1.4 Resultat av det målretta arbeidet med fangst og lagring av CO2
Regjeringa vil bidra
til å utvikle teknologi for fangst, transport og lagring av CO2. Regjeringa presenterte
strategien sin for arbeidet med CO2-handtering
i 2014. Strategien omfattar eit breitt spekter av tiltak innan forsking,
utvikling, demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg
og internasjonalt arbeid.
Teknologisenter
Mongstad har vore i drift sidan 2012. Det er ei lang rekkje teknologileverandørar
som har testa og planlegg å teste sin teknologi ved senteret. CLIMIT-programmet
har støtta utvikling av fleire ulike teknologiar og løysingar som
kan gjere CO2-handtering meir
effektivt og sikkert, og eit nytt forskingssenter for miljøvenleg
energi (FME) dedikert til fangst og lagring av CO2 er oppretta. CLIMIT har
óg finansiert internasjonale prosjekt og kunnskapsdeling gjennom
Accelerating CCS Technology (ACT). Verksemda til ACT er støtta av
EU-kommisjonen gjennom Horizon 2020-programmet.
Gjennom det internasjonale
arbeidet har Noreg bidratt til utvikling av fangst og lagring av
CO2 globalt. Det samla verkemiddelapparatet
har vore godt eigna til å støtte utviklinga av fullskala demonstrasjon
av CO2-handtering i Noreg.
Gassnova SF skal
bidra til teknologiutvikling og kompetanseoppbygging gjennom støtte
til konkrete CO2-fangst-
og lagringsprosjekt. Foretaket har ansvar for sentrale verkemiddel
for utvikling av teknologi for CO2-handtering,
og er Olje- og energidepartementet sin rådgjevar i spørsmål om CO2-handtering. Gassnova forvaltar
staten sine interesser i Teknologisenter Mongstad (TCM) og deler
forvaltingsansvar med Noregs Forskingsråd av det nasjonale forskingsprogrammet
for CO2-handteringsteknologier,
CLIMIT. Fleire aktivitetar i både TCM og CLIMIT har dei siste åra
vore særskilt retta mot å løyse utfordringar i prosjektet som no
får namnet Langskip.
Noreg leier òg eit
konsortium av europeisk distribuert forskingsinfrastruktur ECCSEL
ERIC (European Carbon Dioxide and Storage Laboratory Infrastructure) som
skal styrke Europas forsking på CO2-fangst,
-transport og -lagring.
Internasjonalt samarbeid,
og etterfølgjande anlegg i Europa og verda er ein føresetnad for
at CO2-handtering skal kunne
bli eit effektivt og konkurransedyktig klimaverkemiddel. Det er
også avgjerande for å lukkast med kommersialisering av løysingar
i det norske prosjektet. Noreg har sett i verk ei rekkje tiltak
for å dele kunnskap om CO2-handtering.
Læringseffektar vil medverke til å redusere kostnadene ved CO2-handtering. Samtidig er internasjonalt
samarbeid viktig for å skape auka forståing for kor viktig CO2-handtering er for å nå klimamåla.
Olje- og energidepartementet
arbeider saman med andre departement, utanriksapparatet, Forskningsrådet
og Gassnova for å fremje fangst og lagring av CO2 internasjonalt. Olje- og
energi departementet har òg tett dialog med Europakommisjonen om
CO2-handtering og jobbar
gjennom regionale forum som North Sea Basin Task Force og Nordic
Baltic Networking Group on Carbon Capture, Utilisation and Storage.
Departementet leiar,
saman med USA, Storbritannia og Saudi-Arabia, CO2-handteringsinitiativet under Clean
Energy Ministerial (CEM). Det har samarbeid med Oil and Gas Climate
Initiative (OGCI) og med dei store utviklingsbankane og andre internasjonale
finansinstitusjonar om felles prinsipp for deira finansiering av
CO2-handtering.
Med bakgrunn i strategien for
CO2-handtering i Olje- og
energidepartementets Prop. 1 S (2014–2015), gjennomførte Gassnova
i 2015 ein idéstudie som identifiserte fleire utsleppskjelder og
lagerlokasjonar som kunne vere teknisk eigna for fangst og lagring
av CO2, samt industrielle
aktørar som var interesserte i å delta i vidare studiar. Ei klar
anbefaling frå idéstudien var å etablere ein transport- og lageraktør
som kan tilby tenester til industriaktørar med CO2-utslepp som ikkje har kompetanse
om CO2-transport og -lagring.
Regjeringa la i
Olje- og energidepartementets Prop. 1 S (2016–2017) fram forslag
om å vidareføre arbeidet og gjennomføre moglegheitsstudiar. I moglegheitsstudiane
vurderte Norcem CO2-fangst
ved sementfabrikken i Brevik. Yara vurderte CO2-fangst ved ammoniakkfabrikken
på Herøya, medan Fortum Oslo Varme vurderte CO2-fangst frå energigjenvinningsanlegget
på Klemetsrud. Moglegheitsstudiane vart fullførte sommaren 2016 og
viste at CO2-fangst var teknisk
mogleg å gjennomføre ved alle tre utsleppslokasjonane. Vidare vart
skipstransport og tre moglege lagerlokasjonar studerte.
Olje- og energidepartementet
gjennomførte i 2016 ei konseptvalutgreiing (KVU) for prosjektet.
Konseptvalutgreiinga vart kvalitetssikra av Atkins og Oslo Economics
i KS1 for prosjektet. KS1 anbefalte å ikkje gå vidare med prosjektet
før nyttesida i større grad kunne sannsynleggjerast. Olje- og energidepartementet
tilrådde likevel å vidareføre prosjektet, og det vart sett i gong
eit omfattande arbeid med å identifisere nytteeffektar av prosjektet.
På grunnlag av ein
konkurranse om statsstøtte som Gassnova lyste ut hausten 2016, etablerte
Gassnova våren 2017 avtalar med Fortum Oslo Varme, Norcem og Yara
om studiar av CO2-fangst.
Tilsvarande etablerte Gassnova avtale om studiar av CO2-lagring med Equinor. Equinor
ASA, A/S Norske Shell og Total E&P Norge AS danna sidan eit
samarbeid for studiefasen, kalla Northern Lights.
Stortinget fekk
i Prop. 85 S (2017–2018) eit heilskapleg framlegg om arbeidet med
fullskala CO2-handtering.
Stortinget løyvde midlar til å sette i gong forprosjekt hos Norcem
og Fortum Oslo Varme.
Konseptstudien av
CO2-lagring vart avslutta
hausten 2018. Northern Lights konkluderte i løpet av konseptstudiefasen
med at usikkerheita om lagringskapasiteten i den valde CO2-lagerlokasjonen Smeaheia
var for stor. Endringa til Aurorakomplekset i Johansenformasjonen
minska risikoen i prosjektet samstundes som potensialet for lagring
av CO2 frå andre kjelder
auka.
Departementet har
lagt stor vekt på å arbeide med nyttesida av prosjektet. Gassnova
har levert planar for gevinstrealiseringa ved fleire milepålar gjennom
prosjektfasane. Den siste gevinstrealiseringsplanen byggjer også
på ein oppdatert samfunnsøkonomisk analyse som Gassnova utførte
i samarbeid med DNV GL hausten 2019.