidleg ute med omstillinga til slike produkt og slik produksjon.

Regjeringa arbeider for at klimapolitikken skal skape vekst, ikkje bidra til at verksemder og aktivitet flyttast ut av landet. Skattesystemet skal fremje vekst og leggje til rette for styrkt konkurransekraft og at det blir skapt fleire nye og lønsame arbeidsplassar. Regjeringa har senka skatten på næring og formue. Lågare skattar og avgifter for næringslivet bidreg til å styrkje konkurransekrafta samstundes som utsleppa går ned.

Klimapolitikken i Europa fører til at prisen aukar på elektrisk kraft. Land som ønskjer det, kan betale stønad til delar av næringslivet for å kompensere verksemdene for den auken i kraftprisen som kjem av det europeiske kvotesystemet. Formålet er å motverke at industri i Noreg og resten av Europa flyttar ut eller blir utkonkurrert av verksemder i land med mindre streng klimapolitikk. Regjeringa arbeider med å vurdere korleis den norske kompensasjonsordninga kan bli vidareført for åra etter 2020. I tillegg vil stønad til utvikling av lågutsleppsteknologiar i industrien bidra til å redusere risiko for karbonlekkasje. Slik kan vi kombinere effektiv klimapolitikk med effektiv industri.

Regjeringa arbeider opp mot EU-kommisjonen for å sikre gode rammevilkår for norsk næringsliv. Norsk næringsliv skal sikrast god samkøyring med EU-programma for å utnytte den forskinga som skjer der, og moglegheiter for forskingsfinansiering.

Energinasjonen Noreg

I 2030 vil Noreg vere ein stor produsent av fornybar energi, samstundes som petroleumsnæringa utvinn olje og gass effektivt og med låge utslepp og medverkar til å utvikle og ta i bruk ny teknologi.

For å sørgje for industriutvikling og framtidige arbeidsplassar blir det viktig å sjå samanhengen mellom petroleumsproduksjon og utbygging av fornybar energi. Gjennom kraft frå land til norsk sokkel er kraftsystemet på land og olje- og gassproduksjonen knytte tett saman.

Regjeringa satsar allereie på kraft frå havvind. Det gjer at vi vil produsere fornybar energi både på land og til sjøs. Det største prosjektet i verda for flytande havvind, Hywind Tampen, er leidd av Equinor og støtta av Enova og Næringslivets NOx-fond. Det skal forsyne olje- og gassinstallasjonar på Snorre- og Gullfaksfelta med fornybar kraft. I 2021 opnar fleire område på norsk sokkel for havvindproduksjon.

Aktiviteten på norsk sokkel kjem til å sjå annleis ut i 2030. Dei store olje- og gassfelta blir gradvis tomme. Næringa finn stadig færre store felt. Den globale etterspurnaden etter olje og gass blir òg påverka av teknologiutviklinga og det at land gjennomfører klimatiltak for å nå klimamåla i Parisavtalen. Utviklinga framover krev omstilling og tilpassing. Då blir det sentralt at kompetansen og teknologien i petroleumsnæringa blir overførte til andre område.

Petroleumspolitikken må i endå større grad bidra til industriell utvikling i andre næringar. Regjeringa vil i løpet av våren 2021 leggje fram ei melding for Stortinget om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Både olje, gass og fornybar energi vil bidra til verdiskaping, velferd og lønsame arbeidsplassar i framtida. Gjennom meldinga vil regjeringa synleggjere korleis vi kan skape industriutvikling framover og nå målet sett av Stortinget om å halvere utsleppa frå norsk sokkel innan 2030.

Å nå klimamåla vil krevje elektrifisering i fleire sektorar, frå transport til industri til olje- og gassproduksjon. Det føreset både tilgang på kraft og eit godt, fleksibelt straumnett.

Utvikling og produksjon av batteri er nødvendig for ei ytterlegare elektrifisering av transportnæringane nasjonalt og internasjonalt. Noreg og norsk industriverksemd har eit stort potensial for grøn vekst knytt til etablering og produksjon av råvarer til batteri, battericeller og attvinning av materialar frå batteri.

Hydrogen er eit område der Noreg har eit stort potensial. Regjeringa vil i stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping leggje fram eit vegkart for hydrogen. Hydrogenstrategien som regjeringa la fram i juni 2020, syner at Noreg kan gi eit viktig bidrag på vegen mot eit lågutsleppsamfunn, særleg innanfor transport og industri.

På land har Noreg eit stort potensial for produksjon av bioenergi gjennom ressursane i skog- og jordbruk. Å utnytte berekraftig biomasse til energi og varme er ei vinn-vinn-løysing, særleg om det erstattar fossil energi. Saman med kollektive løysingar som fjernvarme og bruk av spillvarme kan stasjonære varmeløysingar som nytter biomasse, gi auka fleksibilitet og bidra til å avlaste straumnettet i periodar med høg belasting.

Det grøne kunnskapssamfunnet

Grøn plattform-samarbeidet er det nye tiltaket regjeringa har sett i verk for ein koordinert, forsterka og målretta innsats for å stimulere til grøn omstilling i næringslivet.

Noreg har tilgang på det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda, Horisont 2020, gjennom EØS-avtalen. Når om lag 93 prosent av Horisont 2020-midlane er fordelte, har nesten 14 mrd. kroner funne vegen frå Brussel til norske forskings- og innovasjonsmiljø. Noreg har fått særskilt mange prosjekt innan klima, miljø og energi.

Høg kompetanse hos nordmenn er eit sentralt konkurransefortrinn for norsk næringsliv. Heile utdanningssystemet – frå skolar til høgare utdanning – bidreg til å gi nye moglegheiter og reduserte utslepp i framtida.

Berekraftig forvaltning av skog og andre grøne areal

Berekraftig forvaltning av skog og grøne areal er ein viktig del av løysinga på global oppvarming. I 2030 er målet for Noreg at utslepp frå skog- og arealbrukssektoren ikkje skal vere større enn opptaket i sektoren. I Noreg skal vi forvalte areal, skog og ressursar på ein berekraftig måte og leggje til rette for eit høgt opptak og låge utslepp.

Berekraftig forvaltning av skogen skal medverke til både opptak og lagring av CO2 og til forsyning av fornybart råstoff som kan erstatte fossil energi og materialar. Vi skal i endå større grad innrette skogforvaltninga for å auke opptaket av CO2 og leggje til rette for at skogområda blir større slik at opptaket aukar. Bruken av skogen skal kombinerast med vern og andre miljøomsyn for å sikre berekraftig skogsdrift der naturmangfald og økosystemtenester blir tekne vare på.

1.1.3 Oppsummering av klimaplanen

Innleiing

Med planen vil Noreg samla sett vere på god kurs til å nå det forsterka klimamålet om 50–55 prosent kutt innan 2030, samt det langsiktige målet om 90–95 prosent kutt innan 2050. Planen inneheld politikk for å redusere dei kvotepliktige og dei ikkje-kvotepliktige utsleppa, for å auke opptaket av CO2 og redusere utsleppa frå skog og anna arealbruk. Ikkje minst seier planen korleis vi skal vurdere å justere politikken undervegs om det trengst for å nå klimamålet. Eit sentralt element i planen er konkret politikk for å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 prosent. Det gjer oss godt rusta når EU forsterkar klimaregelverket sitt. Forpliktinga vi har no er å kutte ikkje-kvotepliktige utslepp med 40 prosent, anten i Noreg eller i andre europeiske land.

