Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv.

Til Stortinget

Sammendrag

Hovudinnhaldet i proposisjonen

Olje- og energidepartementet føreslår endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. (forbrukermerkeloven). Forslaget gjennomfører europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 av 4. juli 2017 om fastsetjing av rammeverket for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU (energimerkeforordninga) i norsk rett. I medhald av forordninga skal leverandørar og forhandlarar bli pålagt å utstyre produkt med ein energietikett med opplysningar om energibruk.

Energimerking av produkt er eitt av EUs verkemiddel for å fremje energieffektivitet. Ordninga kan medverke til utvikling og produksjon av meir energieffektive produkt og til at forbrukarar kan gjere meir informerte val ved kjøp av produkt.

Energimerkeforordninga tok til å gjelde i EU 1. august 2017 og er ein revisjon av energimerkedirektivet (2010/30/EU) som er innlemma i EØS-avtala. Direktivet er gjennomført i norsk rett ved forskrift 27. mai 2013 nr. 534 om energimerking av energirelaterte produkt (energimerkeforskrifta for produkt) med heimel i forbrukermerkeloven. Både energimerkedirektivet og energimerkeforordninga legg overordna rammer for energimerking av produkt, mens dei enkelte produktgruppene blir regulerte i eigne produktspesifikke forordningar.

I energimerkeforordninga blir krava som har følgt av energimerkedirektivet, i stor grad førte vidare. Overgangen frå rammedirektiv til rammeforordning gjer at myndigheitene får mindre valfridom i den lovtekniske gjennomføringa. I medhald av EØS-avtala artikkel 7 skal forordningar gjerast til del av norsk rett «som sådan».

Ei gjennomføring av forordninga direkte i lova vil gjere regelverket meir tilgjengeleg. Vidare inneheld forordninga plikter og forbod for leverandørar og forhandlarar av energirelaterte produkt, som bør gjennomførast i norsk rett som lov. Departementet føreslår at energimerkeforordninga blir gjennomført ved tilvising i ny § 3 a første ledd i forbrukermerkeloven. Departementet føreslår i tillegg regeltekniske endringar i § 5 og i §§ 10 og 11 for å føre vidare gjeldande sanksjonsheimlar ved brot på regelverket.

Kravet om energimerking gjeld for dei produkta som er omfatta av produktspesifikke forordningar. Produktspesifikke forordningar om energimerking gjeld i dag som norsk rett i medhald av energimerkeforskrifta for produkt kapittel 3. Departementet føreslår at det skal gå fram av forbrukermerkeloven ny § 3 a andre ledd at slike forordningar som blir tekne inn i EØS-avtala, kan gjennomførast i norsk rett som forskrift.

Proposisjonen blir fremja som følgje av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 72/2019 av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 om fastsetjing av rammeverket for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU. Forordninga gjer det nødvendig med lovendring, og Stortinget må gi samtykke til avgjerda, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. EØS-komiteen si avgjerd er teken med atterhald om samtykke frå Stortinget. Det vises til eiga innstilling om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd.

Energimerkeforordninga og EØS-komiteen si avgjerd i uoffisiell norsk omsetjing ligg som trykte vedlegg til proposisjonen.

Bakgrunnen for proposisjonen

Målet med energimerking av produkt er at forbrukarar lettare skal kunne gjere informerte val ved kjøp av produkt. Plikta til å energimerke produkt er retta mot leverandørar og forhandlarar.

For å unngå handelshinder er energimerket harmonisert innanfor EØS. For kvart enkelt produkt som skal merkast, gjennomfører Europakommisjonen (Kommisjonen) grundige prosessar med involvering av alle statar og aktuelle produsentar. Prosessane går over fleire år. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvaret for å følgje opp dei ulike produkta og involvere aktuelle partar i Noreg, og er delegert myndigheit til å føre tilsyn etter forbrukermerkeloven.

Forutan krava til energimerking etter energimerkeforordninga blir det vedteke krav til utforming av produkt (økodesign) gjennom økodesigndirektivet (2009/125/EC). Dette er eit rammedirektiv som gir heimel for å setje minimumskrav for miljøvennleg utforming av produkt og produktgrupper.

Kommisjonen har lagt opp til å nå omlag halvparten av måla for energieffektivisering for 2020 gjennom energimerking og økodesignkrav. NVE har berekna energieffektiviseringsgevinstar i Noreg til 3,5 TWh i 2030 på grunnlag av eit utval av 11 produkt som er energimerkte eller omfatta av økodesignkrav. Til saman er 28 produktgrupper omfatta av energimerke eller økodesignkrav per i dag.

