Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jette F. Christensen, leiaren Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg,
Marianne Marthinsen og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Hårek Elvenes,
Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet,
Siv Jensen, Christian Tybring-Gjedde og Morten Wold, frå Senterpartiet,
Emilie Enger Mehl og Liv Signe Navarsete, frå Sosialistisk Venstreparti,
Audun Lysbakken, frå Venstre, Trine Skei Grande, og frå Kristeleg
Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, viser til Representantforslag
87 S (2019–2020) frå stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete,
Sandra Borch, Bengt Fasteraune, Kari Anne Bøkestad Andreassen og
Siv Mossleth om ein fullstendig plan for flyttinga av den maritime
overvakingsaktiviteten frå Andøya til Evenes.
Komiteen viser til opplysningane
i brevet frå forsvarsministeren om representantforslaget, datert 13. mai
2020.
Komiteen viser elles til merknadene
frå komiteen i handsaminga av langtidsplanproposisjonen for forsvarssektoren
2021–2024, Prop. 14 S (2020–2021).
Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet,
Venstre og Kristelig Folkeparti viser til at Stortinget i
2012 vedtok etablering av en fremskutt operasjonsbase for kampfly
på Evenes flystasjon. Disse medlemmer viser
videre til at et stortingsflertall bestående av Arbeiderpartiet, Høyre
og Fremskrittspartiet i behandlingen av langtidsplanen for forsvarssektoren
i 2016 (Innst. 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016)) vedtok
å anskaffe nye maritime patruljefly, samt lokalisere disse på Evenes sammen
med de fremskutte kampflyene.
Disse medlemmer bemerker at
grunnlaget for regjeringens anbefaling om samlingen av de maritime overvåkingsflyene
og den framskutte operasjonsbasen for kampfly på Evenes var en helhetlig
vurdering av både operative og økonomiske forhold. Disse medlemmer viser til at
denne vurderingens konklusjon var at Evenes samlet sett gir Forsvaret
best operativ evne til lavest kostnad.
Disse medlemmer viser til at
det i 2017 ble utarbeidet en konseptvalgutredning som beskriver
utviklingen av kapasitetene ved Evenes flystasjon. Konseptvalgutredningen
og den påfølgende prosjekteringen av fasilitetene for de maritime
flyene har i to trinn vært gjenstand for ekstern kvalitetssikring.
Disse medlemmer viser til at
kvalitetssikringsprosessen har medført en ytterligere gjennomgang
av beregningene som lå til grunn for valget av Evenes, samt forslag
til ytterligere risikoreduserende tiltak for å bidra til at basen
står klar når flyene ankommer. I dette arbeidet har også kostnadene
knyttet til samlingen på Evenes av de maritime overvåkingsflyene
og den framskutte operasjonsbasen for kampfly vært gjennomgått.
Det er disse medlemmers oppfatning
at regjeringen har holdt Stortinget løpende informert om utviklingen
av Evenes flystasjon og flyttingen av den maritime overvåkingskapasiteten
fra Andøya. Dette er gjort blant annet gjennom årlige budsjettproposisjoner,
revidert nasjonalbudsjett og investeringsproposisjoner, men også
gjennom besvarelse av en rekke spørsmål fra Stortinget.
Disse medlemmer viser eksempelvis
til at regjeringen i Prop. 78 S (2019–2020) «Investeringar i Forsvaret»
redegjorde for behov for å endre plasseringen av fasiliteter for
maritime patruljefly, behov for håndtering av baneavisingskjemikalier
og overflatevann, samt en midlertidig løsning for å begynne øving
og trening av besetninger på et tidligst mulig tidspunkt. Regjeringen har
videre blant annet informert Stortinget om håndtering av ammunisjon,
samt i flere omganger besvart spørsmål om ivaretakelse av personell
og kompetanse under overgangen til nytt maritimt patruljefly.
Disse medlemmer viser til at
regjeringen planlegger at Evenes skal være i stand til å overta
NATO-beredskapsoppdrag (QRA) fra Bodø 31. desember 2021. Disse medlemmer viser
til at denne tidsplanen innebærer ferdigstillelse av tilstrekkelige
fasiliteter for F-35 QRA, drivstoff, ammunisjon, forlegninger, spisemesse,
luftvern, forsyninger samt beskyttelse og sikring av basen. Disse medlemmer merker
seg at arbeidet videreføres i 2022 med ferdigstillelse av infrastruktur, fasiliteter
for velferd/idrett samt sykestue.