Regjeringa har eit mål om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 prosent frå 2005 til 2030. Omrekna til eit utsleppsbudsjett svarer målet til at vi kan sleppe ut maksimalt 201,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar over dei neste ti åra. Med gjeldande politikk ligg vi an til å sleppe ut 218,4 millionar tonn. Vi vil difor innføre ny politikk som kuttar norske ikkje-kvotepliktige utslepp med minst 16,6 millionar tonn meir over perioden for å kome i mål. Totalt har vi berekna at planen vi no legg fram, vil kutte utsleppa med 20 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er meir enn vi treng for å nå 45 prosent-målet i Granavolden-plattforma.

I klimaavtalen med EU er vi dessutan forplikta til at utslepp frå skog og annan arealbruk ikkje skal overskride opptaket innanfor skog- og arealbrukssektoren i sum for perioden 2021–2030. Førebelse utrekningar tilseier at vi kan få eit netto utslepp på om lag 18 millionar tonn CO2-ekvivalentar om ein reknar med ein kompensasjonsmekanisme som EU-regelverket inneheld. Utan denne kompensasjonsmekanismen ligg vi an til å få eit utslepp på om lag 27 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Regjeringa legg fram verkemiddel som vil auke opptaket av CO2 og redusere klimagassutsleppa frå skog og annan arealbruk.

Regjeringa reknar med at EUs kvotesystem vil bli stramma inn meir enn det systemet legg opp til per i dag, slik at kvotemengda og dermed utsleppa går ytterlegare ned. Planen for dei kvotepliktige utsleppa gjer den norske industrien og petroleumsverksemda godt rusta for eit strammare kvotesystem og for omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Dei viktigaste elementa i gjeldande klimapolitikk

Noreg var eitt av dei første landa i verda som allereie i 1991 vedtok ei CO2-avgift. Norske bedrifter har delteke i EUs kvotehandelssystem sidan 2008 gjennom EØS-avtalen.

Klimaavgiftene bidreg saman med kvotesystemet i dag effektivt til å kutte i utsleppa av klimagassar på tvers av sektorane. Desse to verkemidla dekker over 80 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. I tillegg bidreg måten bilavgiftene er innretta på, til at folk vel nullutsleppskøyretøy.

Gjennom Forskingsrådet støttar vi forsking, kompetanse og innovasjon i både akademia og næringslivet. Gjennom Enova støttar vi utviklinga av nye teknologiar og hjelper desse raskare ut i marknaden. Innovasjon Noreg bidreg til berekraftig vekst og eksport. Vi støttar viktig klimaarbeid i kommunar og fylke gjennom Klimasats, og Nysnø bidreg med kapital til investeringar i ny klimavenleg teknologi.

Sidan oppstarten i 2001 har Enova medverka til å realisere over 7 000 ulike energi- og klimaprosjekt. Enova blir i 2021 tilført 3,3 mrd. kroner som dei skal bruke til å støtte opp om framtidsløysingar. Dette er ein auke på 1,6 mrd. kroner frå nivået i 2013. 1 300 ulike prosjekt i kommunar over heile landet har fått stønad frå Klimasats.

I storbyområda legg byvekstavtalane til rette for godt samarbeid mellom stat og kommune om ei samordna areal- og transportplanlegging, ei storstilt satsing på kollektivtransporten og å få til betre løysingar for å heller velje å sykle og gå. For å følgje opp Nasjonal transportplan er det i dei årlege budsjetta i dei seinare åra løyvd meir pengar til jernbane enn nokon gong tidlegare.

Vi stiller minstekrav til verksemdene gjennom forureiningslova, og vi har ei forventning om at kommunane og fylkeskommunane legg vekt på arbeidet med å redusere klimagassar i planlegginga si.

Vi skal byggje vidare på desse verkemidla, og vi skal introdusere nye.

Uvissa knytt til utsleppsutvikling, effekten av klimapolitikken, den teknologiske utviklinga og kostnadene ved utsleppsreduksjonar vil vere betydeleg langt inn i perioden 2021–2030. I tillegg kan innstrammingar i EUs klimaregelverk som følgje av at EU har forsterka 2030-målet sitt føre til at Noreg får strengare forpliktingar under desse regelverka. Difor har strategien både høgt ambisjonsnivå og er fleksibel.

Kutte dei norske utsleppa utan å auke dei globale utsleppa

Sjølv om Noreg, som andre land, har forplikta seg til å kutte eigne utslepp, er det viktig at verkemidla vi innfører, òg er fornuftige i global samanheng. Avtalen med EU bidreg til å unngå at europeiske utslepp aukar som følgje av norsk klimapolitikk. EU-landa er òg forplikta til å redusere utsleppa sine.

Verda er ikkje tent med at Noreg driv ein politikk som medverkar til karbonlekkasje. Det vil seie at vi reduserer utsleppa i Noreg på ein måte som bidreg til å auke utsleppa i andre land, anten direkte eller indirekte. Ei slik omstilling blir ikkje berekraftig, og ho vanskeleggjer grøn omstilling i andre land.

Dei mest sentrale sektorane i meldinga, slik som transport og jordbruk, er i stor grad skjerma mot fare for karbonlekkasje. Det er først og fremst industrien som kan vurdere å flytte ut av landet dersom klimaverkemidla gir lite konkurransedyktige rammevilkår. Samstundes er det, for mange varer og tenester som blir produserte og konsumerte innanlands, potensiell konkurranse frå utanlandske aktørar. Dette er det teke omsyn til i verkemiddelforslaga i meldinga.

Risikoen for karbonlekkasje er først og fremst knytt til import av varer og innsatsfaktorar med store klimafotavtrykk i land utanfor EU ved at norsk forbruk aukar utsleppa andre stader.

I meldinga legg regjeringa opp til avgrensa bruk av konvensjonelt biodrivstoff, fordi globale utslepp i verste fall kan stige som følgje av auka avskoging i produksjonslanda. Risikoen for karbonlekkasje er òg årsaka til at meldinga legg opp til at ei produksjonsomlegging i jordbruket må starte med endring i kosthald og matsvinn, slik at resultatet ikkje blir auka import. Samstundes må jordbruket starte førebuinga i dag på ei nær framtid med andre forbruksmønster i tråd med helse- og klimamål.

Dei viktigaste endringane for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa

I meldinga varslar regjeringa ny politikk på fleire viktige område for å få ned dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa i eit raskare tempo. Det gjeld utslepp frå transport, jordbruk og visse andre kjelder.

Regjeringa vurderer at dei verkemidla vi fremjar i denne planen, er nok til å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa med 45 prosent innan 2030 og dermed nå målet til regjeringa. Då innfrir vi samstundes den delen av den norske klimaforpliktinga overfor EU som gjeld desse utsleppa, der målet er 40 prosent kutt. Det er stor uvisse, og utsleppsreduksjonane kan bli både mindre og større enn anslått.

