Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa utgreie og innføre eit informasjons- og varslingssystem som kan brukast mellom etatar som i kortare eller lengre periodar behandlar eller følgjer opp personar med alvorleg rus- og psykisk liding (ROP).

  2. Stortinget ber regjeringa sørge for ei kartlegging av kva slags bustader kommunane tilbyr menneske med alvorlege rus- og psykiske lidingar (ROP), og kva hjelpetenester som gis i dei, og på denne bakgrunnen fremje forslag om gode modellar for bustadtilbod for denne gruppa.

  3. Stortinget ber regjeringa sørge for at alle helseføretak innfører rutinar for varsling av kommunehelsetenesta ved utskriving av ein pasient som er innlagd for overdose, sjølvmordsforsøk eller mogleg sjølvmordsforsøk.

  4. Stortinget ber regjeringa avklare oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom helseføretak, kommunehelsetenesta og andre kommunale etatar for brukarar og pasientar med alvorleg rus- og psykisk liding (ROP) og som har hyppig kontakt med hjelpeapparatet.

  5. Stortinget ber regjeringa om å gjennomføre ei levekårundersøking for personar med alvorleg rus- og psykisk liding (ROP) med utgangspunkt i evaluering av opptrappingsplanen for rusfeltet.

  6. Stortinget ber regjeringa tydeleggjere kommunehelsetenesta si moglegheit for tilbakehalding med tvang i inntil 3 månader i ei egna døgninstitusjon dersom ein person er i ferd med å ruse seg på ein slik måte at liv og helse blir sett i kritisk fare, jamfør helse- og omsorgstjenestloven § 10-2.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.