Sammendrag
Regjeringa gjer
framlegg om å innføre 10 pst. startavskriving for maskiner og andre
driftsmiddel i saldogruppe d. Framlegget er ein del av tiltaka for
å stimulere investeringar og skape vekst i økonomien etter virusutbrotet.
Departementet viser til vedtak 445 ved Stortingets behandling av
Innst. 216 S (2019–2020):
«Stortinget ber
regjeringen innføre en midlertidig ordning med startavskrivning
for saldogruppe d (bl.a. for industri) fra 20 til 30 pst., og ber
regjeringen komme tilbake med dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett
2020.»
Startavskriving
for driftsmiddel i saldogruppe d med 10 pst. inneber at avskrivingssatsen
det første året i levetida for driftsmidla på denne saldogruppa
vert auka frå 20 pst. til 30 pst.
Innføring av startavskriving
på 10 pst. for driftsmiddel på saldogruppe d erverva i 2020, kan
innebere statstøtte etter EØS-avtala. Departementet har innleia ein
prosess med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) for å klarleggje dette.
Provenytapet ved
å innføre startavskriving på 10 pst. for nyerverva driftsmiddel
i saldogruppe d er berekna til om lag 1 200 mill. kroner påløpt
og 200 mill. kroner bokført i 2020. Den reelle skattefordelen svarer difor
til skattekreditten av at ein får utsett skatt til seinare år, og
renteverknaden av utsett skattebetaling. Denne fordelen er vesentleg
lågare enn den kortsiktige reduksjonen i skattebetalingar for inntektsåret
2020.
Departementet foreslår
at tiltaket gjeld for 2020, og at ei eventuell vidareføring for
2021 vert vurdert i samband med statsbudsjettet for 2021.
Departementet viser
til framlegg til skatteloven § 14-43 nytt femte ledd.
Tiltaket er mellombels
og skal berre gjelde for driftsmiddel som vert erverva etter at
tiltaket tek til å gjelde og ut året 2020. Endringa kan ikkje gjelde
før tiltaket er godkjend av ESA.
Departementet gjer
framlegg om at endringa vert sett i verk frå den tid departementet
i forskrift fastset med verknad for inntektsåret 2020. Regjeringa
vil i samband med statsbudsjettet for 2021 vurdere ei eventuell vidareføring
for 2021.