1.4 Fisket etter avtalane i 2018 og 2019
Norske fiskarar utnyttar
generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane
blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.
Tabell 1: Norsk utnytting av dei
kommersielt viktigaste kvotane i 2018 og 2019
|
Utnyttingsgrad1
|
|
2018
|
2019
|
Barentshavet,
Noreg – Russland
|
|
|
Torsk
|
105
pst.
|
98
pst.
|
Hyse
|
93
pst.
|
108
pst.
|
Nordsjøen
og Skagerrak,
Noreg – EU
|
|
|
Sild
|
94
pst.
|
91
pst.
|
Sei
|
72
pst.
|
105
pst.
|
Fleirpartsavtalar
|
|
|
Norsk
vårgytande sild (nvg-sild)
|
109
pst.
|
105
pst.
|
Makrell
|
99
pst.
|
104
pst.
|
Kolmule
|
104
pst.
|
98
pst.
|
1 Oversikta tek ikkje omsyn
til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt
i fangst i det einskilte år. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt
overføre inntil 10 pst. av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting
tyder altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje vert fiska opp,
eller er overfiska.
Tilgangen
til å fiske i andre land sine soner vert nytta i ulik grad. Til
dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har
god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland.
Noreg nytta heile
den norske sildekvoten. Torskebestanden minkar, og kvoten for 2019
vart senka med ein tredjedel i forhold til kvoten i 2018. Utnyttinga
av torsk- og hysekvotane har vore god. Ifølgje offisiell fangststatistikk
har EU i dei seinare åra nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt
godt, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.
I EU-farvatna vart
dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling
godt nytta. Fisket til dei norske linefartøya på fiskeslaga lange
og brosme har vore på eit tradisjonelt nivå, likevel med ein nedgang
i langefiskeria. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra
i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har fiska mest
av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Sverige
har stort sett nytta sine kvotar i norsk økonomisk sone godt.
Alle kyststatane
har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande
sild, kolmule og makrell godt. Det har diverre ikkje vorte opna
for eit loddefiske sesongen 2018/2019 ved Island, Grønland og Jan
Mayen. Heller ikkje i Barentshavet i 2019.
Kapittel 5 i meldinga
rapporterer om fisket etter dei ulike avtalene, med vekt på norsk
utnytting av kvotane.