vedtak til lov
om endringer i våpenlova
(oppbevaring av skytevåpen mv.)
I
I lov 20. april
2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon gjøres
følgende endringer:
§ 13 annet ledd skal lyde:
Politiet kan berre gje løyve til
å erverve og ha skytevåpen som er nemnde i § 5 andre ledd, eller
som er forbodne i medhald av § 5 tredje ledd, og våpendelar som er
forbodne i medhald av § 6 tredje ledd, når skytevåpenet eller våpendelen
enten er særskild sjeldan, eller når gjenstanden dokumenterer forhold
av særskild historisk betyding.
§ 15 første til tredje ledd
skal lyde:
Aldersgrensa for
å kunne erverve og ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon er
18 år. For å kunne erverve og
ha pistol og revolver som krev løyve etter § 5 første
ledd, eller våpendelar til pistol eller revolver som er løyvepliktige
i medhald av § 6 tredje ledd, er aldersgrensa likevel 21 år.
Politiet kan gje
personar som har fylt 16 år fritak frå alderskravet for hagler og
rifler når verje samtykker til ervervet, og når skytevåpenet eller
våpendelen kan oppbevarast av verje eller annen person som oppfyller krava til alder, vandel og personlege
eigenskapar etter første ledd og § 16. Politiet kan likevel
ikkje gje personar under 18 år løyve til å kjøpe skytevåpen.
Politiet kan gje
personer over 18 år fritak frå alderskravet for å kunne erverve og ha pistol,
revolver og våpendelar til slike våpen. Eit vedtak om fritak etter
første punktum skal gjerast tidsavgrensa for inntil eitt år.
§ 17 annet punktum skal
lyde:
Dei fysiske personane
i organisasjonen som er ansvarlege for å levere ut, bruke og oppbevare
gjenstandane på vegne av organisasjonen, må i tillegg oppfylle krava til alder, vandel og personlege
eigenskapar etter §§ 15 og 16.
§ 18 annet ledd første punktum
skal lyde:
Den som ikkje har
løyve etter første ledd, må
ha løyve frå politiet for å kunne låne løyvepliktige skytevåpen eller
våpendelar.
§ 19 annet til fjerde ledd
skal lyde:
Den som har løyvepliktige
skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7, skal
oppbevare desse i sin faste bustad,
med mindre det er gjort unntak etter fjerde ledd nr. 7.
Løyvepliktige skytevåpen,
eller nærare bestemte delar til skytevåpenet, skal oppbevarast nedlåste
i godkjent tryggingsskap eller i godkjent våpenrom. Ammunisjon skal
oppbevarast nedlåst.
Kongen gjev forskrift
om:
-
1. kva våpendelar
som kan oppbevarast nedlåste i staden for komplette skytevåpen,
-
2. krav til oppbevaring
av ammunisjon,
-
3. krav til godkjenning
av tryggingsskap eller våpenrom,
-
4. særskilde krav
til oppbevaring for personar som har løyve til å ha eit nærare fastsett
tal løyvepliktige skytevåpen,
-
5. særskilde krav
til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for personar
som driv næringsverksemd etter § 23,
-
6. særskilde krav
til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon for andre
juridiske personar enn næringsdrivande etter § 23,
-
7. oppbevaring av løyvepliktige skytevåpen,
våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 på annan stad enn
i fast bustad.
§ 21 første ledd første
punktum skal lyde:
Den som skal føre løyvepliktige skytevåpen,
våpendelar eller ammunisjon etter §§ 5, 6 eller 7 inn i eller gjennom
norsk tollområde, må ha løyve frå politiet.
§ 36 første ledd annet punktum
skal lyde:
Registeret skal
også innehalde opplysingar om
skytevåpen og våpendelar som er registreringspliktige etter § 5
tredje ledd eller § 6 tredje ledd, og om personar som ervervar eller
har slike gjenstandar.
§ 36
tredje ledd oppheves. Nåværende fjerde ledd blir tredje ledd.
§ 38 skal lyde:
§ 38 Forholdet til forvaltningsloven
Forvaltningsloven
gjeld for saker etter denne lova med
dei særreglane som er fastsette i andre og tredje punktum i paragrafen
her. Politiet kan
krevje at personar stiller til intervju for å vurdere
om vilkåra etter § 16 er oppfylte. Retten
til klage, grunngjeving og partsinnsyn etter forvaltningsloven gjeld
ikkje for saker om løyve til mellombels innførsel til jaktføremål.
§ 41 nr. 28 skal lyde:
-
28. politiet sin
kontroll med tildelte løyve,
medrekna krav til at sportsskyttarar med løyve etter § 12 tredje ledd
dokumenterer aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon, samt
vilkår for å krevje tilkomst til privat bustad, jf. § 30,
§ 41 nr. 30 skal lyde:
-
30. gjennomføring av § 36, medrekna
reglar om kven som er handsamingsansvarleg, kva for opplysingskategoriar
som kan registrerast, kven som har tilgang på opplysingane, informasjonstryggleik
og internkontroll, utlevering av opplysingar og klagehandsaming,
§ 41 nåværende nr. 30,
31, 32 og 33 blir nr. 31, 32, 33 og 34.
§ 43 første ledd skal lyde:
Forbodet mot å ha halvautomatiske rifler
etter § 5 andre ledd nr. 3 trer i kraft tre år etter ikraftsetjinga
av denne lova.
II
I lov 20. mai 2005
nr 28 om straff gjøres følgende endring:
§ 189 første ledd bokstav
d skal lyde:
Med bot eller fengsel
inntil 1 år straffes den som på et offentlig sted forsettlig eller
grovt uaktsomt har med
III