1.3.2 Fiskeriløyve mv.
Dei langt fleste
kommersielt viktige fiskeria er i dag underlagde eit eige krav om
konsesjon eller årlege deltakaravgrensingar. Formålet med dette
er å avgrensa deltakinga. Ein viser til nærare omtale av gjeldande
rett i kapittel 4.2.2 i proposisjonen. I kvotemeldinga vart det gjort
framlegg om å innføre eit nytt felles fiskeriløyve til erstatning
for konsesjonar og årlege deltakarrettar som gjeld i dag, og Stortinget
har slutta seg til dette forslaget.
Ein skil gjerne
mellom to typar tildeling av konsesjonar og deltakarrettar i lukka
fiskeri, høvesvis nytildeling og erstatningstildeling. Hovudskilnaden
er at ved nytildeling kjem ikkje konsesjonen eller deltakarretten til
erstatning for ein tilsvarande konsesjon eller deltakarrett, noko
som inneber at talet på deltakarar aukar, medan ved erstatningstildeling
skjer tildelinga som følgje av at ein annan konsesjon eller deltakarrett
vert oppgjeven, til dømes ved utskifting av fartøy eller sal av
fartøy for fortsett drift.
Det er ei klar politisk
målsetting å sikre stabilitet i dei lukka fiskeria, enten dei er
regulerte med konsesjonar eller deltakarrettar. Dette inneber at
styremaktene normalt vil vere varsame både med å gjere endringar
i inndelinga av konsesjonsgruppene, og med å auke talet på konsesjonar
eller deltakarrettar i den enkelte gruppa. Dette er nødvendig for
å oppretthalde lønnsemd, og ein sentral føresetnad for at strukturkvoteordningane skal
kunne fungere slik dei gjer i dag. Regelverket er med andre ord
meir restriktivt når det gjeld nytildeling enn når det gjeld erstatningstildeling
av konsesjonar og deltakarrettar.
Departementet foreslo
i høyringsnotatet «flytting av driftsgrunnlag» som kortnamn i lovteksten
på erstatningstildeling etter § 14 første ledd bokstav c, fordi
dette etter departementets vurdering er ei betre og meir treffande
formulering enn både «splitting av driftsgrunnlag» og «overføring
av fiskeriløyve».
Advokatforeningen
ga uttrykk for skepsis til ei endring i føresegna om erstatningstildeling
av fiskeriløyve i § 14. Dei viste til at gjeldande føresegn fastset
direkte kva føresegn som gjeld, medan forslaget i høyringsnotatet
endrar dette ved å foreslå at departementet kan fastsetje slike
reglar i forskrift. Advokatforeningen er prinsipielt usamd i denne
tilnærminga frå departementet. Dei viser til at gjeldande lovføresegn
ikkje har skapa noko problem i praksis, og at endringa rokkar ved
kompetansefordelinga mellom storting og regjering. Departementet
si vurdering er at den foreslegne endringa ikkje har særleg praktisk
verknad, men bidrar til at tildelingsføresegnene i deltakarloven
så å seie er skore over same leist ved at dei føreset ei forskrift
før tildeling kan skje. Uavhengig av kva alternativ ein vel, vil
det vere slik at departementet i forskrift fastset dei nærare vilkåra
for når fiskeriløyve kan erstatningstildelast innanfor rammene lova
set. Departementet har vist til at gjeldande føresegn i § 17 gjev
heimel til å fastsetje forskrift med nærare føresegner om blant
anna tildeling. Det vil vidare vere opp til forvaltninga sitt skjønn
om erstatningstildeling skal skje dersom vilkåra for dette i forskrifta
er oppfylte. Det gjev derfor etter departementets meining eit betre
bilete på den reelle rettstilstanden dersom lova er formulert slik
at det er ein føresetnad for erstatningstildeling at departementet
fastset forskrift om når dette kan skje. Departementet foreslår
i proposisjonen å halde ved lag det aktuelle forslaget i høyringsnotatet.
Departementet viser
til forslag til endringar i deltakerloven §§ 12–14 og 18–19 og merknader
til desse i kapittel 7 i proposisjonen.