1. Sammendrag

Barnekonvensjonen gir barn og ungdom under 18 år eit særleg menneskerettsvern. Det er eit overordna prinsipp i barnevernlova § 4-1 at ein skal leggje avgjerande vekt på kva som er til det beste for barnet når ein vel tiltak.

Målet med undersøkinga til Riksrevisjonen var å vurdere om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barnet ved plassering og oppfølging av barn i private og statlege barnevernsinstitusjonar, og eventuelle svake sider ved området. Undersøkinga omfattar perioden 2017 til 2019.

Alle barn og unge som veks opp i Noreg, skal ha trygge og gode oppvekstvilkår. Det vil seie at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få nødvendig hjelp, omsorg og vern, jf. lov om barneverntjenester (barnevernlova) § 1-1. Eit av tiltaka som kan setjast i verk, er å plassere barn anten i ein privat eller statleg barnevernsinstitusjon.

Det er det kommunale barnevernet som vel kva tiltak som skal settast i verk for eit barn. Eit av tiltaka som kan settast i verk, er å plassera barn i anten ein privat eller statleg barnevernsinstitusjon. Dersom det ligg føre samtykke til plasseringa frå ein forelder, eventuelt frå barnet sjølv, er det det kommunale barnevernet som gjer vedtak om plassering. Bufetat har plikt til å tilby det kommunale barnevernet ein plass i ein barnevernsinstitusjon som er tilpassa det enkelte barnet sitt behov. Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker avgjer om det skal fattast tvangsvedtak om å ta over omsorga for eit barn etter barnevernlova § 4-12. Ved omsorgsovertaking avgjer fylkesnemnda kva institusjon barnet skal plasserast i.

For eit barn vil det vere ei stor endring i livet å flytte inn på ein barnevernsinstitusjon. Dette vil seie at det offentlege tek over ansvaret i ein krevjande situasjon for dei mest sårbare barna. Val av barnevernsinstitusjon og oppfølging undervegs på institusjonen er avgjerande for utviklinga og framtida til barnet. Ved plassering på institusjon skal det kommunale barnevernet følgje opp barnet undervegs. Bufetat har eit ansvar for etablering og drift av institusjonar og for at det finst eit tilstrekkeleg, differensiert og tilgjengeleg tilbod med god kvalitet. Det er også eit krav om at valet av plasseringsstad til kvart enkelt barn er forsvarleg.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i disponeringsbrev til Bufetat lagt vekt på kor viktig det er at barn og unge har ei positiv utvikling under opphaldet på barnevernsinstitusjonane. Barna skal ha det betre og ha fleire moglegheiter for meistring når dei reiser frå institusjonen enn då dei blei plasserte i han.

Bakgrunnen for undersøkinga er fleire alvorlege hendingar ved barnevernsinstitusjonar dei seinare åra som viser at barn ikkje alltid får den omsorga og behandlinga dei har behov for og krav på. Per 31. desember 2019 var totalt 774 barn plasserte i barnevernsinstitusjonar. 498 av barna var plasserte i private barnevernsinstitusjonar, medan dei resterande 276 barna var plasserte i statlege barnevernsinstitusjonar.

Undersøkinga har mellom anna teke utgangspunkt i desse vedtaka og føresetnadene frå Stortinget:

  • Lov om barneverntjenester (barnevernlova)

  • Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjoner (Forskrift om internkontroll i institusjoner)

  • Innst. 395 L (2012–2013), jf. Prop. 106 L (2012–2013) Endringar av barnelova

  • Innst. 186 S (2009–2010), jf. Dokument 8:21 S (2009–2010) Representantforslag for å sikre full barnvernsdekning

Rapporten blei lagd fram for Barne- og familiedepartementet ved brev 24. mars 2020. Departementet har i brev 8. mai 2020 gitt kommentarar til rapporten. Kommentarane er i hovudsak innarbeidde i rapporten og i Riksrevisjonens dokument.

1.1 Hovudfunn

  • Behova til fleire barn blir ikkje godt nok kartlagde ved val av barnevernsinstitusjon.

  • Fleire barn blir ikkje godt nok følgde opp under opphaldet på barnevernsinstitusjonar.

  • Systemet for kvalitetssikring av barnevernsinstitusjonar har ikkje fungert godt nok.

  • Brot på rutinar for kjøp av institusjonsplassar aukar risikoen for både dyre innkjøp og for at det ikkje blir teke nok omsyn til behova til barn.

