Sammendrag
Selskap som oppfyller
visse vilkår, kan velje å verte skattlagde etter særreglane i kapittel
8 i skatteloven om skattlegging av reiarlag. Ordninga inneber at
inntektene frå skipsfart er skattefrie. Kostnadar og tap knytt til skipsfart
gjev ikkje rett til frådrag.
Etter ligningsloven
av 1980, som no er oppheva, måtte selskapa krevje skattlegging etter
reglane i reiarlagskatteordninga når dei leverte sjølvmeldinga (skattemeldinga).
Det same gjeld etter skatteforvaltningsloven av 2016. Den erstatta
mellom anna ligningsloven, med verknad frå og med 2017.
Ved overgangen frå
ligningsloven til skatteforvaltningsloven vart fastsetjingsmåten
for formues- og inntektsskatt endra, og dei skattepliktige fekk
høve til å endre feil i tidlegare leverte skattemeldingar tre år
tilbake i tid, noko ligningsloven ikkje opna for.
Eigenendring kan
gje selskapa moglegheit til å tilpasse seg dersom dei kan velje
på ny om selskapet skal skatte etter vanlege selskapsskattereglar
eller etter reglane for reiarlagskatteordninga. Selskapa kan rekne
på den skattemessige verknaden av dei to alternative skatteregima
fleire år tilbake i tid, og dermed endre dei tidlegare vala mellom
vanleg skattlegging og særskilt skattlegging for reiarlag.
Departementet legg
til grunn at høvet til eigenendring som vart innført med skatteforvaltningsloven,
ikkje var meint å omfatte ei endring av skatteregime for reiarlag.
I eit framlegg som vart sendt på høyring 25. februar 2020 foreslo
departementet ei endring i skatteforvaltningsloven for å klårgjere
rekkjevidda av høvet til eigenendring. Framlegget inneber at selskapet, som
hovudregel med bindande verknad, vel skatteregime når det leverer
sjølvmeldinga året etter inntektsåret. Framlegget verkar ikkje inn
på høvet til å endre feil i skattegrunnlaget innanfor valt skatteordning.
I høyringsrunden
har to høyringsinstansar svart. Dei er einige i framlegget, men
ein instans var ueinig i iverksetjingstidspunktet.
Departementet viser
til framlegg til skatteforvaltningsloven § 9-4 første ledd nytt
femte punktum. Departementet gjer framlegg om at endringa tek til
å gjelde straks.