-
Stortinget ber regjeringa
føreslå tiltak for å sikre eldre betre smittevern og verdig omsorg
under koronapandemien, og snarast kome tilbake til Stortinget på
eigna måte.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre at alle sjukeheimar og heimetenester har nok smittevernutstyr
og får moglegheiter til nødvendige, mindre ombyggingar (etablering
av besøksrom, isolasjonsrom med meir)
-
Stortinget ber regjeringa
snarast greie ut og innføre retningslinjer for systematisk koronatesting
av personale og bebuarar ved helseinstitusjonar for eldre og i heimetenesten.
-
Stortinget ber regjeringen
sikre at sårbare eldre blir prioritert når ein godkjend vaksine
blir gjort tilgjengeleg.
-
Stortinget ber regjeringa
sørge for at medisinsk og palliativ behandling av eldre personar
med covid-19-smitte må vurderast individuelt og etter behov. Alder
skal ikkje kunne brukast som argument for å nekte innlegging på
sjukehus.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre at ingen eldre på helseinstitusjonar skal måtte døy åleine
under pandemien. Nære pårørande må få høve til å vere til stades
i livets sluttfase.
-
Stortinget ber regjeringa
innan juni 2021 fremme eit nasjonalt program for fleire heiltidstillingar, auka
grunnbemanning og rekruttering til den kommunale helse- og omsorgstenesta,
med tiltak både på kort og lang sikt.
-
Stortinget ber regjeringa
ikkje innføre ordninga med fritt brukarval i eldreomsorga.»