Innledning
Meldinga omfattar
statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.
Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post
i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving
frå 2018 til 2019 og overført løyving frå 2019 til 2020. Kapitalrekneskapen
syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld
òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns-
og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.
Det er lagt vekt
på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2019. Budsjettutviklinga
gjennom 2019 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 28 S (2019–2020)
Ny saldering av statsbudsjettet 2019.
Virusutbrotet i 2020
vil ha store konsekvensar for utgiftene og inntektene i statsbudsjettet
2020 og for overføringa til og frå Statens pensjonsfond. Marknadsverdien
på Statens pensjonsfond, målt i norske kroner, vert òg monaleg påverka
gjennom krisa. Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut-
og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2019, i tråd
med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4 i
meldinga. Hendingar etter balansedagen fram til meldinga vert lagd
fram, vert difor ikkje omtalte i statsrekneskapen 2019.
Kapittel 1 gjer greie
for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette
omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene
og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå
petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert
òg omtalte. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement
for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og
i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.
Ein viser til meldinga
for nærare omtale.