Disse medlemmer understreker
at det verken i utredningsarbeidet eller gjennomføringen av planlagte tiltak
fra regjeringen har fremkommet forhold som tilsier at forutsetningene
som lå til grunn for Stortingets vedtak, er vesentlig endret.
Komiteens medlemmer fra Venstre og Kristelig
Folkeparti viser til at disse partiene, sammen med Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti under behandlingen av Prop. 151 S (2015–2016)
foreslo å videreføre Andøya flystasjon som base for maritime overvåkningsfly.
Disse medlemmer understreker
imidlertid at komiteens og Stortingets flertall besluttet nedleggelsen av
Andøya flystasjon til fordel for en kraftsamling og utbygging av
Evenes flystasjon.
Disse medlemmer erkjenner at
stortingsflertallet ikke støttet vårt forslag om å bevare Andøya
som flystasjon for maritime overvåkningsfly. Når flertallet ikke
støttet våre partiers foretrukne løsning, er disse medlemmer opptatt av
at den vedtatte løsningen skal skje innenfor økonomisk forsvarlige
rammer, i samsvar med militærfaglige anbefalinger.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet meiner
at vedtaket om å leggje ned Andøya flystasjon er eit historisk feilgrep.
Sett i lys av den negative tryggleiksutviklinga er den norske evna
til maritim overvaking kritisk viktig for norsk forsvarsevne og
for NATO.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti viser til at maritime overvakingsfly er sentrale
med tanke på evna til å oppretthalde naudsynt situasjonsforståing
i eigne nærliggjande havområde. At ein evnar å få dei nye P-8-flya
i lufta snarast mogleg, bør difor ha hovudprioritet. Desse medlemene fryktar at raseringa
av MPA-miljøet på Andøya samt den lange lista av uløyste utfordringar på
Evenes vil føre til at flya vert ståande i USA lenger enn naudsynt,
og at Noreg sin overvakingskapasitet dei neste åra vil svekkast.
Det er også grunn til uro over signal som kan tyde på at regjeringa
ynskjer å ta ned kapasiteten med P3 Orion før dei nye P8-overvakingsflya
er fasa inn og operative. Det kan i så fall gje ein lenger periode med
lågare kapasitet enn naudsynt.
Desse medlemene viser til at
prosessen rundt nedlegginga av Andøya og val av Evenes som ny MPA-base
vart fatta på eit ufullstendig faktagrunnlag. Desse medlemene vil peike på
at utgreiingane som er gjorde sidan vedtaket om å leggje ned Andøya
flystasjon og flytte MPA-basen til Evenes, skulle vore gjord i forkant av
vedtaket. Desse
medlemene viser til at i vanlege planprosessar vert det lagt
ei fullstendig utgreiing til grunn, før ein fattar vedtak. Desse medlemene viser
til at det står att mange potensielle kostnadsdrivande faktorar
for etablering av MPA-basen på Evenes etter at vedtaket vart fatta
for fire år sidan. Desse
medlemene meiner at dersom vedtaket var fatta på eit fullverdig
faktagrunnlag, ville det på dette tidspunktet ikkje stått igjen
så mange ukjende potensielle kostnadsdrivande faktorar.
Desse medlemene viser til store
utfordringar kring handsaming av dette representantforslaget. Det har
vore svært vanskeleg å få relevant informasjon frå regjeringa samt
svar på spørsmål frå forsvarsministeren. Desse medlemene vil peike på
at prosessen rundt krav om innsyn i to dokument vart handtert på
ein kritikkverdig måte.
Desse medlemene viser til at
det er forseinkingar i etablering av basen på Evenes, og ettersom
P-8-flya skal fasast inn på Evenes, er det stilt spørsmål om innfasinga
går etter planen og om dei nye maritime patruljeflya i sin heilskap
skal innfasast på Evenes. Desse medlemene viser til uro
over potensielt auka kostnadar rundt innfasing. Desse medlemene viser til krav om
innsyn i dokument i høve saka, både frå Senterpartiet og frå utanriks-
og forsvarskomiteen, der utanriks- og forsvarskomiteen er nekta
innsyn. Desse medlemene vil
rette sterk kritikk mot forsvarsministeren for prosessen rundt denne
saka og for å nekte Stortinget innsyn i relevante dokument under
handsaminga av Prop. 14 S (2020–2021) og Dokument 8:87 S (2019–2020).