1.2 Merknadene frå Riksrevisjonen

1.2.1 Behova til fleire barn blir ikkje godt nok kartlagde ved val av barnevernsinstitusjon

I dei tilfella der det kommunale barnevernet på bakgrunn av undersøkingar har vurdert at barnet bør plasserast på barnevernsinstitusjon, sender dei ei tilvising til inntakseininga til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) i den regionen som kommunen høyrer til. Bufetat skal så finne ein eigna plass til barnet i ein statleg eller privat institusjon. Ved plassering av barn i barnevernsinstitusjonar skal val av barnevernsinstitusjon og tilbodet som blir gitt, vere tilpassa til behova til kvart enkelt barn, jf. barnevernlova § 4-1. Dei regionale inntakseiningane i Bufetat skal ved val av institusjon ta utgangspunkt i den informasjonen om barnet som dei får frå det kommunale barnevernet. I tillegg har dei eit sjølvstendig ansvar for å be om nødvendig og utfyllande informasjon om barnet ved behov.

Undersøkinga viser at Bufetat plasserer barn i barnevernsinstitusjonar utan at det ligg føre tilstrekkeleg informasjon om behova til barnet. Det vil seie at Bufetat ikkje har nok informasjon om barnet til å kunne velje den barnevernsinstitusjonen som kan gi barnet best tilbod. Tilstrekkeleg informasjon om behova til barnet er avgjerande for at val av institusjon blir tilpassa behova til kvart enkelt barn.

I dei regionale inntakseiningane i Bufetat har inntaksrådgivarane det praktiske ansvaret for val av barnevernsinstitusjon og oppfølging av barn i institusjonar. I spørjeundersøkinga fekk inntaksrådgivarane spørsmål om informasjonen dei hadde om barnet før dei skulle velje barnevernsinstitusjon.

Undersøkinga (jf. Figur 1 i dokumentet frå Riksrevisjonen) viser at elleve prosent av inntaksrådgivarane opplyste at dei ikkje hadde nok informasjon til å vurdere risikoen og behova til barnet før det blei plassert, ved førre plassering i ein barnevernsinstitusjon. Funnet frå spørjeundersøkinga blir stadfesta i intervju med regionane i Bufetat, som seier at barn i enkelte tilfelle blir plasserte både i private og i statlege institusjonar utan at det finst nok informasjon til å vurdere behova deira. Manglande informasjon om behova til barn før plassering i institusjon kan ifølgje regionane i Bufetat forklarast med manglar ved opplysningane om barnet frå det kommunale barnevernet til Bufetat, ventetid på informasjon om barnet frå psykisk helseteneste og tidspress for inntaksrådgivarane i etaten.

Ved plassering av barn i barnevernsinstitusjonar er det krav om at grunngivinga for val av barnevernsinstitusjon skal dokumenterast, samtidig som barn har rett til å bli høyrde og medverke i si eiga sak. Desse krava til dokumentasjon og medverknad blir i mange tilfelle ikkje etterlevde. Riksrevisjonen har gått gjennom eit utval saker der barn er plasserte i barnevernsinstitusjonar. 14 av desse var plasseringar i private barnevernsinstitusjonar som blei starta opp etter at den gjeldande rutinen blei innført. Av desse manglar ni av plasseringane dokumentasjon på grunngiving for val av barnevernsinstitusjon i samsvar med rutinen. Tilsvarande er det gått gjennom 15 saker med barn som er plasserte i statlege barnevernsinstitusjonar, og blant desse mangla det dokumentasjon på grunngiving for val av institusjon i to av sakene.

Saksgjennomgangane av plasseringar i statlege og private barnevernsinstitusjonar viser at det ikkje finst eit felles system for korleis medverknaden til barn skal gjerast synleg. I dei sakene som er gått gjennom, er det vanskeleg å sjå både om og korleis Bufetat har henta inn og vurdert synspunkta til barna.

Når eit barn blir plassert i ein barnevernsinstitusjon utan at det ligg føre tilstrekkeleg informasjon om behova til barnet, kan det føre til feil val av institusjon og at plasseringane ikkje er tilstrekkeleg tilpassa behova til barnet. Utilstrekkeleg kartlegging av behova til barn gir risiko for feilplassering, med dei belastningane det kan innebere for eit barn i ein allereie vanskeleg situasjon. Ein mogleg konsekvens av feilplassering er utilsikta flytting av barn mellom institusjonar.

Statistikk frå Bufdir viser at mange barn flyttar mellom institusjonar og andre tiltak. 61 pst. av barna flyttar minst éin gong etter at dei blei flytta ut av heimen, og tolv prosent har flytta fire eller fleire gonger, jf. figur 2 i dokumentet frå Riksrevisjonen.

Sjølv om det kan vere gode grunnar til mange av flyttingane, vil Riksrevisjonen likevel peike på den risikoen for feilplassering som utilstrekkeleg kartlegging av behova til barn inneber. Riksrevisjonen meiner at konsekvensane kan vere alvorlege for barna det gjeld.

