vedtak:
I
Stortinget ber regjeringa
sørge for at medisinsk og palliativ behandling av eldre personar
med covid-19-smitte må vurderast individuelt og etter behov.
II
Stortinget ber regjeringa
sikre at ingen eldre på helseinstitusjonar skal måtte døy åleine
under pandemien. Nære pårørande må få høve til å vere til stades
i livets sluttfase.
III
Stortinget ber regjeringa
sikre at kommunar og sjukehus rapporterer om tilfelle der eldre
døyr åleine på helseinstitusjon, og kvifor pårørande ikkje kunne vere
til stades.
IV
Stortinget ber regjeringa
foreslå tiltak for å sikre eldre betre smittevern og verdig omsorg
under koronapandemien, og snarast råd kome tilbake til Stortinget
på eigna måte.
V
Stortinget ber regjeringa
endre sin kommunikasjonspraksis under pandemien på ein slik måte
at kommunane og kommuneoverlegane blir direkte varsla om nasjonale
endringar og tiltak.