Grønt skatteskifte

Regjeringa vil auke avgiftene på utslepp av klimagassar og samstundes senke andre skattar og avgifter for dei gruppene som blir trefte av avgifta. Slik gjer vi det meir lønsamt å velje klimavenleg. CO2-avgifta, som i dag er på om lag 590 kroner, blir fram mot 2030 auka til 2 000 kroner. Regjeringa vurderer at dette er tilstrekkeleg til å oppfylle forpliktinga i avtalen med EU om 40 prosent reduksjon til 2030.

Utsleppa av CO2 frå vegtrafikken må reduserast vidare, og måltala for nullutsleppskøyretøy frå NTP 2018–2029 ligg fast. Det er difor viktig at bilavgiftene, saman med andre verkemiddel, framleis stimulerer til reduserte utslepp av CO2 og innfasing av nullutsleppsbilar.

Fase inn låg- og nullutslepp

Regjeringa vil, når teknologien ligg til rette for det, stille krav om låg- og nullutsleppteknologi. Frå 2022 tek regjeringa sikte på å innføre krav som sikrar nullutslepp i offentlege kjøp av personbilar og lette varebilar. Frå 2025 kjem det tilsvarande krav til bybussar. Det skal vurderast korleis kravet for bybussar kan innrettast slik at det òg omfattar bussar som går på biogass. Desse krava er viktige for å bidra til å innfri måltala for nullutsleppskøyretøy frå NTP 2018–2029. I planen blir det òg varsla låg- og nullutsleppskriterium frå 2023, der det ligg til rette for det, for nye ferjeanbod og noko seinare for alle nye hurtigbåtanbod. Krava til låg- eller nullutslepp for servicefartøy i havbruksnæringa tek vi sikte på å innføre trinnvis frå 2024.

Regjeringa legg til grunn ei gradvis utfasing av bruken av fossile brensel til energiformål i industrien utanfor kvotesystemet fram mot 2030 og bruken av fossil gass til mellombels byggvarme og byggtørk fram mot 2025. Eit viktig verkemiddel for å oppnå dette er den gradvise opptrappinga av CO2-avgifta. Viss det blir behov for det, vil regjeringa fortløpande vurdere ytterlegare verkemiddel, irekna eit eventuelt forbod.

Auka bruk av klimakrav i offentlege innkjøp

Regjeringa vil stille klimakrav i fleire offentlege kjøp. Regjeringa tek sikte på å leggje til rette for at anleggsplassane i transportsektoren skal vere fossilfrie innan 2025. Regjeringa vil òg arbeide for at det offentlege stiller klima- og miljøkrav når vi kjøper mat og måltidstenester.

Spisse Enova som klimaverkemiddel

Regjeringa spissar Enova som teknologi- og klimaverkemiddel med nytt formål om at Enova skal medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar for ikkje-kvotepliktige utslepp og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Meir bruk av berekraftig biodrivstoff

Regjeringa vil erstatte fossilt drivstoff med berekraftig biodrivstoff i vegtransport, anleggsdiesel, luftfart og skipsfart. Omsetningskravet for vegtransporten skal auke mot 2030, slik at volumet av biodrivstoff som vi har i dag, blir halde ved lag. I tillegg tek regjeringa sikte på å innføre omsetningskrav for biodrivstoff i anleggsdiesel og i skipsfart frå 2022. Kravet for anleggsdiesel skal gradvis bli trappa opp til same nivået som omsetningskravet for vegtrafikken. Regjeringa meiner det bør vere eit felles omsetningskrav for vegtrafikk og anleggsdiesel, og vil greie ut om dette kan gjelde for skipsfarten òg. Regjeringa vil vurdere, og eventuelt justere, omsetningskrava for biodrivstoff med to års intervall. Første vurderinga vil skje i 2022. Regjeringa vil sjå an erfaringane med omsetningskravet for avansert biodrivstoff i luftfart og deretter vurdere ei mogleg opptrapping.

Utsleppskutt i jordbruket

Regjeringa legg intensjonsavtalen med organisasjonane i jordbruket til grunn for klimaarbeidet i jordbruket framover. I avtalen har partane forplikta seg til å redusere utsleppa og auke opptaket med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar samla i tiårsperioden 2021–2030.

Tiltaka og verkemidla for å følgje opp klimaarbeidet skal vi vurdere i dei årlege jordbruksforhandlingane. Klimatiltak i jordbruket skal ikkje medføre auka subsidiar. Intensjonsavtalen med jordbruket kan heller ikkje leggje bindingar på statens verkemiddelbruk. Klimaeffekten av jordbruksoppgjeret skal vi synleggjere i dei årlege proposisjonane som omhandlar jordbruksavtalen.

Andre utsleppskutt

Regjeringa vil redusere utsleppa frå bruk av fluorhaldige gassar i produkt.

Prosjektet Langskip for fangst, transport og lagring av CO2 legg til rette for framtidige prosjekt som kan gi reduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, til dømes frå avfallsforbrenning, som ved Fortum Oslo Varme. Regjeringa legg opp til å støtte Fortum Oslo Varmes CO2-fangstprosjekt, med den føresetnaden at prosjektet får tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder.

Dei viktigaste endringane innan skog- og arealbruk

Skogen står for eit stort CO2-opptak og leverer råstoff og fornybar energi som kan erstatte produkt med høgare utslepp i andre sektorar. Skog og andre grøne areal er i tillegg store lager for karbon. Difor legg regjeringa fram forslag til ei rekkje tiltak for å auke opptaket i skog og ta vare på karbonlagera i jordsmonnet i skog, jordbruksareal og andre grøne areal. Dette vil vere viktige bidrag for å nå klimamåla for 2030, men i endå større grad for å nå dei langsiktige klimamåla.

Regjeringa vil vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog, innføre krav om minstealder for hogst i lov og forskrift og leggje til rette for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium. Planen inkluderer dessutan ein omtale av nye klimatiltak i forvalta skog som har høgt potensial for auka opptak og er enkle å implementere. Dette gjeld spesifikt styrkt ungskogpleie, stubbebehandling mot rot-ròte og å velje riktig treslag etter hogst.

Regjeringa vil arbeide for å redusere nedbygginga av skog, myr og jordbruksareal. Regjeringa vil leggje vekt på at arealplanlegginga bør fremje utviklinga av kompakte byar og tettstader, og at potensialet for fortetting og transformasjon bør utnyttast før nye utbyggingsområde blir tekne i bruk.

Regjeringa vil fremje overgangen frå torvbaserte produkt til torvfrie produkt, greie ut ei avgift på utsleppa av klimagassar frå uttak av torv og vurdere å innføre eit forbod mot å opne nye torvuttak. Regjeringa vil halde fram med å restaurere myr og anna våtmark.

Dei viktigaste endringane for kvotepliktige utslepp og omstilling til eit meir klimavenleg Noreg

Prisen på kvotar er det overordna og viktigaste verkemiddelet for å redusere dei kvotepliktige utsleppa. For å påskunde utsleppsreduksjonar innan petroleum, industri og luftfart vil regjeringa styrkje arbeidet for omstilling, ny teknologi og for ein konkurransedyktig norsk industri i framtida.