Det er to sentrale endringar i høve til det tidlegare energimerkedirektivet.

For det første blir det innført ein karakterskala frå A til G. Dette vil gjere energimerket tydelegare og meir forståeleg for forbrukarar.

For det andre blir det oppretta ein europeisk database for energimerkte produkt, the European Product Registry for Energy Labelling (EPREL). Forhandlarar som fører produkt på marknaden i EU (og EØS), kan sjølve registrere produkta og hente produktdatablad og energietikett frå databasen. Myndigheitene sitt tilsynsarbeid vil kunne forenklast ved at dei gjennom databasen får betre tilgang til nødvendige dokument, og høve til å utveksle og følgje opp tilsynsresultat i andre statar. Kommisjonen vil få betre innsikt i utviklinga i energieffektiviten i produkta, som grunnlag for revideringar. Forbrukarar har òg tilgang til den offentlege delen av databasen.

Overgangen frå eit energimerkedirektiv til ei energimerkeforordning vil medverke til meir harmoniserte konkurransevilkår i EØS, betre produktinformasjon til forbrukarar, og meir føreseielege rettslege tilhøve for leverandørar og forhandlarar av energirelaterte produkt ved at regelverket skal gjennomførast «som sådan».

Energimerkeforordninga er ei rammeforordning. Den gir Kommisjonen heimel til å vedta produktspesifikke forordningar om energimerking av ulike produktgrupper. Slike forordningar blir innlemma i EØS-avtala ved eigne vedtak i EØS-komiteen. Dei vil deretter måtte gjennomførast i norsk rett på ordinær måte i tråd med EØS-avtala.

Gjennomføring av forordninga

Olje- og energidepartementet sende forslaget til gjennomføring av energimerkeforordninga på høyring 19. november 2018. I høyringsnotatet vart det føreslått å gjennomføre forordninga i norsk rett gjennom ei tilvisingsføresegn i forbrukermerkeloven.

Det gir heimel for å gjennomføre dei pliktene for leverandørar og forhandlarar som følgjer av energimerkeforordninga. Forslaget vart òg grunngitt med at det ville gjere regelverket meir tilgjengeleg.

Nye plikter som følgjer av den nye forordninga, er forbodet mot å bringe i omsetning eit produkt som er konstruert slik at ytinga automatisk blir endra under testing, plikta til å innhente samtykke frå kunden for å foreta oppdateringar av produktet dersom dette medfører at produktet får ein dårlegare energieffektivitetsklasse, og forhandlaren si plikt til å stille produktdatabladet til rådvelde for kundane i fysisk form på salsstaden etter oppmoding. Føresegnene om sanksjonar vil òg kunne takast i bruk dersom leverandørar bryt mot plikta til å registrere etikettar og opplysningar om produkt i produktdatabasen.

Som påpeikt i høyringsnotatet vil nødvendige endringar i energimerkeforskrifta for produkt måtte utgreiast og sendast på høyring mv. på ordinær måte.

Ingen av høyringsinstansane har komme med innspel til forslaget om å gjennomføre forordninga i lova. Departementet opprettheld forslaget om at energimerkeforordninga blir gjennomført i norsk rett ved ei tilvisingsføresegn i ny § 3 a første ledd i forbrukermerkeloven. Departementet opprettheld difor også forslaget om endring i forbrukermerkeloven § 5, slik at det er forbudt å importere, produsere, selge eller framby til salg varer som ikkje er merkte i samsvar med krav i loven.

Det var ikkje merknader til forslaget om ein ny heimel for å gjennomføre forordningar i medhald av energimerkeforordninga i forskrift. Slike forordningar, med seinare endringsforordningar, kan bli gjennomførte i norsk rett ved tilvising som blir teken inn i energimerkeforskrifta for produkt. Departementet opprettheld forslaget om eit nytt § 3 a andre ledd i forbrukermerkeloven, der kompetansen til å gi slike forskrifter går klart fram.

Det kom ikkje synspunkt i høyringa til forslaget til endring i forbrukermerkeloven §§ 10 og 11 om lovbrotsgebyr og straff. I staden for å foreslå endringar i desse føresegnene, foreslår departementet eit tredje ledd i § 3 a, om at departementet kan gi forskrift om lovbrotsgebyr og straff ved brot på plikter som følgjer av energimerkeforordninga og forordningar i medhald av den. I forskriften kan det definerast nærmare kva slag brot som kan medføre lovbrotsgebyr og straff.