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet vil
peike på at føresetnadane som Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet
la til grunn for å flytte MPA-basen frå Andøya til Evenes har endra
seg vesentleg sidan vedtaket vart fatta i 2016. Desse
medlemene viser til at behovet for langtrekkande luftvern
vart nytta som grunngjeving til å samle både overvakingsfly og jagarfly
på Evenes, jf. Prop. 151 S (2015–2016) og Innst. 62 S (2016–2017):
«Anskaffelse av nytt
langtrekkende luftvern gjennomføres i perioden 2021–2024 og integreres
med NASAMS II-systemet.» (Prop. 151 S (2015–2016) s. 64)
«Komiteen viser til
at regjeringen anbefaler å etablere én base for kampfly og maritime
overvåkingsressurser beskyttet av langtrekkende luftvern og baseforsvar
på Evenes.» (Innst. 62 S (2016–2017) s. 17)
Desse medlemene viser til at
det i Prop. 14 S (2020–2021) går fram at regjeringa ikkje lenger
følgjer opp det som vart lagt til grunn i Prop. 151 S (2015–2016), at
investering i langtrekkande luftvern vert gjennomført i komande
fireårsperiode. Langtrekkande luftvern vert jf. Prop. 14 S (2020–2021)
planlagt skaffa frå 2029. Desse medlemene merkar seg
at regjeringspartia og Arbeidarpartiet likevel ikkje endrar standpunkt
i saka sjølv om føresetnadane er vesentleg endra.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti vil vidare peike på at kostnadsgrunngjevinga
som vart lagd til grunn av Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet
også er vesentleg endra. Kostnadsramma for etableringa av MPA-basen
på Evenes har auka med 1,5 mrd. kroner samanlikna med det som låg
til grunn i Prop. 151 S (2015–2016). Desse
medlemene viser til at Alternativ 1, samling av aktiviteten
på Evenes jf. Prop. 151 S (2015–2016), identifiserte eit investeringsbehov
på om lag 3,5 mrd. kroner for samling av aktiviteten på Evenes.
I 2020 var investeringsbehovet endra, og i Prop. 78 S (2019–2020),
som vart lagd fram for Stortinget våren 2020, står det følgjande:
«Investeringskostnaden
for utbygginga på Evenes er, inkludert kostnadsauken for hangaren
til P-8A, berekna til 4 980 mill. 2020-kroner. Totalkostnaden er såleis
innanfor den berekna verdien (p85) på 5,08 mrd.»
Desse medlemene viser til at
det står att uløyste utfordringar på Evenes flystasjon, som det
ikkje er tatt høgde for innanfor den auka kostnadsramma. Desse medlemene viser
til at det gjeld lagring og handtering av ammunisjon og drivstoff,
baneavising, innfasing, hangar til allierte, plassmangel og personellsituasjonen.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet vil
peike på at det ikkje er gjort greie for kor det skal lagrast ammunisjon
i tråd med NATOs standard innanfor eksisterande areal eller EBA. Desse medlemene har under handsaminga
av Prop. 14 S (2020–2021) og Dokument 8:87 S (2019–2020) bede om
innsyn i ammunisjonsutvalet si innstilling, men har ikkje fått innsyn. Desse medlemene viser til skriftleg spørsmål
frå Senterpartiet om ammunisjonsutvalet på Evenes har ferdigstilt
sin rapport, og dersom ja, om det er identifisert behov for betydelege
investeringar dersom det skal lagrast eksplosivar som dekkjer nasjonale
og allierte behov, kor departementet svarar følgjande:
«Det vises også til
svar på spørsmål til skriftlig besvarelse nr. 231 og 285 (i 2020)
fra Stortinget. Forsvaret satte i desember 2019 ned et utvalg for
å se på de operative avdelingenes detaljerte behov for personell,
utrustning, materiell, infrastruktur (bygg og anlegg) og prosedyrer som
er nødvendig for lagring, montering og transport av eksplosiver
ved Evenes flystasjon. Utvalget har ikke levert sin rapport til
Forsvarets ledelse. Behandlingen av rapporten vil først starte etter
at den er mottatt av Forsvarets ledelse, og det er derfor på nåværende
tidspunkt vanskelig å konkludere rundt ammunisjonstjenestens behov
på Evenes.»