Regjeringa vil auke CO2-avgifta på kvotepliktige utslepp frå petroleum i takt med auken i avgifta for ikkje-kvotepliktige utslepp og sjå denne i samanheng med kvoteprisen i det europeiske kvotesystemet, slik at den totale karbonprisen blir 2 000 kroner i 2030, målt i faste 2020-kroner. Det gjer det meir lønsamt å kutte utslepp og gjer det enklare for næringane å planleggje utsleppsreduksjonar.

Regjeringa spissar Enova som klimaverkemiddel i avtaleperioden 2021–2024. Omstillinga til lågutsleppssamfunnet og innovasjon som medverkar til dette, er viktige mål. Det er særleg relevant i samband med dei kvotepliktige utsleppa ettersom offentleg stønad til forsking og utvikling er eit viktig supplement til kvotesystemet.

Regjeringa vil gjennomføre Langskip, eit prosjekt for fangst, transport og lagring av CO2. Langskip skal medverke til å utvikle CO2-handtering som eit effektivt klimatiltak og gi teknologiutvikling i eit internasjonalt perspektiv.

Regjeringa vil byggje vidare på Grøn plattform-samarbeidet mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Siva og Enova. Plattforma blei etablert som ein del av den grøne omstillingspakka for å bidra til innovasjon og utvikling trass i dei økonomiske konsekvensane av covid-19-pandemien.

Regjeringa vil halde fram satsinga på forsking og innovasjon, både i Noreg og gjennom å delta i EUs forskingsprogram Horisont Europa.

Regjeringa vil følgje EUs regelverksarbeid for betre klima- og miljørapportering tett og sjå på behovet for endringar i rekneskapslova slik at investorar og andre aktørar kan få relevant og samanliknbar klima- og miljøinformasjon.

Regjeringa vil setje ned eit ekspertutval som skal sjå på dei samla rammevilkåra for å fremje klimavenlege investeringar i Noreg.

Regjeringa har utarbeidd klima- og miljøambisjonar for statlege bygg og eigedommar i sivil sektor. Ambisjonane skal gjelde for staten både som byggherre, eigedomsforvaltar og leigetakar. Staten skal utnytte noverande bygningsmasse, sikre gjenbruk, bruke materialar om att og fremje klimavenlege materialar. Staten skal òg etablere felles metodikk for å måle den samla klima- og miljøpåverknaden frå statlege bygg og leggje stor vekt på miljøgevinstane ved gjenbruk av allereie utbygde areal og noverande bygningar og på lokalisering i tråd med statlege planretningslinjer.

Andre verkemiddel regjeringa vil vurdere

Regjeringa vil vurdere ei rekkje andre nye verkemiddel for å redusere klimagassutsleppa.

Null- og lågutsleppssoner

  • Kommunane har i dag moglegheit til å fastsetje lågutsleppssoner av omsyn til lokal luftkvalitet med heimel i vegtrafikklova § 13 og forskrift av 20. desember 2016 om lågutsleppssoner for bilar. Forskrifta gir i dag ikkje høve til å opprette slike soner utelukkande av omsyn til klimaet. Regjeringa vil sjå på korleis vilkåra for lågutsleppssoner kan endrast slik at dei kan opprettast med klimagrunngiving.

  • Fleire kommunar har etterlyst høve til å etablere nullutsleppssoner. For å leggje til rette for at kommunane kan vere i front, og for å bidra til å påskunde overgangen til nullutsleppsteknologi innanfor både nærings- og persontransporten, vil regjeringa sjå nærmare på å bruke vegtrafikklova § 7 til å etablere nullutsleppssoner av omsyn til klimaet. Dette vil i første omgang kunne skje som pilotprosjekt i nokre få byar. Hovudvegnettet/riksvegar skal ikkje omfattast av ei nullutsleppssone.

Utslepp frå anleggsverksemd

  • Regjeringa vil greie ut eit generelt krav til fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren. Staten vil setje i gang pilotprosjekt og greie ut verkemiddel for å få meir effektiv massetransport.

Nasjonal transportplan

  • Regjeringa vil gjennom Nasjonal transportplan for 2022–2033 byggje opp om halveringa av utsleppa i transportsektoren.

Krav knytte til omlegging frå skog til beite

  • Regjeringa vil vurdere kva slags krav og prosedyrar som skal gjelde ved omdisponering av skogareal til beite for å sikre at tiltaket ikkje omgår foryngingsplikta.

Avgift på mineralgjødsel

  • Regjeringa vil greie ut effektar og konsekvensar av ei avgift på mineralgjødsel, og korleis ei slik avgift eventuelt kan innførast. Formålet med ei eventuell avgift skal vere å redusere utsleppa av lystgass.

Andre avgifter og verkemiddel

  • Regjeringa vil vurdere ei gradvis opptrapping av avgifta på forbrenning av avfall til generelt nivå. Vi kjem òg til å greie ut verkemiddel for å redusere bruken og utsleppa av fluorgassen SF6, som blir brukt mellom anna i kraftbransjen. I tillegg vil vi greie ut metanavgift på landanlegga i petroleumsverksemda, tilsvarande den avgifta som allereie gjeld for verksemda til havs.

1.2 Nærare om Noregs klimabidrag i ei verd i endring

1.2.1 Norske utslepp og opptak

Dei norske klimagassutsleppa er på veg nedover. Dei samla norske utsleppa av klimagassar var i 2019 på 50,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er det lågaste nivået sidan 1993, 12 prosent under toppnivået i 2007, og er ein reduksjon på 1,2 millionar tonn sidan 1990. Samstundes er BNP nesten dobla frå 1990 til 2019. Utsleppa frå olje- og gassutvinninga utgjorde 14 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2019. Utsleppa frå desse kjeldene har auka med 71 prosent sidan 1990, men har blitt noko redusert sidan toppen i 2007. Utsleppa frå industrien var 42 prosent lågare i 2019 enn i 1990, og det er den viktigaste grunnen til at samla utslepp har gått ned. Utsleppa frå vegtrafikken auka med nær 37 prosent frå 1990 til 2015. Sidan 2015 har utsleppa blitt reduserte med om lag 16 prosent samstundes som vi har hatt sterk vekst i befolkninga. I tillegg kjem utslepp og opptak frå skog og andre grøne areal. Skog- og arealsektoren stod i 2018 for eit netto opptak på 23,7 millionar tonn CO2 når ein legg reknereglane frå Klimakonvensjonen til grunn. Reglane for korleis ein skal rekne opptak og utslepp mot forpliktinga i EUs regelverk for skog- og arealbruk skil seg frå reglane i Konvensjonen. Mellom anna avgrensar EU-regelverket kor stor del av netto opptak i forvalta skog som kan reknast inn mot oppfylling av «netto null-forpliktinga» for sektoren. Sjå kapittel 4 i meldinga for nærmare omtale.

Dei største utsleppskjeldene i Noreg er olje- og gassutvinning, industri, vegtrafikk og annan transport, som vist i figur 2.4 i meldinga. Annan transport omfattar utslepp frå luftfart, skipsfart og mobile motorreiskapar.