1.2.2 Fleire barn blir ikkje godt nok følgde opp under opphaldet på barnevernsinstitusjonar

Institusjonsopphaldet skal bidra til å gi barn trygge rammer, utviklingsmoglegheiter, auka livskvalitet og varige, positive endringar i livet, jf. Innst. 395 L (2012–2013), jf. Prop. 106 L (2012–2013). Det skal mellom anna leggjast til rette for at barna kan fullføre skulegang og få nødvendig psykisk helsehjelp.

Undersøkinga viser at det finst barn som ikkje blir godt nok følgde opp medan dei er plasserte på barnevernsinstitusjonar. Mellom anna skal institusjonane utarbeide handlingsplanar for barna. Handlingsplanar skal skildre korleis barnevernsinstitusjonane arbeider for å nå måla som er sette av det kommunale barnevernet for kvart enkelt barn. Planen skal vere utarbeidd i samarbeid med barnet.

Saksgjennomgangen av dei private plasseringane viser at 17 av 25 plasseringar har manglar ved handlingsplanen som er lagra i fagsystemet BiRK. For tolv av barna hadde Bufetat ikkje henta inn handlingsplan. For dei fem siste barna mangla handlingsplanen for delar av tida barnet var på institusjonen. Gjennomgangen viser at i dei tilfella der handlingsplanen er klar på rett tidspunkt, varierer det om han blir oppdatert i løpet av plasseringa.

Saksgjennomgangen av sakene til 15 barn som var plasserte i statlege barnevernsinstitusjonar, viste at det mangla handlingsplanar for delar av opphaldet for 10 av barna. For eitt av barna var det ikkje utarbeidd nokon handlingsplan.

I tillegg til handlingsplanar skal Bufetat utarbeide oppfølgingsplanar for barn som er plasserte i private barnevernsinstitusjonar. Føremålet med oppfølgingsplanen er å sikre at Bufetat følgjer opp plasseringa på ein tenleg måte. Oppfølgingsplanar manglar for heile eller delar av plasseringa i 20 av dei 25 private plasseringane Riksrevisjonen har gått gjennom. I sju av desse plasseringane manglar oppfølgingsplanen fullstendig.

Undersøkinga viser også at det er mange døme på at det manglar rapportering om utviklinga til barnet for heile eller delar av opphaldet. For 10 av dei 25 barna i private barnevernsinstitusjonar manglar det rapportering for heile eller delar av perioden. Liknande manglar er avdekte blant dei statlege institusjonane, der det for 12 av dei 15 undersøkte sakene manglar rapportering for heile eller delar av perioden.

Når eit barn flyttar ut av ein institusjon, skal det gjennomførast ei evaluering av opphaldet til barnet og skrivast ein sluttrapport. Saksgjennomgangen av plasseringar i private institusjonar viser at det manglar dokumentasjon på sluttrapport i 11 av 15 avslutta plasseringar. I saksgjennomgangen av plasseringar i statlege institusjonar manglar det dokumentasjon på sluttrapport i 7 av 12 avslutta plasseringar.

Barn i barnevernsinstitusjonar har i stor grad behov for psykisk helsehjelp. Ifølgje rapporten Psykisk helse hos barn og unge i barnevernsinstitusjoner frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er om lag 76 pst. av barna på barnevernsinstitusjonar diagnostiserte med éi eller fleire psykiske lidingar. I årsrapportane til regionane i Bufetat for 2019 kjem det fram at det er stor variasjon i om barn som har behov for psykisk helsehjelp, får dette medan dei er plasserte på institusjonen. Den rapporterte prosentdelen barn som får nødvendig psykisk helsehjelp, varierer frå 46 pst. i region midt til 57 pst. i region nord. Undersøkinga viser at det er lite dokumentasjon og rapportering om kva behov det enkelte barnet har for psykisk helsehjelp. Institusjonane rapporterer sjeldan om kva behandling barn eventuelt får, og korleis det blir lagt til rette for at barn skal ta imot psykisk helsehjelp.

Bufdir opplyser i intervju at det er behov for betre psykisk helsehjelp for barn i barnevernsinstitusjonar, og at dei ikkje får god nok hjelp i dag. Også Barne- og familiedepartementet erkjenner at det historisk sett har vore for lite merksemd rundt å tilby tilstrekkeleg psykisk helsehjelp til barn i barnevernet.

I dei tilfella der det kommunale barnevernet ber om ein plass i ein institusjon for barn med alvorlege åtferdsvanskar, skal dei bruke eit kartleggingsverktøy for å vurdere målgruppa og problembelastninga til barnet. Målet er at barnet skal ha ei lågare problembelastning når det blir skrive ut, enn det hadde då det blei plassert. Resultata for 2018 viser at barn som ved plassering blei vurderte til å ha den høgaste risikoen for ei uønskt utvikling, ikkje hadde ei tilsvarande positiv utvikling som andre grupper.

