Innleiing
Få marknader har
like mykje å seie for folk flest som daglegvaremarknaden, peiker
regjeringa på i meldinga. Ein velfungerande daglegvaremarknad er
kjenneteikna av at forbrukarane kan gjere informerte val. Dette
inneber god tilgang til eit breitt utval av daglegvarer av god kvalitet
i ulike priskategoriar.
Den norske daglegvaremarknaden
har utfordringar. Noreg har høgare prisar og mindre vareutval i
daglegvarehandelen enn nabolanda våre. Dette er det fleire årsaker
til, mellom anna geografi, spreidd befolkning, klima, rammevilkår,
som til dømes landbrukspolitikken, og ein utfordrande konkurransesituasjon.
Det er få aktørar i marknaden, og få nye aktørar etablerer seg.
I desember 2019 fremja
regjeringa forslag til lov om god handelsskikk, som blei vedteke
av Stortinget i mars 2020. Lov om god handelsskikk i daglegvarekjeda
er omtala i delkapittel 5.1.5 i meldinga.
Konkurranse mellom
føretak gjer at dei blir meir effektive, og prisane til kundane
lågare. Dette fører til meir effektiv ressursutnytting og auka verdiskaping.
Det er positivt for både kundane og samfunnet. Korleis konkurransen
i verdikjeda for daglegvarer fungerer, har difor mykje å seie for
forbrukarane.
Regjeringa ynskjer
betre konkurranse i verdikjeda for daglegvarer.
Stortingsmeldinga
har som mål å setje konkurransesituasjonen i verdikjeda for daglegvarer
inn i ein større samanheng, då det er viktig for å få ein heilskapleg forståing
av verdikjeda. Det blir difor vist utviklingstrekk i verdikjeda
og presentert nokre av dei sentrale aktørane og dei forskjellige
ledda i verdikjeda. Vidare blir det vist til forhold som har direkte
eller indirekte verknad på konkurransen og nokre av dei forholda
regjeringa meiner har størst verknad på konkurransen. Til slutt
blir det gjort vurderingar av korleis daglegvaremarknaden vil sjå
ut i framtida.
Kva koronautbrotet
har å seie for verdikjeda for daglegvarer er omtala i delkapittel
1.6 i innleiinga i meldinga.
Stortingsmeldinga
er delt inn i tre delar. Del I, som består av kapittel 2 og 3, beskriv
verdikjeda for daglegvarer og sentrale utviklingstrekk i verdikjeda
dei siste tiåra. Prisar og utval i norske daglegvarebutikkar blir
samanlikna med nabolanda våre, og det blir vurdert moglege årsaker
til kvifor norske butikkar har høgare prisar og mindre utval. Deretter
blir aktørane i verdikjeda for daglegvarer, marknadsdelar og konsentrasjon,
organiseringsform, eigne merkevarer og tilgrensande marknader beskrivne.
Del II omhandlar
ulike forhold ved konkurransen i verdikjeda for daglegvarer og kva
verkemiddel som finst for å vareta konkurransen i verdikjeda, jf.
kapittel 4 i meldinga. Konkurransesituasjonen er utfordrande, med få
aktørar, og det er krevjande for nye aktørar å etablere seg. Fleire
reguleringar som varetek andre omsyn enn konkurranse, gjer situasjonen
meir utfordrande. Særlege problemstillingar i verdikjeda for daglegvarer
som vertikal integrasjon, produksjon av eigne merkevarer, franchisekontraktar,
skilnader i innkjøpsprisar, tilgang til grossisttenester og tilgang
til butikklokale blir drøfta av regjeringa i kapittel 5.
Bruk av nye digitale
løysingar og teknologi, bransjegliding og nye samarbeidsformer utfordrar
konkurransepolitikken. Del III ser framover, og i kapittel 6 gjer
regjeringa greie for korleis daglegvaremarknaden vil kunne sjå ut
om fem til ti år.
Regjeringa varslar
ei rekkje tiltak i meldinga. Tiltaka, og bakgrunnen for dei, blir
nærmare gjennomgått i dei ulike kapitla i meldinga.
Regjeringa vil:
-
innføre ei permanent
satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet
-
be Konkurransetilsynet
styrkje kontrollen av skilnader i innkjøpsprisar i verdikjeda for
daglegvarer gjennom årlege kartleggingar
-
ta sikte på å innføre
krav til grunngjeving frå leverandørar som opererer med store skilnader
i innkjøpsprisar
-
opprette eit daglegvaretilsyn
som skal handheve lov om god handelsskikk
-
vurdere konkurranseverknader
av marknadsmakta daglegvaregrupperingane har i fleire marknader,
og om det er behov for nye verkemiddel eller endringar i gjeldande
regelverk.
-
vurdere om konkurranseomsyn
kan takast inn som eksplisitte omsyn i plan- og bygningslova
-
kartleggje omfanget
av konkurranseavgrensande åtferd som avgrensar tilgang til butikklokale
-
greie ut verknader
av å innføre ein standardisert konkurransetest ved etablering av
nye butikkar
-
sjå på korleis det
i større grad kan leggjast til rette for konkurranse frå tilgrensande
marknader i verdikjeda for daglegvarer
-
undersøkje om det
er reell tilgang på grossisttenester for nye aktørar
-
vurdere behovet for
regulering av tilgang på grossisttenester, og korleis ei slik regulering
kan bli utforma
-
kartleggje lønnsemd
og selskapsstrukturar i verdikjeda for daglegvarer
-
jobbe vidare med
kunnskapen og anbefalingane frå rapporten Årsaker til ulike innkjøpspriser
(2019) frå Oslo Economics om marknadsmessige verknader av oppdeling
av store offentlege kontraktar
-
kartleggje omfanget
av eksklusivitetsavtalar mellom daglegvaregrupperingar og leverandørar,
og vurdere korleis slike eksklusivitetsavtalar påverkar vareutvalet
forbrukarane får i butikkane
-
vurdere konkurranseverknader
av franchisekontraktar i daglegvaremarknaden
-
greie ut om det er
behov for nye verkemiddel i konkurransepolitikken for å handtere
moglege framtidige konkurranseutfordringar som den kommersielle
og teknologiske utviklinga skaper.
Regjeringa
peiker på at i sum vil tiltaka i denne meldinga kunne lempe på etableringshindringar,
styrke konkurransen i verdikjeda for daglegvarer, auke forbrukarvelferda
og effektivisere ressursbruken. Tiltaka har samla sett små administrative
konsekvensar. Nokre av tiltaka vil medføre auka administrative konsekvensar hos
Konkurransetilsynet og aktørane i bransjen. Dette gjeld særleg tiltaka
knytte til styrkt kontroll med innkjøpsprisar.
Regjeringa viser
til at det per i dag er vanskeleg å talfeste dei økonomiske og administrative
konsekvensane av dei nye tiltaka som meldinga varslar ei nærmare
vurdering av. Nye tiltak i denne stortingsmeldinga som har økonomiske
konsekvensar, blir dekte innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene
eller med atterhald om når dei kan gjennomførast.