Sammendrag
I samband med handsaminga
av Prop. 67 S (2019–2020) Økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet fatta
Stortinget 31. mars 2020 følgjande oppmodingsvedtak (vedtak nr.
451):
«Stortinget ber
regjeringen komme tilbake med et forslag om en ny modell for opsjonsbeskatning
for oppstartselskaper, senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett
2020.»
Departementet har
vurdert framlegget om å innføre ein ny modell for skattlegging av
opsjonar i oppstartsselskap i samband med revidert nasjonalbudsjett
for 2020 og foreslår å utvide ordninga slik at fleire no kan bruke
ordninga.
Opsjonsskatteordninga
for små oppstartsselskap er etter dagens reglar avgrensa til personar
som er tilsette etter 1. januar 2018. Departementet foreslår å fjerne denne
avgrensinga slik at ordninga kan nyttast for alle tilsette i selskap
som kvalifiserer. Denne endringa åleine vil om lag doble talet på
tilsette som ordninga gjeld for.
Departementet foreslår
òg å utvide opsjonsskatteordninga slik at selskap med eit høgare
tal på tilsette og større omsetning kan nytte ordninga. Talet på
tilsette i selskapet er i dag avgrensa til 12 eller færre. Denne
grensa vert foreslått heva til 25 eller færre. Samla driftsinntekter
og balansesum kan i dag kvar for seg ikkje overstige 16 mill. kroner
i inntektsåret før året for tildeling av opsjonar. Denne grensa
vert foreslått heva til 25 mill. kroner.
Dei foreslåtte endringane
har ikkje vesentlege administrative følgjer. På usikkert grunnlag
anslår departementet at framlegget vil redusere provenyet med om lag
690 mill. kroner påløpt og 550 mill. kroner bokført i 2020 samanlikna
med saldert budsjett 2020.
Opsjonsskatteordninga
er statsstøtte etter reglane om statsstøtte i EØS-avtalen. Endringa
må difor godkjennast av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før ho
kan gjennomførast.
Føresett at ho vert
godkjend, vil departementet gjennomføre endringa ved endring i forskrift 19. november
1999 nr. 1158 (forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven)
§ 5-14-12.
Departementet ser
etter dette oppmodingsvedtaket som utkvittert.