Barn skal få høve til å medverke også under opphaldet i institusjonen. Undersøkinga viser at det varierer korleis og i kva grad dette skjer. I dokumentasjonen som ligg føre, er det mellom anna ikkje gjort tydeleg kva barnet synest om institusjonsopphaldet. Manglande og varierande dokumentasjon tyder på at det ikkje finst noka systematisk tilnærming til korleis Bufetat sikrar medverknaden til barn.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har ansvaret for at Bufetat sikrar det beste for barnet medan barnet er plassert på ein barnevernsinstitusjon. Direktoratet har utarbeidd rutinar og retningslinjer som skal sikre dette. Undersøkinga visar at barn ikkje blir følgde opp i samsvar med rutinar og retningslinjer. Dette gjeld mellom anna manglande utarbeiding av planar for barn i barnevernsinstitusjonar og manglande rapportering om utviklinga til barna. I tillegg er det døme på manglande dokumentasjon og rapportering på psykisk helsehjelp og barna sin medverknad. Oppfølginga frå Bufetat er dermed ikkje tilstrekkeleg for å sikre utviklinga og framtida til alle barn som er på barnevernsinstitusjonar. Riksrevisjonen meiner dette er alvorleg, og vil samtidig peike på at manglande dokumentasjon gjer det vanskeleg å etterprøve om tilbodet har vore til det beste for barna.

1.2.3 Systemet for kvalitetssikring av barnevernsinstitusjonar har ikkje fungert godt nok

Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar skal sikre at institusjonane har føresetnader for å utøve ansvaret dei har for å gi barna forsvarleg omsorg og behandling. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) skal minst éin gong i året gjennomføre ein kontroll av kvar institusjon.

Revisjonen har gått gjennom 161 rapportar frå Bufetat som handlar om kontroll og godkjenning etter forskrift om internkontroll i institusjonar for åra 2017–2019.

Tabell 1 Talet på brot på forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i institusjonar

2017

2018

2019

Sum

§ 1. Institusjonsplan

2

1

3

6

§ 2. Målgruppe, målsetting og metodikk

1

2

4

7

§ 3. Materielle krav

0

1

0

1

§ 5. Krav til bemanning og de ansattes kompetanse

8

9

6

23

§ 7. Medisinsk tilsyn og behandling

0

0

0

0

§ 9. Beboers medvirkning

0

1

1

2

§§ 10-13. Særlige regler om internkontroll i barnevernsinstitusjoner

3

6

2

11

Talet på brot

14

20

16

50

Talet på rapportar som er gjennomgått

63

58

40

161

Kjelde: Gjennomgang frå Riksrevisjonen av rapportar for kontroll og godkjenning av barnevernsinstitusjonar

Tabell 1 viser kor mange brot det var på forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i institusjonar blant gjennomgåtte rapportar knytte til kontroll og godkjenning av barnevernsinstitusjonar. Bufetat fann brot på forskrifta i 50 av 161 kontrollar. 23 av brota handlar om krav til bemanning og kompetansen til dei tilsette. I same periode er det brot på § 2 i forskrifta i sju tilfelle. I desse tilfella har Bufetat vurdert at institusjonen ikkje har teke i bruk rutinar som er etisk og fagleg forsvarlege, eller at rutinane ikkje er tilpassa målgruppa til institusjonen. Ved brot på forskrifta krev Bufetat at institusjonane rettar opp i brota innan gjeven tidsfrist.

I tillegg til dei årlege kontrollane skal inntaksrådgivarane i Bufetat jamleg registrere mishald og avvik ved kontraktar og plasseringar. For at inntaksrådgivarane skal kunne registrere dette, er det ein føresetnad at dei har kjennskap til systema der dette skal registrerast. Spørjeundersøkinga viser at om lag 20 pst. av inntaksrådgivarane i Bufetat ikkje kjenner til system for rapportering om avvik og mishald på institusjonsnivå. Bufetat har fram til mars 2020 ikkje hatt eit felles system for rapportering av mishald og avvik hos institusjonar.

Samla sett viser undersøkinga at systemet for oppfølging av institusjonar ikkje i tilstrekkeleg grad har sikra kvaliteten i tilbodet som er gitt til barna. Konsekvensen kan vere at barn ikkje får forsvarleg omsorg og behandling, og at tenestene som blir leverte, ikkje er tilpassa behova deira. Riksrevisjonen meiner dette er alvorleg for barna det gjeld.