Departementet er merksam på dei utfordringane med bruk av primærenergifaktor som Energi Norge påpeiker, og tek dette med seg i det vidare arbeidet med å påverke regelutviklinga i EU på best mogleg måte.

Når det gjeld innspelet frå Forbrukarrådet om å setje av ressursar til tilsyn med energimerkeordninga og om internasjonalt samarbeid, viser departementet til at NVE har tilsynet med energimerkeordninga i Noreg og samarbeider på nordisk og europeisk nivå. Etableringa av produktdatabasen vil lette tilsynet hos NVE.

Vidare er Forbrukarrådet oppteke av at produktdatabasen skal vere tilgjengeleg. Departementet viser her til at produktdatabasen er utvikla og blir halden ved like av Kommisjonen. Databasen skal vere eit verktøy for alle involverte grupper, under dette tilsynsmyndigheiter, leverandørar, forhandlarar og forbrukarar. Departementet er samd i at databasen bør vere lett tilgjengeleg og mogleg å søke i også for forbrukarar, slik at dei kan samanlikne produkt.

Departementet er samd i behovet for å drive eit godt informasjonsarbeid i samband med gjennomføring av den nye forordninga. I Noreg blir dette følgt opp av NVE, som har ansvaret for informasjon til leverandørar, forhandlarar og forbrukarar.

Økonomiske og administrative konsekvensar

For leverandørar er energimerkeforordninga vurdert til å ha små økonomiske og administrative konsekvensar, ettersom det allereie i dag skal lagast energimerkeetikettar, produktdatablad og givast teknisk dokumentasjon. Plikta til å registrere informasjon om produkta i produktdatabasen er ny, og verksemdene vil bli påført visse administrative kostnader i samband med det. Leverandørar som driv verksemd i fleire EØS-land, må uansett registrere produkta i databasen uavhengig av om Noreg gjennomfører energimerkeforordninga eller ikkje. For slike leverandørar er opprettinga av ein produktdatabase venta å medverke til reduserte administrative kostnader.

Forhandlarane vil bli påførde administrative kostnader i samband med overgang til ny energietikett. Desse kostnadene vil likevel ikkje oppstå som ei direkte følgje av gjennomføringa av energimerkeforordninga i norsk rett. Dei nye energietikettane vil følgje av dei produktspesifikke forordningane frå EU.

For forbrukarar inneber energimerkeforordninga betre og meir samanliknbar informasjon om produkta som er omfatta av ordninga. Forbrukarane kan gjere meir informerte val og lettare bedømme produkta sin energieffektivitet. Energieffektiviseringa er venta å ha ein positiv økonomisk effekt for den enkelte og for samfunnet som heilskap, utan at det har vore mogleg å talfeste dette.

For myndigheitene inneber energimerkeforordninga at samarbeid og samordning med tilsynsmyndigheiter i andre EØS-land blir meir regulert. Det kan innebere ei viss rasjonalisering av tilsynet. Det vil vere behov for enkelte endringar i energimerkeforskrifta for produkt og for informasjon i samband med innføring av nye skalaer, og seinare omskalering. Det må reknast med behov for informasjon og rettleiing i tilknyting til den nye produktdatabasen. Auka administrative kostnader i samband med dette vil i noko grad oppvegast ved at gjennomføringa av tilsyn vil bli enklare, ettersom det blir lettare å få tilgang til relevant informasjon.

NVE har anslått at gjennomføringa av energimerkeforordninga i norsk rett vil medføre administrative kostnader for myndigheitene tilsvarande eit halvt årsverk. Kostnadene blir dekte innanfor gjeldande budsjett.

Energimerkeforordninga vil kunne medverke til meir effektiv konkurranse i marknaden. Med etableringa av ein produktdatabase blir marknaden meir transparent, noko som vil vere bra for konkurransen. Samordning av tilsynet i dei ulike landa vil òg kunne medverke til betre konkurranse ved at leverandørar i praksis får meir like vilkår.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Espen Barth Eide, Ruth Grung, Else-May Norderhus og Runar Sjåstad, fra Høyre, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund, Aase Simonsen og Lene Westgaard-Halle, fra Fremskrittspartiet, Jon Georg Dale og Terje Halleland, fra Senterpartiet, Sandra Borch og Ole André Myhrvold, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, fra Venstre, lederen Ketil Kjenseth, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, og fra Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, viser til Prop. 85 LS (2019–2020) om endringer i forbrukermerkeloven. Dette forslaget gjennomfører europaparlaments- og rådsforordning om fastsetting av rammeverket for energimerking og om oppheving av energimerkeforordningen i norsk rett.