Samanlikna med gjennomsnittet i EU-landa har Noreg stor olje- og gassproduksjon og difor høge utslepp frå denne sektoren. Samstundes har vi mykje fornybar energi og difor låge utslepp frå kraftproduksjonen. Vi har ein relativt stor del prosessutslepp frå industri, mens utsleppa frå energibruken i industrien er lågare enn snittet i EU. Noreg bruker i stor grad straum til å varme opp bygg. Dermed utgjer utsleppa frå oppvarminga av bygg ein mindre del av utsleppa i Noreg enn i EU som per i dag i større grad bruker fossil energi til å varme opp bygg. Mot 2030 vil reduksjonane i utsleppa frå bygg framleis vere betydelege for dei fleste EU-landa, mens Noreg har mindre å hente her.

Om lag halvparten av utsleppa er kvotepliktige. Av dei totale utsleppa i 2019 var det 24,6 millionar tonn som var ikkje-kvotepliktige. Dei kvotepliktige utsleppa kjem i hovudsak frå industri og olje- og gassutvinning. I tillegg er det nokre kvotepliktige utslepp frå energiforsyning og luftfart. Dei største kjeldene til ikkje-kvotepliktige utslepp er vegtrafikk, annan transport og jordbruk.

Figur 2.8 i meldinga viser netto utslepp og opptak for skog- og arealbruk som berekna under FNs klimakonvensjon. Ut frå reknereglane i EU-regelverket og forpliktinga om «netto null-utslepp» i skog- og arealbrukssektoren ligg Noreg an til å få eit berekna utslepp frå skog og arealbrukssektoren på om lag 18 millionar tonn CO2-ekvivalentar over tiårsperioden om ein reknar inn den såkalla kompensasjonsmekanismen for forvalta skog. Det er føresetnader knytt til bruk av denne mekanismen. Utan kompensasjon ligg Noreg an til å få eit berekna utslepp på om lag 27 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Sjå kapittel 4 for nærmare omtale av dette.

1.2.2 Dei norske klimamåla

Vi skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Vi har eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn og kutte utsleppa i storleiksorden 90–95 prosent i 2050 samanlikna med 1990. Ved vurdering av måloppnåing skal ein ta omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske klimakvotesystemet.

Klimaplanen for 2030 skal ikkje berre innfri klimamåla vi har for 2030, men må samstundes ta oss det nødvendige stykket på vegen til lågutsleppssamfunnet i 2050. Ifølgje lågutsleppsstrategien frå regjeringa er Noreg i 2050.

Vi skal kutte utsleppa med minst 50 og opp mot 55 prosent innan 2030 samanlikna med 1990-nivået. Noreg var i februar 2020 det tredje landet i verda som melde inn til FN eit forsterka mål for 2030, som Noregs forplikting under Parisavtalen. Regjeringa ønskjer å oppfylle målet saman med EU. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 prosent innan 2030 samanlikna med 1990-nivået.

Eigne mål for ikkje-kvotepliktige utslepp. Etter klimaavtalen med EU skal Noreg kutte utsleppa frå transport, bygg, jordbruk og avfall (dei ikkje-kvotepliktige utslepp) med 40 prosent samanlikna med utsleppsnivået i 2005. Målet kan bli nådd gjennom nasjonale utsleppskutt og/eller bruk av fleksible mekanismar. Regjeringa planlegg å overoppfylle dette målet og legg opp til å redusere desse utsleppa med 45 prosent gjennom nasjonale utsleppskutt. Om det er strengt nødvendig, går det an å nytte fleksibilitetsmekanismane i EUs regelverk.

Noreg har i tillegg eit klima- og nøytralitetsmål frå og med 2030.

Om lag halvparten av utsleppa er kvotepliktige. Av dei totale utsleppa i 2019 var det 24,6 millionar tonn som var ikkje-kvotepliktige. Dei kvotepliktige utsleppa kjem i hovudsak frå industri og olje- og gassutvinning. I tillegg er det nokre kvotepliktige utslepp frå energiforsyning og luftfart. Dei største kjeldene til ikkje-kvotepliktige utslepp er vegtrafikk, annan transport og jordbruk.

Figur 2.8 i meldinga viser netto utslepp og opptak for skog- og arealbruk som berekna under FNs klimakonvensjon. Ut frå reknereglane i EU-regelverket og forpliktinga om «netto null-utslepp» i skog- og arealbrukssektoren ligg Noreg an til å få eit berekna utslepp frå skog og arealbrukssektoren på om lag 18 millionar tonn CO2-ekvivalentar over tiårsperioden om ein reknar inn den såkalla kompensasjonsmekanismen for forvalta skog. Det er føresetnader knytt til bruk av denne mekanismen. Utan kompensasjon ligg Noreg an til å få eit berekna utslepp på om lag 27 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Noregs forplikting i klimaavtalen med EU

Klimaavtalen med EU legg rammene for norsk klimapolitikk – ein avtale Noreg og Island inngjekk med EU i oktober 2019. Klimaavtalen med EU inneber at Noreg tek del i EUs klimaregelverk frå 2021 til 2030. Regelverket er innretta for å nå ein utsleppsreduksjon på minst 40 prosent samanlikna med 1990-nivå. Det gjeld samla for alle EU-landa, Noreg og Island og for alle sektorar. Sidan EU, Noreg og Island har separate Parismål, har kvar part sitt eige utleppsoppgjer.

Den første pilaren omhandlar ikkje-kvotepliktige utslepp: Målet som Noreg har for ikkje-kvotepliktige utslepp gjennom avtalen med EU, er på 40 prosent utsleppsreduksjon innan 2030 samanlikna med 2005-nivå. Målet blir gjort om til eit bindande utsleppsbudsjett som fortel kor høge utslepp Noreg kan ha i kvart av åra i perioden 2021–2030. Regelverket opnar for at utsleppsbudsjettet frå kvart av landa kan oppfyllast gjennom utsleppsreduksjonar i heimlandet og gjennom overføring av utsleppseiningar frå andre europeiske land.

Regjeringa har eit mål som er meir ambisiøst enn forpliktinga vi har med EU: å kutte dei ikkje-kvotepliktige utsleppa innanlands med 45 prosent. Sjå kapittel 3 for meir om ikkje-kvotepliktige utslepp.

Den andre pilaren omhandlar kvotepliktige utslepp: For norsk industri og petroleum vil dei største kjeldene til utslepp vere omfatta av EUs kvotehandelssystem for verksemder. Kvotemengda blir gradvis redusert framover til ein reduksjon på 43 prosent i 2030 samanlikna med 2005. Reduksjonen skjer samla for alle verksemder som deltek i kvotesystemet. Utsleppa frå europeisk luftfart har vore ein del av kvotesystemet sidan 2012. Sjå kapittel 5 for meir om kvotepliktige utslepp.

Den tredje pilaren omhandlar skog og annan arealbruk: Denne omfattar menneskeskapte opptak og utslepp av klimagassar frå skog og annan arealbruk. Det er særleg hogstnivå (relativt til nivået i referansebana), arealbruksendringar som avskoging, planting av skog og naturleg attgroing som påverkar opptaket og utsleppa. I EUs klimarammeverk er det eigne reglar for korleis ein skal bokføre opptak og utslepp frå skog og annan arealbruk. Vi har ei forplikting om at utsleppa ikkje skal vere større enn opptaket samla for sektoren med dei reknereglane som gjeld (den såkalla «netto null-forpliktinga»). Får vi eit netto utslepp i sum over perioden 2021–2030, må vi oppfylle forpliktinga gjennom bruk av fleksible mekanismar. Sjå kapittel 4 i meldinga for meir om skog og annan arealbruk.