1.2.4 Brot på rutinar for kjøp av institusjonsplassar aukar risikoen for både dyre innkjøp og for at det ikkje blir teke nok omsyn til behova til barn

For å sikre eit tilbod som er tilpassa til dei behova barna har, er det nødvendig å ha eit breitt og godt tilbod av institusjonsplassar. I Innst. 186 S (2009–2010) har familie- og kulturkomiteen peika på at den statlege regionale barnevernsmyndigheita har ansvaret for at det i kvar region finst eit nødvendig tal på institusjonsplassar som er tilstrekkeleg differensierte ut frå til behova i regionen, og at dei er godt nok differensierte ut frå behova til barna som skal plasserast.

Barn som treng eit institusjonstilbod, skal i hovudsak få dette gjennom statlege barnevernsinstitusjonar eller nasjonale rammeavtalar med leverandørar av private barnevernsinstitusjonar. Bufdir kjøper og inngår rammeavtalar på vegne av dei fem regionane i Bufetat. I nokre tilfelle vil det vere behov for så stor grad av tilpassing av institusjonsplassen at dette apparatet ikkje vil kunne dekkje det konkrete behovet til barnet. Då er det nødvendig med enkeltkjøp av plassar. Enkeltkjøp skal berre nyttast i tilfelle der behova til barnet ikkje blir dekte av rammeavtalen, og dersom inntakseiningane i Bufetat har informasjon som tilseier at dette er det beste for barnet.

Undersøkinga viser at det er utfordrande å dimensjonere tilbodet av institusjonsplassar rett innanfor det systemet som eksisterer i dag. Fleire regionar seier at dei ikkje er nøgde med kapasiteten og det tilbodet som finst gjennom statlege institusjonar og rammeavtalar med private leverandørar. Årsaka er at det ikkje alltid finst ledige plassar som er tilpassa dei behova barna har. Dette fører til fleire enkeltkjøp. Direktoratet opplyser at det er krevjande å tilpasse kapasitetsutnyttinga rett. Også departementet peikar på at kapasitetsutnytting er krevjande, og viser til at Bufetat dei seinare åra har opplevd auka omfang av problem hos barn som er blir plasserte på institusjon. Nokre barn har svært omfattande og komplekse behov som det er vanskeleg å gi eit godt tilbod til innanfor rammene av den planlagde institusjonskapasiteten.

I løpet av perioden 2016 til 2019 har dei totale kostnadane i samband med plasseringar i både private og statlege barnevernsinstitusjonar auka med 31 pst. – frå 2,5 mrd. kroner i 2016 til 3,3 mrd. kroner i 2019, medan talet på plasserte barn har vore stabilt. Undersøkinga viser at kostnadane i samband med enkeltkjøp av plassar i private institusjonar har auka med 130 pst. frå 2016 til 2019, medan det har vore ein reduksjon i kostnadane på 14 pst. når det gjeld kjøp av plassar i barnevernsinstitusjonar gjennom rammeavtalar. Talet på barn i private barnevernsinstitusjonar har samla sett vore relativt stabilt i perioden.

Når eit barn skal plasserast i ein privat barnevernsinstitusjon, har Bufetat ansvaret for kjøp av plass og for at det blir inngått ein avtale. Forvaltningslova og barnevernlova stiller strenge krav til dokumentasjon og forsvarleg praksis ved førebuing, gjennomføring og avslutning av innkjøpa. Bufdir har utarbeidd retningslinjer for å sikre god gjennomføring av slike kjøp. Undersøkinga viser at Bufetat i mange tilfelle ikkje følgjer desse rutinane for innkjøp. Dette gjeld både ved bruk av rammeavtalar og ved enkeltkjøp.

Enkeltkjøp skal gjerast når barn treng spesiell tilrettelegging, og det er krav om grunngiving for valet av slike kjøp. Undersøkinga viser at det blir gjennomført enkeltkjøp utan at det blir grunngitt, og at det er manglar ved avtaledokumenta. Manglane handlar mellom anna om at innhaldet i avtalane for kvar enkelt plassering ikkje er spesifisert, at det manglar signering, eller at delar av avtalane ikkje har blitt utarbeidde. I saksgjennomgangen blei det funne døme på at eit barn var plassert i eitt år utan at det fanst ein signert avtale, og at det ikkje blei definert krav til bemanning på institusjonen.

