Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa sette ned eit offentleg utval som gjennomgår psykiske helsetenester for barn og unge på bakgrunn av funna i Barneombodets rapport. Utvalet skal også sjå på samanhengen mellom hjelpa som blir tilbydd i første- og andrelinjetenesta.

  2. Stortinget ber regjeringa auke behandlingskapasiteten i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og stoppe reduksjonen av sengekapasitet for å sikre korte ventetider og gi barn og unge hjelp nærast der dei bur, og tilgang til nødvendig døgnbehandling.

  3. Stortinget ber regjeringa sikre at barn og unge under 18 år som blir akutt psykisk sjuke, får innlegging i barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling, også i helga og på kveldstid, slik at dei ikkje må leggast inn på akuttpsykiatrisk avdeling for vaksne.

  4. Stortinget ber regjeringa avvikle innsatsstyrt finansiering av barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) for å sikre barn og unge fleksible tenester.

  5. Stortinget ber regjeringa legge fram ein plan om å sikre nødvendig utdanning og rekruttering av legespesialistar og andre spesialistar innanfor barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

  6. Stortinget ber regjeringa sikre lik saksbehandlingspraksis i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og at alle tilvisingar blir vurderte av leiarar i BUP med spesialistkompetanse. Stortinget ber vidare regjeringa om at barn og unge må sikrast betre informasjon om rettane sine.

  7. Stortinget ber regjeringa sikre helsesjukepleiarar tilvisingsrett til BUP.

  8. Stortinget ber regjeringa fremme tiltak for å realisere samarbeidsmodellar for auka samhandling mellom skulehelsetenesta og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Grunnlaget for modellane må vere at skulehelsetenesta, som følgjer skulemiljøet og kjenner elevane over tid, er best posisjonert til å førebygge lettare psykiske problem og bidra til rask behandling.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.