Komiteen viser til at energimerking av produkt er et av EUs virkemiddel for å fremme energieffektivitet, og er en ordning som vil komme til å utvikle nye og bedre løsninger for forbruker.

Selve energimerkeforordningen har vært gjeldende i EU siden 17. august 2017, og direktivet er gjennomført i norsk rett gjennom forskrift fra 27. mai 2013 med hjemmel i forbrukermerkeloven.

Komiteen viser til at gjennomføringen av forordningen gjør at myndighetene får mindre valgfrihet i den lovtekniske gjennomføringen, og at dette skal gjøres til norsk lov.

Videre inneholder forordningen plikter og forbud overfor leverandører og forhandlere av energirelaterte produkter, noe som nå bør gjennomføres i norsk rett.

Komiteen viser til at kravet om energimerking gjelder for de produktene som er omfattet av produktspesifikke forordninger. Dette skal nå gå fram av forbrukermerkeloven ny § 3 a andre ledd, at slike forordninger blir tatt inn i EØS-avtalen og gjennomføres i norsk rett som en forskrift.

Målet i saken er å gi forbrukerne lettere tilgang på informasjon ved kjøp av produkt, ved at det blir en plikt til å energimerke produktene fra leverandører og forhandlere. Komiteen viser til at dette er en forbrukersak, som også er harmonisert innenfor EØS for å unngå handelshinder.

Komiteen viser til at det er NVE som har ansvaret for å følge opp de ulike produktene og involvere aktuelle parter i Norge, også gjennom tilsyn. NVE har beregnet energieffektiviseringsgevinster i Norge til 3,5 TWH innen 2030, på grunnlag av et utvalg av 11 produkt omfattet av energimerke eller økodesignkrav, fra dagens 28 produktgrupper.

Komiteen merker seg at det er to sentrale endringer, den ene at det blir innført en karakterskala fra A til G, og den andre er at det opprettes en europeisk database for energimerkede produkt.

Komiteen merker seg at dette vil ha små økonomiske og administrative konsekvenser, ettersom det allerede i dag skal lages energimerkeetiketter, produktdatablad og teknisk dokumentasjon.

Videre vil forhandlerne få noen økte administrative kostnader i overgangen, forbrukerne bedre tilgang til informasjon og produktvalg. Myndighetene vil måtte samordne tilsynsmyndigheter med de andre EØS-landene.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv.

I

I lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. blir det gjort følgjande endringar:

Ny § 3 a skal lyde:
§ 3 a Energimerking

EØS-avtalen vedlegg II kapittel IV nr. 4 (forordning (EU) 2017/1369 om fastsetting av rammeverket for energimerking) gjelder som lov med de tilpasningene som følger av vedlegg II, protokoll 1 til avtalen og avtalen for øvrig.

Departementet kan gi forskrift til gjennomføring av forordninger vedtatt med hjemmel i forordning (EU) 2017/1369 til gjennomføring av EØS-rettslige forpliktelser.

Departementet kan gi forskrift om hvilke overtredelser av forordning (EU) 2017/1369 og forordninger vedtatt med hjemmel i denne forordningen som kan medføre overtredelsesgebyr eller straff etter §§ 10 og 11.

§ 5 første ledd skal lyde

Det er forbudt å importere, produsere, selge eller framby til salg varer som ikke er merket i samsvar med denne loven eller forskrifter gitt med hjemmel i loven, eller som har en merking som inneholder uriktige opplysninger om varen.

§ 6 annet ledd skal lyde

Tilsynsmyndigheten skal ha adgang til ethvert sted hvor det produseres, lagres, transporteres eller omsettes varer som er merkepliktig etter forskrifter gitt i medhold av § 3 og § 3 a. Tilsynsmyndigheten har rett til å utta prøver til undersøkelse og kan kreve de opplysninger som er nødvendige for gjennomføring av tilsynet.

II

Loven gjeld frå den tida Kongen fastset.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 26. mai 2020

Ketil Kjenseth

Else-May Norderhus

leder

ordfører