For å kunne gjennomføre gode prosessar for kjøp, utarbeiding og oppfølging av kontraktar for plassar i private barnevernsinstitusjonar er det ein føresetnad at Bufetat både har og nyttar nødvendig innkjøpskompetanse. Undersøkinga viser at mange av inntaksrådgivarane i Bufetat ikkje har nok merkantil kompetanse. 71 pst. svarer i spørjeundersøkinga at dei treng meir kompetanse når det gjeld kontraktsforhandlingar med private leverandørar. Enkelte av inntaksrådgivarane bruker heller ikkje støttefunksjonen eining for inntaksstøtte i samsvar med rutinane. Eining for inntaksstøtte skal gi råd og rettleiing ved kjøp av barnevernstenester frå private leverandørar og i juridiske spørsmål på området. Samtidig avdekte eining for inntaksstøtte avvik i 26 pst. av alle kvalitetssikra kjøp i 2019.

Kostnadene ved enkeltkjøp har meir enn dobla seg dei seinare åra, og det viser kor viktig det er at rutinar ved gjennomføring av enkeltkjøp blir følgde. I tillegg aukar risikoen for kostbare enkeltkjøp i dei tilfella der inntaksrådgivarane berre kontaktar éin leverandør når dei hentar inn tilbod. Saksgjennomgangen viser at dette var tilfellet i fem av tolv saker der det ligg føre innkjøpslogg.

Dei nemnde funna om brot på interne retningslinjer i Bufetat – kombinert med for dårleg merkantil kompetanse blant inntaksrådgivarane i Bufetat – skaper risiko for dyrare kjøp av institusjonsplassar. Vidare kan gjennomføring av enkeltkjøp utan at det ligg føre ei grunngiving, gi større risiko for at det ikkje blir teke nok omsyn til behova til barn. Riksrevisjonen meiner dette er sterkt kritikkverdig.

1.3 Tilrådingane frå Riksrevisjonen

Riksrevisjonen tilrår at Barne- og familiedepartementet sørgjer for:

  • at val av barnevernsinstitusjon blir tilpassa behovet til kvart enkelt barn, og at barnet får høve til å medverke til livssituasjonen sin

  • at det ligg føre tilstrekkeleg dokumentasjon på dei vurderingene som ligg til grunn for val av barnevernsinstitusjon, og at utviklinga til barnet på barnevernsinstitusjonen blir evaluert og dokumentert

  • at det blir utarbeidd planar som skal sikre utviklinga til barn på barnevernsinstitusjonar

  • at barnevernsinstitusjonane legg til rette for at barn får nødvendig psykisk helsehjelp under opphaldet på barnevernsinstitusjonar

  • at Bufetat følgjer opp kvaliteten i barnevernsinstitusjonar på ein god måte

  • at Bufetat har tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføre enkeltkjøp, og at kjøpa blir gjort i samsvar med rutinar.

1.4 Oppfølginga frå departementet

Barne- og familieministeren skriv at undersøkinga til Riksrevisjonen viser at det er svakheiter i arbeidet med å gi eit godt tilbod til barn i institusjonsbarnevernet. Rapporten er eit viktig bidrag i forbetringsarbeidet som er i gang på området. Statsråden tek funna til Riksrevisjonen alvorleg og merkar seg tilrådingane. Revisjonen viser ifølgje statsråden behovet for eit systematisk forbetringsarbeid på ei rekkje felt i institusjonsbarnevernet, noko departementet vil følgje opp i styringsdialogen med Bufdir. Samtidig påpeikar statsråden at dei utfordringane undersøkingane har avdekt, i stor grad allereie var kjende, og at det i mange tilfelle er sett i verk og planlagt tiltak. Korleis tiltaka som allereie er sette i verk, vil bidra til å redusere dei svakheitene Riksrevisjonen har peika på, er ifølgje statsråden i liten grad vurderte i rapporten.

Slik statsråden ser det, kunne det også ha vore problematisert i rapporten i kva grad manglar i dokumentasjonen av eit gitt tilbod nødvendigvis inneber reelle manglar i tilbodet som er gitt barna. Manglande dokumentasjon er alvorleg, og er eit funn i seg sjølv, men det betyr slik statsråden ser det, ikkje nødvendigvis at reell oppfølging eller medverknad ikkje har funne stad. Samtidig viser statsråden til at krav til dokumentasjon også har vore sentralt i avgjerder frå Den europeiske menneskerettsdomstolen og Høgsteretts storkammer. Departementet vil på denne bakgrunnen vurdere om ein bør føreslå ei eiga føresegn om dokumentasjon og journalplikt i proposisjonen om ny barnevernlov, som etter planen skal sendast til Stortinget våren 2021.

