-
Stortinget ber regjeringa
utgreie og innføre eit informasjons- og varslingssystem som kan
brukast mellom etatar som i kortare eller lengre periodar behandlar
eller følgjer opp personar med alvorleg rus- og psykisk liding (ROP).
-
Stortinget ber regjeringa
sørge for ei kartlegging av kva slags bustader kommunane tilbyr
menneske med alvorlege rus- og psykiske lidingar (ROP), og kva hjelpetenester
som gis i dei, og på denne bakgrunnen fremje forslag om gode modellar
for bustadtilbod for denne gruppa.
-
Stortinget ber regjeringa
sørge for at alle helseføretak innfører rutinar for varsling av
kommunehelsetenesta ved utskriving av ein pasient som er innlagd for
overdose, sjølvmordsforsøk eller mogleg sjølvmordsforsøk.
-
Stortinget ber regjeringa
avklare oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom helseføretak, kommunehelsetenesta
og andre kommunale etatar for brukarar og pasientar med alvorleg
rus- og psykisk liding (ROP) og som har hyppig kontakt med hjelpeapparatet.
-
Stortinget ber regjeringa
om å gjennomføre ei levekårundersøking for personar med alvorleg
rus- og psykisk liding (ROP) med utgangspunkt i evaluering av opptrappingsplanen
for rusfeltet.
-
Stortinget ber regjeringa
tydeleggjere kommunehelsetenesta si moglegheit for tilbakehalding
med tvang i inntil 3 månader i ei egna døgninstitusjon dersom ein
person er i ferd med å ruse seg på ein slik måte at liv og helse
blir sett i kritisk fare, jamfør helse- og omsorgstjenestloven § 10-2.»
Det vises
til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.