1.3 Vurdering av klimaplanen og faste, nye klimameldingar framover

1.3.1 Innleiing

Regjeringa vil følgje opp klimaplanen over tid, og vil i dei årlege klimalovrapporteringane gjere greie for gjennomføring av planen og framdrift mot klimamålet for 2030. Dei årlege klimalovrapporteringane vil gi eit bilde av om det er behov for å justere kursen.

Regjeringa tek òg sikte på å leggje fram klimameldingar med jamlege mellomrom, neste gong i 2024. I den vil regjeringa vurdere framdrifta og status for utsleppsreduksjonar, og vurdere om det er behov for justering av kursen.

Tidspunkt for når klimameldingar etter 2024 skal leggjast fram avheng av fleire faktorar, mellom anna om dei norske forpliktingane i klimaavtala med EU blir endra. EU har forsterka sitt klimamål for 2030, og vil som følgje av det forsterka målet, gjere endringar i klimaregelverka. Desse regelverka vil kunne få betydning for Noregs klimapolitikk gjennom klimaavtalen med EU. Det kan då vere fornuftig å vurdere ei ny klimamelding i lys av endringar i klimaregelverket som vil bli relevante for Noreg.

1.3.2 Rapportering og revisjon bidreg til openheit og transparens

Noreg rapporterer både til Stortinget, ESA og FN

Rapportering er eit viktig verktøy for å gjere opp status og gi allmenta informasjon. Den gir informasjon om korleis klimapolitikken verkar, og om vi er på rett veg til å nå klimamåla og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn.

Noreg har fleire rapporteringsforpliktingar på klimaområdet, det skal rapporterast både til FN under Klimakonvensjonen og Parisavtalen, til ESA i klimaavtalen med EU og til Stortinget etter klimalova.

Rapportering til Stortinget – klimalova

Noregs klimalov forpliktar regjeringa til kvart år å gi Stortinget ei utgreiing om status og framdrift i arbeidet med Noregs klimamål. Rapporteringa skal innehalde informasjon om utviklinga i klimagassutsleppa og opptaket, utsleppsframskrivingar, gjennomføring av dei lovfesta klimamåla, sektorvise utsleppsbanar for ikkje-kvotepliktig sektor, status for Noregs utsleppsbudsjett og Noregs arbeid med klimatilpassing. Regjeringa vil i dei årlege klimalovrapporteringane gjere greie for gjennomføring av planen og framdrift mot klimamålet for 2030.

Rapportering til FN – Klimakonvensjonen og Parisavtalen

I fleire år har Noreg rapportert i tråd med forpliktingane våre under FNs klimakonvensjon. Kvart år rapporterer vi utsleppsrekneskap (National Inventory Report), annakvart år gjer vi opp status for effekten klimapolitikken vår har, mellom anna ved å berekne effekten frå verkemidla eller grupper av verkemiddel for å redusere klimagassutsleppa. Rapporten inneheld òg informasjon om Noregs klimafinansiering. Kvart fjerde år leverer vi ein omfattande rapport (nasjonal kommunikasjon) som tek for seg klimapolitikken breitt.

Under Parisavtalen vil Noreg halde fram med å rapportere utsleppsrekneskap (National Inventory Report) årleg. I tillegg vil vi rapportere på korleis vi ligg an til å nå klimamålet vårt under Parisavtalen (nasjonalt fastsette bidrag).

Rapportering til ESA – Klimaavtalen med EU

Til EFTAs overvakingsorgan ESA skal vi frå 2021 regelmessig rapportere korleis vi ligg an til å nå forpliktingane i avtalen. Noregs rapportering er grunnlaget når ESA skal vurdere om Noreg oppfyller forpliktingane i avtalen. Noreg skal kvart år levere ein utsleppsrekneskap (15. mars), og annakvart år (15. mars) skal vi rapportere statusen for klimapolitikken, verkemiddel (eller grupper av verkemiddel) og dei mest oppdaterte utsleppsframskrivingane. Rapportane skal i tillegg fortelje, der det lar seg gjere, kva effekt klimapolitikken og verkemidla har.

Omfattande revisjonar av utsleppsbudsjettet

I samsvar med klimaavtalen med EU, skal ESA gjennomføre omfattande revisjonar av utsleppsrekneskapen i 2027 og 2032. Revisjonane skal sikre at dei norske utsleppa er i takt med utsleppsbudsjettet som er fastsett under innsatsfordelingsforordninga og forpliktinga i skog- og arealbruksregelverket. Første revisjonen i 2027 dekkjer utsleppa og opptaket i åra 2021–2025. Andre revisjonen 2032 dekkjer utsleppa og opptaket i åra 2026–2030. Viss revisjonen viser at vi ikkje når forpliktingane, blir sanksjonsmekanismane i regelverket tekne i bruk.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar av klimaplanen for 2021–2030

1.4.1 Overordna

Å nå klimamåla for 2030 vil innebere kostnader. Samstundes vil kostnadene ved å ikkje redusere utsleppa globalt vere svært store. Kostnadene om norsk økonomi ikkje er godt nok førebudd på ei verd som når klimamåla sine, vil òg vere høge. Verkemidla regjeringa legg fram i denne planen, vil påverke nær sagt alle i det norske samfunnet på ulike vis.

Å setje ein pris på utslepp er i tråd med prinsippet om at den som forureinar skal betale. Sektorovergripande verkemiddel bidreg òg til at utslepp blir prisa likt. Styresmaktene bidreg til omstillinga både gjennom stønad til konkrete tiltak og støtte til teknologiutvikling, til dømes gjennom Enova, som gjer omstillinga enklare og billegare for bedrifter og hushald. Det blir gitt betydelege løyvingar til klimaformål. Uvissa om teknologiutviklinga og effekten av ulike verkemiddel både på utslepp og for kostnader er stor. Difor må ein òg vurdere konsekvensane og innrettinga av politikken undervegs. Teknisk berekningsutval for klima gir råd om betre metodar for å vurdere effekten av ulike verkemiddel, og legg fram årlege rapportar.

Regjeringa vil gradvis trappe opp CO2-avgifta til 2 000 2020-kroner, noko som er venta å utløyse store utsleppsreduksjonar. Regjeringa har som politikk at det samla skatte- og avgiftsnivået ikkje skal auke. Dette inneber at ein avgiftsauke skal motsvarast av tilsvarande skatte- eller avgiftslette, primært for dei gruppene som er omfatta av auka avgifter.

Analysen til SSB av konsekvensane av ei halvering av utsleppa gjord i samband med Klimakur 2030 antydar at ein må auke prisen på utslepp til om lag 4 000 kroner per tonn dersom norske ikkje-kvotepliktige utslepp skal halverast i 2030 gjennom å auke avgifta. Hushalda og næringslivet blir påførte direkte kostnader av avgiftsauken gjennom at dei vil endre åtferda si og velje dyrare teknologiar med mindre utslepp. Analysen viser at den totale velferda blir redusert. Nyttetapet kan sjåast som eit mål på dei samfunnsøkonomiske kostnadene. Analysen syner òg at det er viktig korleis ein bruker auka inntekter frå avgifter. Om ein bruker inntekta til å redusere skatten på arbeid, aukar både BNP og konsum, og nyttetapet blir mindre. Sjå meir omtale av avgift og analysane i kapittel 3.1 og 3.3.