Statsråden framhevar at for å gi barn eit godt institusjonstilbod er Bufetat avhengige av god informasjon frå andre aktørar og instansar, og god samhandling med desse. Statsråden viser til at det er den kommunale barnevernstenesta som har ansvaret for å undersøkje situasjonen og behova til barnet, og å be Bufetat om støtte ved plassering. Val av tiltak for det enkelte barnet føreset derfor samhandling og fagleg dialog mellom det statlege og det kommunale barnevernet. Statsråden framhevar at gode vurderingar av behova til barnet er viktig for vellykka institusjonsopphald. Både i Bufetat og i departementet er det gjennomført og planlagt prosessar som skal bidra til ein betre praksis framover. Statsråden viser mellom anna til implementering av standardisert forløp og eit nytt tilvisingsskjema som stiller høgare krav til skriftleggjering av vurderingane kommunen gjer av behova til barnet. Det er samtidig ein del kommunar som førebels må følgjast opp for å sikre at tilvisingsskjemaa blir brukte, og at informasjonen som blir gitt, er fullstendig. Statsråden opplyser i tillegg om at det i høyringsnotatet til ny barnevernlov er føreslått ei ny føresegn som gir institusjonen ein klarare heimel til å kartleggje barn under opphaldet.

Behovet for tiltak når det gjeld psykisk helsehjelp for barn som det offentlege tek over ansvaret for, har ifølgje statsråden vore kjent over tid. Barne- og familiedepartementet har over fleire år samarbeidd med Helse- og omsorgsdepartementet om tiltak for dei barna det gjeld. Statsråden viser også til at Bufdir, i samarbeid med Helsedirektoratet, har greidd ut eit forslag om å lovfeste ei plikt for barnevernstenesta til å be om kartlegging av den psykiske og somatiske helsa til barnet. I tråd med forslaget vil helse- og omsorgstenesta få ei korresponderande plikt til å tilby ei slik kartlegging.

Statsråden er oppteken av at opphaldet i institusjon skal gi barna trygge rammer og utviklingsmoglegheiter. Dette inneber mellom anna at barna blir sikra tilstrekkeleg skulegang og helsehjelp. At det er fleire barn som ikkje blir godt nok følgde opp medan dei er i det statlege barnevernet, er etter hennar meining ikkje godt nok. Samtidig er det ifølgje statsråden viktig å få fram at Bufetat er i gang med eit omfattande forbetringsarbeid på dette området. Statsråden opplyser i samband med dette at det nye saksbehandlingssystemet og barnevernsfaglege kvalitetssystemet vil bli implementert frå utgangen av 2022.

Statsråden viser også til at det er sett i verk fleire tiltak for å styrkje praktiseringa av medverknad, mellom anna nytt tilvisingsskjema frå kommunane, tilbod om avklaringsmøte med barna før plassering i institusjon og opplæring av tilsette. I tillegg arbeider Bufetat med tilpassing og utvikling av systemstøtta til medverknad i det interne saksbehandlingssystemet.

Statsråden påpeikar at enkelte av Riksrevisjonens funn om svakheiter ved kvalitetssikringa av barnevernsinstitusjonar kan kome av at institusjonseigaren si oppfølging av påpeikingane frå Bufetat har vore mangelfull. Statsråden presiserer likevel at Bufetat sjølv har identifisert behovet for tiltak for å betre kvalitetssikringa av institusjonstilbodet, og dei har jobba systematisk med dette over tid. I 2019 blei det mellom anna utvikla ein felles kontrollmetodikk for Bufetat. Implementeringa av standardiserte forløp vil også bidra til at kvaliteten i tilbodet blir følgd opp betre. Bufetat bruker same kontrollmetodikken for både statlege og private institusjonar. I høyringsnotat til ny barnevernlov blei det samtidig føreslått at det skal stillast krav om at det blir gjort vedtak om godkjenning av statlege barnevernsinstitusjonar etter same vilkår som gjeld for godkjenning av private institusjonar. Barne- og familiedepartementet vil på bakgrunn av innspela i høyringa vurdere forslaget nærmare i arbeidet med proposisjon om ny barnevernlov.

Ein vesentleg del av institusjonstilbodet blir gitt av private aktørar. God kvalitet krev god dialog med, og oppfølging av, desse. Statsråden framhevar at Bufdir derfor har halde fram utviklingsarbeidet innanfor kjøp av barnevernstenester. Føremålet er å sikre at tenestene blir leverte i tråd med kontrakten, at tenesteutvikling i private tiltak skjer i tråd med nasjonale faglege tilrådingar, og at kontraktane alltid dekkjer dei behova etaten har. Statsråden påpeikar vidare at Riksrevisjonens vurdering knytt til utvikling av kostnadsbiletet ikkje eintydig kan knytast til rutinesvikt. Dette bør etter hennar oppfatning også sjåast opp mot ei utvikling over tid, der etaten opplever at barn og unge som blir viste til institusjon, har meir omfattande og komplekse behov. Dette utfordrar både tenestene til Bufetat og andre tenester etaten er avhengig av for å løyse oppgåvene sine, som skule og psykisk helsevern. Enkeltkjøp blir gjorde for å gi tilstrekkeleg kvalitet i tilbodet til barn, som i mange tilfelle er mellom dei mest sårbare og har dei mest omfattande behova. Statsråden er likevel einig i tilrådinga frå Riksrevisjonen og meiner det er viktig at enkeltkjøpa blir gjorde på ein best mogleg måte.

