Forslag frå Senterpartiet og
Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
kome attende til Stortinget med ein fullstendig plan for flyttinga
av den maritime overvakingsaktiviteten frå Andøya til Evenes, der
ein gjer greie for løysingar for innfasing, hangarproblematikk,
avising, lagring av ammunisjon og drivstoff samt bemanning, inkludert
støttefunksjonar og økonomi.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
gi innsyn i prosessen kring den fagmilitære tilrådinga kring innfasing
av P-8 for å hindre spekulasjonar om overstyring frå Forsvarsdepartementet.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
leggje fram kalkylar som ligg til grunn for driftskostnadar for
MPA-aktivitet på Andøya og Evenes.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
leggje fram analysar og berekningar som ligg til grunn for plasseringa
av hangar til dei norske P-8-flya.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa
leggje fram ein bemanningsplan som sikrar full operativ drift av
basen på Evenes.