Den samla auken og det konkrete nivået for avgifta kvart år vil ein måtte ta stilling til i dei vanlege budsjettprosessane og vurdere i lys av teknologiutviklinga slik at vi oppnår tilstrekkelege reduksjonar. I effektvurderinga i meldinga har regjeringa lagt til grunn at utsleppseffekten av avgifta kjem lineært. Om den teknologiske utviklinga er raskare enn vi har lagt til grunn og kostnaden på låg- og nullutsleppsløysingar fell raskare enn vi trur, kan vi oppnå same utsleppsreduksjonen med ei lågare avgift. På den andre sida kan det bli behov for raskare opptrapping av avgifta dersom ein ser at det ikkje blir oppnådd tilstrekkelege reduksjonar i ikkje-kvotepliktige utslepp.

Høgare CO2-avgift påverkar utsleppa primært gjennom å auke prisen for utslepp og styrkje insentiva til å velje nullutsleppsteknologi og/eller til dømes gjennomføre reiser meir effektivt. Slike tilpassingar vil kunne medføre auka kostnader både for næringslivet og privatpersonar. For dei bedriftene som held fram med å bruke fossile løysingar, vil ei CO2-avgift på 2 000 kroner kunne medføre høgare driftskostnader.

1.4.2 Konsekvensar for transport

For å nå måla for transportsektoren nyttar regjeringa ein samansett verkemiddelbruk. Verkemiddel utover avgift, som stønader, reguleringar og samordna transport- og arealplanlegging, kan lette omstillinga for dei som i dag bruker fossile køyretøy.

Høgare CO2-avgift vil gi sterkare insentiv til å redusere utsleppa frå transport, gjennom overgang til nullutsleppsteknologi og lågare drivstoffbruk, til dømes ved at fleire reiser kollektivt. For hushald og føretak som held fram med å bruke fossile bilar vil høgare CO2-avgift isolert sett medføre høgare utgifter viss ein reiser som før.

Innan sjøfart, fiske og havbruk blir det lagt til grunn at aktørane vil rette seg inn etter eit prissignal, og at ein varsla avgiftsauke i kombinasjon med meir spesifikke verkemiddel innan fartøysegmenta vil bidra til raskare grøn omstilling. Regjeringa vurderer å lempe på vilkåra for lågutsleppssoner, slik at desse òg kan opprettast med klimagrunngiving. Regjeringa vil òg sjå nærmare på å bruke heimelen i vegtrafikklova § 7 til å opprette nullutsleppssoner av omsyn til klimaet. Oppretting av ei eventuell nullutsleppssone vil innebere auka kostnader for dei privatpersonane og verksemdene som vil ha behov for å køyre i det aktuelle området, med mindre dei har gått over til nullutsleppskøyretøy. For kommunane vil det gi administrative kostnader. Samstundes vil låg- og nullutsleppssoner kunne gi gevinst både for lokal luftkvalitet og støy frå næringstransporten i bysentruma.

Strengare krav i anbod vil kunne medføre høgare innkjøpskostnader for kommunar og fylkeskommunar dei nærmaste åra, men over tid vil lågare driftskostnader gjere det lønsamt med til dømes elferjer og elbussar. Regjeringa tek sikte på å innføre krav om nullutslepp eller bruke biogass i nye bussanbod frå 2025. I Klimakur 2030 blir det vurdert at elektriske bussar kan gi reduserte investerings- og driftskostnader knytte til bussdrift i kommunane frå omkring 2025. Kostnader for etablering av ladeinfrastruktur er inkludert i berekningane i Klimakur 2030.

Regjeringa vil innføre låg- og nullutsleppskriterium i nye anbod for ferjesamband og hurtigbåtar der det ligg til rette for det høvesvis i løpet av 2023 og 2025. Berekningar frå DNV GL tyder på at fylkeskommunane på dei fleste samband vil ha meirkostnadar knytte til låg- og nullutsleppsløysingar for ferjer og hurtigbåtar, men det er store variasjonar frå samband til samband. Fylkeskommunane vil bli kompensert for eventuelle meirutgifter som følgjer av krav til låg- og nullutsleppsløysingar for ferjer og hurtigbåtar. Regjeringa kjem tilbake med konkrete forslag til kompensasjon i dei årlege budsjetta. Staten støttar opp om teknologiutvikling gjennom mellom anna Klimasats og Enova, som kan bidra både med midlar til ombygging av fartøy og til utbygging av infrastruktur som land- og ladestraum.

Endringar i omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk og innføring av eit omsetningskrav for anleggsdiesel inneber administrative kostnader for styresmaktene. For brukarar av drivstoff vil omsetningskrav føre til auka pumpepris på grunn av at biodrivstoff er dyrare enn fossilt drivstoff, og det er venta at prisen vil auke fram mot 2030 på grunn av stigande global etterspurnad.

Meir bruk av biodrivstoff vil få konsekvensar for kommunane gjennom auka driftskostnader.

1.4.3 Konsekvensar for jordbrukssektoren

I klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket er det sett eit mål om å redusere utsleppa og auke opptaket av klimagassar tilsvarande 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Ei vurdering av tiltak og verkemiddel for å følgje opp klimaarbeidet i jordbruket inngår som ein naturleg del av dei årlege jordbruksforhandlingane.

Fleire av klimatiltaka i jordbruket kan i tillegg bidra til andre samfunnsmål som betre vassmiljø, større biologiske mangfald og reduserte utslepp til luft. Dei vil difor kunne ha ei høgare samfunnsnytte enn det som kjem fram i analysane av klimaeffekt. Fleire av desse tiltaka gir dessutan god agronomi. Andre klimatiltak vil kunne ha negative konsekvensar på andre samfunnsmål, som busetnad og kulturlandskap.

Klimakur 2030-utgreiinga har berekna at forbruksendringar som indirekte kan medføre reduksjonar i klimagassutslepp frå jordbrukssektoren er samfunnsøkonomisk lønsame. Dette gjeld kosthaldsendringar i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet og redusert matsvinn i tråd med bransjeavtalen. Desse analysane har ikkje talfesta konsekvensar av endra verkemiddelbruk overfor jordbruket eller endringar i dei kollektive goda jordbruket gir oss. Det er samstundes krevjande å peike på samanhengen mellom verkemidla og konkret effekt på kosthaldet og med det endringar i jordbruksproduksjonen og klimagassutsleppa.

Kommunar og fylkeskommunar vil i mindre grad bli påverka av tiltaka som omhandlar utsleppsreduksjonane i jordbruket i denne planen, utover endringane som kjem i dei årlege jordbruksavtalene.

1.4.4 Konsekvensar for andre sektorar med ikkje-kvotepliktige utslepp

Aktørar i næringslivet som bruker fossile brensel, vil få auka utgifter knytte til auken i klimaavgiftene. For mange av desse aktørane, vil det vere mogleg å unngå avgifta ved å leggje om til straum, biobrensel, varmepumper eller andre energiberarar baserte på fornybar energi. Slik omlegging har òg kostnader. Meir bruk av straum kan òg ha konsekvensar for kraftsystemet i enkelte område. Andre delar av næringslivet, mellom anna bedrifter som leverer desse energiløysingane, kan få auka lønsemd som følgje av verkemidla. Det vil òg bli meir lønsamt å levere brukt HFK og PFK til destruksjon i tråd med reglane.