1.5 Sluttmerknad frå Riksrevisjonen

Riksrevisjonen merkar seg at statsråden tek funna til Riksrevisjonens alvorleg.

Statsråden viser til at det er det kommunale barnevernet som har ansvaret for å undersøkje situasjonen og behova til barnet. Det gjer at val av tiltak for det enkelte barn vil vera avhengig av samhandling og faglig dialog mellom det statlege og det kommunale barnevernet. Riksrevisjonen er einig i dette, men vil likevel peike på at Bufetat har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit forsvarleg tilbod til barn i barnevernsinstitusjonar. Riksrevisjonen vil vidare understreke at statsråden har det overordna ansvaret for å sikre at barna får dekt dei behova dei har. Dette inneber mellom anna eit ansvar for å sjå til at samhandlinga mellom det statlege og det kommunale barnevernet fungerer godt.

Riksrevisjonen merkar seg at statsråden meiner at manglande dokumentasjon ikkje nødvendigvis inneber at tilbodet til barna er mangelfullt. Riksrevisjonen meiner at manglande dokumentasjon utgjer ein risiko for at tilbodet til barn er mangelfullt. Dokumentasjon er avgjerande for å sikre kvaliteten på tilbodet som blir gitt til barn i barnevernsinstitusjonar. Samtidig er dokumentasjon, til dømes gjennom planar for barnet og rapportar om utviklinga til barnet, viktig for å velje rett tiltak for barnet også for framtida. Riksrevisjonen framhever dessuten at det er kritikkverdig at manglande dokumentasjon gjør det umogleg å vurdere i etterkant om tilbodet barnet har fått, har vært til det beste for barnet.

Statsråden peikar på at det har blitt satt i verk fleire tiltak dei to siste åra, og at nye tiltak vil bli innført for å sikre det beste for barn i barnevernsinstitusjonar. Riksrevisjonen merkar seg at statsråden meiner at desse tiltaka skulle vært lagt til grunn for dei vurderingane Riksrevisjonen har gjort. Riksrevisjonen peiker på at tiltak må bli implementert og faktisk føre til ei endring i praksisen til barnevernet før det er grunnlag for å vurdere resultata. Undersøkinga har teke utgangspunkt i den faktiske situasjonen ved plassering og oppfølging av barn i barnevernsinstitusjonar i undersøkingsperioden. Som statsråden framhevar, er det behov for eit systematisk arbeid for å forbetre institusjonsbarnevernet på ei rekkje felt. Det er viktig at barne- og familieministeren følgjer opp at tiltaka blir sette i verk og får ønskt effekt.

1.6 Komiteens behandling

Som ledd i behandlingen av saken avholdt komiteen en kontrollhøring mandag 16. november 2020. På grunn av koronasituasjonen ble høringen gjennomført som videokonferanse på Zoom.

Komiteen besluttet at høringen skulle omhandle – men ikke begrense seg til – følgende problemstillinger:

  • 1) Kan flere av Riksrevisjonens påpekninger løses bedre gjennom at barna aktivt høres og får medvirke i kartlegging, valg av plass og gjennomføring av opphold i institusjon, og kan dette bedre situasjonen for barna?

  • 2) Hva er bakgrunnen for at det synes å være manglende kartlegging i kommunene før valg av barnevernsinstitusjon?

  • 3) Hvilke utfordringer oppstår ved at det ikke er kommunen som har det siste ordet ved valg av barnevernsinstitusjon?

  • 4) Er systemet for kvalitetssikring av barnevernsinstitusjonene innrettet slik at det gir de riktige svarene for å sikre kvalitet i tilbudet?

  • 5) Hva må til for å sikre systematisk og god oppfølging av barn under opphold på barnevernsinstitusjonene?

Komiteen ønsket å belyse saken på en bred måte og inviterte deltakere både fra ansvarlige myndigheter, brukere, tilbydere/koordinatorer og de ansattes organisasjoner.

Følgende ble invitert og deltok i høringen:

  • Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad

  • Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

  • Landsforeningen for barnevernsbarn

  • Barneombudet

  • Stendi

  • Ideelt barnevernsforum

  • Kommunesektorens organisasjon (KS)

  • Fellesorganisasjonen (FO)

  • Fagforbundet

  • Barnevernspedagogene i Akademikerforbundet

Det ble tatt stenografisk referat fra høringen, og referatet følger som vedlegg til komiteens innstilling i saken.