Desse medlemene registrerer
at utvalet ikkje har levert sin rapport til Forsvarets leiing, men
at Forsvarsdepartementet ikkje svarar på om innstillinga er ferdigstilt. Desse medlemene merkar
seg at funna i ammunisjonsutvalet si innstilling kan vere kostnadsdrivande,
og meiner det hadde vore føremålstenleg og av stor relevans om komiteen
hadde fått denne informasjonen før ein vedtek ein ny langtidsplan
for forsvarssektoren.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at
utfordingane som det er vist til i representantforslaget, framleis
ikkje er gjort greie for. Det er framleis uvisst korleis rullebana
skal haldast operativ heile året. I skriftleg svar frå Forsvarsdepartementet
til desse medlemene på
spørsmål om FFI har funne ei alternativ løysing til bruk av kjemikaliar
og sand på Evenes, svarar departementet følgjande:
«Forsvarsdepartementet
viser til svar på skriftlig spørsmål nr. 2760 for stortingssesjon
2019–2020. Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) er godt i gang med utredningsoppdraget
fra Forsvarsdepartementet vedrørende alternative baneavisingsmidler.
Rapport fra dokumentstudien med forslag til alternative løsninger, som
bør utredes videre og eventuelt testes ut i praksis, ferdigstilles
i løpet av året i samsvar med oppdragets fremdriftsplan. Parallelt
med dokumentstudien gjennomfører FFI også laboratorietester for
blant annet å se på avisingsmidlers smelteegenskaper og på muligheter for
rensing av vann som inneholder et aktuelt avisingsmiddel. FFI vil
kommende vintersesong følge opp utredningsoppdraget med reelle tester
av avisingsmidlers smelteegenskaper utendørs. Sluttrapport er planlagt
ferdigstilt medio 2021. Før de pågående utredningen og testene er
gjennomført er det vanskelig å vurdere om en løsning er funnet.»
Desse medlemene registrerer
at Forsvarsdepartementet per november 2020 ikkje kan fastslå om
ein har ei løysing på korleis ein skal halde rullebana operativ
heile året. Å vedta ein ny MPA-base utan å sikre i forkant at flya
kan operere heile året meiner desse medlemene er sterkt kritikkverdig.
Desse medlemene viser vidare
til at hangar for allierte ikkje inngår i den utvida kostnadsramma
på 5,08 mrd. kroner. Desse
medlemene viser også til at hangar for allierte fly heller
ikkje er godkjent. Desse medlemene viser
igjen til uttale frå Luftfartstilsynet, kor dei skriv at:
«hangar nord er problematisk
med tanke på strømningsforstyrrelser og turbulens, og har vært avgjørende for
plasseringen av alternativ 1-5. Tilsynet bemerker at oppføringen
av en hangar nord vil være gjenstand for egen godkjenning når det
blir aktuelt, ettersom endelig plassering, utforming og størrelse
på denne hangaren vil ha avgjørende betydning for strømningsanalyser
av turbulens.»
Desse medlemene vil uttrykke
uro over konsekvensen for norsk MPA-kapasitet dersom ein etter prøveperioden
på 1,5 år konkluderer med at hangarbygget fører til for høg turbulensrisiko.
Vidare vil desse medlemene understreke
at det er urovekkjande at det på dette tidspunktet framleis står
att store og uløyste utfordringar kring den nye MPA-basen på Evenes.
Desse medlemene fremjar på
denne bakgrunnen følgjande forslag til vedtak:
«Stortinget
ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein fullstendig plan
for flyttinga av den maritime overvakingsaktiviteten frå Andøya
til Evenes, der ein gjer greie for løysingar for innfasing, hangarproblematikk,
avising, lagring av ammunisjon og drivstoff samt bemanning, inkludert
støttefunksjonar og økonomi.»
«Stortinget
ber regjeringa gi innsyn i prosessen kring den fagmilitære tilrådinga
kring innfasing av P-8 for å hindre spekulasjonar om overstyring
frå Forsvarsdepartementet.»
«Stortinget
ber regjeringa leggje fram kalkylar som ligg til grunn for driftskostnadar
for MPA-aktivitet på Andøya og Evenes.»
«Stortinget
ber regjeringa leggje fram analysar og berekningar som ligg til
grunn for plasseringa av hangar til dei norske P-8-flya.»
«Stortinget
ber regjeringa leggje fram ein bemanningsplan som sikrar full operativ
drift av basen på Evenes.»