Søk

Forslag frå mindretalet

Forslag frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ein fullstendig plan for flyttinga av den maritime overvakingsaktiviteten frå Andøya til Evenes, der ein gjer greie for løysingar for innfasing, hangarproblematikk, avising, lagring av ammunisjon og drivstoff samt bemanning, inkludert støttefunksjonar og økonomi.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa gi innsyn i prosessen kring den fagmilitære tilrådinga kring innfasing av P-8 for å hindre spekulasjonar om overstyring frå Forsvarsdepartementet.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa leggje fram kalkylar som ligg til grunn for driftskostnadar for MPA-aktivitet på Andøya og Evenes.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa leggje fram analysar og berekningar som ligg til grunn for plasseringa av hangar til dei norske P-8-flya.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa leggje fram ein bemanningsplan som sikrar full operativ drift av basen på Evenes.