Hushald som nyttar gass til oppvarming, vil få auka utgifter knytte til auken i CO2-avgifta. Moglegheita for å leggje om til andre energiløysingar vil vere tilsvarande som omtalt ovanfor for næringslivet.

Kommunale etatar vil få større kostnader som konsekvens av auken i CO2-avgifta viss dei nyttar fossile brensel til dømes til oppvarming, på same måten som næringslivet og hushalda. Nokre kommunar eig forbrenningsanlegg for avfall og driv desse på delvis kommersiell basis. Dei kan merke redusert lønsemd for anlegga som følgje av avgifta på forbrenning av avfall.

1.4.5 Konsekvensar for skog og arealbruk

Klimatiltaka i skog skil seg frå tiltak i andre sektorar ved at den generelle auken i tilvekst vil ha auka verdiskaping i skognæringa som ein positiv tilleggseffekt. Dette vil gjelde både primærproduksjonen og industrileddet. Samstundes inneberer dei fleste av dei skisserte skogtiltaka meir intensive produksjonsformer og har potensial for å påverke både naturmangfaldet og andre miljøverdiar. Regjeringa meiner at tiltaka kan innrettast slik at miljøkonsekvensane blir akseptable.

Redusert nedbygging av skog, myr, jordbruksareal og andre karbonrike areal er bra for klima, naturmangfald, skogbruk, jordbruk og mattryggleik, men vil innebere ei avgrensing på bruk av areal. Fortetting og ombruk av allereie utbygde areal gir òg synergiar med redusert transportbehov og dermed reduserte utslepp frå transport.

Endringar av forskrift om berekraftig skogbruk med skjerpa krav til minste alder for hogst, kan medføre nokre fleire oppgåver knytte til skogforvaltninga i kommunane. Statistikk viser at dette utgjer 3–4 prosent av arealet.

Eit eventuelt forbod mot å opne nye torvuttak vil innebere at uttaket av torv blir avgrensa til eksisterande felt. Med nivået vi har i dag på uttaka, kan produsentane drive i 20 år til. Regjeringa vil arbeide vidare med å fremje overgangen frå torvbaserte produkt til torvfrie produkt. Om ein lukkast med det, vil ein redusere faren for karbonlekkasje frå import.

1.4.6 Om bruken av fleksibilitet

Regjeringa planlegg for å nå forpliktinga for dei ikkje-kvotepliktige utsleppa gjennom nasjonale kutt. Om det blir nødvendig, vil regjeringa vurdere andre verkemiddel. Regjeringa vil om det er strengt nødvendig bruke fleksible mekanismar i EUs rammeverk for å sikre tilstrekkelege utsleppsreduksjonar.

Regjeringa har lagt ein plan for å auke CO2-opptaket i skog og redusere utsleppa frå arealbruk og arealbruksendringar.

Med den informasjonen vi har i dag, er det etter bokføringsreglane til EU sannsynleg at Noreg vil få eit betydeleg utslepp frå skog og arealbrukssektoren. Forpliktinga om netto-null-utslepp kan da bli nådd gjennom nasjonale kutt utover forpliktinga i ikkje-kvotepliktige utslepp, som i transport og jordbruk. Alternativt kan ein nytte konverterte kvotar frå EU ETS eller utsleppseiningar frå andre europeiske land. Uvissa om utsleppa frå skog- og arealsektoren er stor.

Nyttar ein den fleksibiliteten ein har til å konvertere ETS- kvotar vil kostnadene avhenge av prisane i marknaden for slike kvotar i siste halvdelen av perioden 2021–2030.

1.4.7 Konsekvensar for sektorar med kvotepliktige utslepp

Regjeringa vil auke CO2-avgifta på innanriks kvotepliktig luftfart og CO2-avgifta på kvotepliktige utslepp frå olje- og gassutvinninga i takt med auken i avgifta på ikkje-kvotepliktige utslepp. Den samla karbonprisen (avgift pluss kvotepris) i 2030 skal aukast til om lag 2 000 kroner per tonn CO2, målt i faste 2020-kroner. Den totale karbonprisen skal ikkje overstige 2 000 kroner i perioden 2021–2030.

Norsk kvotepliktig fastlandsindustri vil ikkje bli omfatta av CO2-avgifta, men vil møte den same kvoteprisen som industrien i andre land i Europa. I Noreg er ein større del av dei kvotepliktige utsleppa knytt til utslepp frå prosessar enn dei er i andre land. Å kutte store delar av prosessutsleppa vil krevje ny teknologi og nye løysingar. Utviklinga av ny teknologi tek tid og vil ofte medføre høge utviklingskostnader. Desse utviklingsløpa er i seg sjølv usikre.

Store delar av norsk industri eksporterer mykje av produksjonen sin, og hevdar seg godt i internasjonal konkurranse. Ein høgare pris på utslepp i Noreg samanlikna med i andre land kan isolert sett svekkje konkurranseevna til norske verksemder, og føre til karbonlekkasjar ved at konkurranseutsett produksjon blir flytta ut av landet til land med ein lempelegare klimapolitikk.

Regjeringa vil bidra til å motverke karbonlekkasje gjennom CO2-kompensasjonsordninga for kraftkrevjande industri. I tillegg vil støtte til utvikling av lågutsleppsteknologiar i industrien bidra til å redusere risiko i samband med høgare kvoteprisar i framtida.

Olje- og gassverksemda vil med høgare CO2-avgift betale meir for utsleppa sine. Prisen på olje og gass blir fastsett i verdsmarknaden, og petroleum frå Noreg konkurrerer med olje og gass frå andre land. Auka kostnader, mellom anna utsleppskostnader, kan ha påverknad på investeringar og aktiviteten i næringa. Samstundes gir ein høgare pris på klimagassutslepp insentiv til å ta i bruk og investere i lågutsleppsløysingar for å redusere utsleppa.

Innanriks luftfart vil fram mot 2030 få høgare CO2-avgift. Dette vil saman med ei rekkje andre verkemiddel retta mot teknologiutvikling, gi luftfartsindustrien insentiv til å ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologi. Auka avgifter kan på kort sikt føre til høgare billettprisar, så lenge flyselskapa held fram å forureine. Tilretteleggjing av luftrom og infrastruktur kan innebere auka kostnader for Avinor og Luftfartstilsynet, og samarbeidet mellom Luftfartstilsynet og EASA kan innebere auka kostnader for Luftfartstilsynet.

Enova, Grøn plattform-samarbeidet og forskingssamarbeid nasjonalt og deltaking internasjonalt vil gi insentiv til utsleppskutt og grøn omstilling i norsk næringsliv. Tilgang på risikokapital for grøne løysingar, til dømes gjennom Nysnø vil òg støtte omstillinga.

Industri som lukkast med utsleppskutt, vil ha ein konkurransefordel i marknader som etterspør produkt med låge utslepp. Europas «grøne giv» er venta å utvikle marknader der lågutsleppsprodukt blir etterspurde.