Bemanning
Komiteen viser til erfaringar
frå Sauherad og Sveio kommune. Sauherad kommune hadde eit prosjekt
for å auke heiltidskulturen i einingane for pleie og omsorg. Det
gjorde ein mellom anna ved å utvide mindre vikarstillingar til større
såkalla ressursstillingar som kunne nyttast ved fleire enn ei avdeling.
Erfaringane frå prosjektet viser mellom anna at den gjennomsnittlege stillingsprosenten
auka frå 60 pst. då prosjektet starta i 2016, til 81 pst. hausten
2018. Dessutan rapporterer kommunen om lågare sjukefråvær, auka
fagkompetanse blant dei tilsette og meir kjende fjes for brukarane. Desse
resultata har ein oppnådd utan å auke dei økonomiske rammene til
pleie- og omsorgstenesta. Sveio kommune sette i gang eit toårig
prosjekt for å auke grunnbemanninga i einingane for pleie og omsorg
ved å tilsetje faste vikarar. Evalueringa viser at kommunen har hatt
ein reduksjon i kostnadane innan pleie og omsorg sidan 2017, når
ein tek høgde for løns- og prisvekst, trass i at pleiemengda og
pleietyngda har auka i perioden.
Komiteen viser til to andre
representantforslag som også omhandlar bemanninga i eldreomsorga:
Representantforslag om å sikre grunnleggende menneskerettigheter
og kompetansebaserte bemanningsnormer i eldreomsorgen og andre kommunale
omsorgstilbud (Dokument 8:24 S (2019–2020)) og Representantforslag om
en opptrappingsplan for bemanning i eldreomsorgen og tiltak for
å forebygge demenssykdom (Dokument 8:51 S (2019–2020)).
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet viser til at disse medlemmer har fremmet eget
forslag om en opptrappingsplan for bemanning i eldreomsorgen, styrket
demensomsorg og aktivitet i eldreomsorgen (Dokument 8:51 S (2019–2020)). Disse medlemmer deler
også forslagsstillernes bekymring over den økende vikarbruken i
kommunene, samt omfanget av deltidsstillinger.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og
Sosialistisk Venstreparti, viser til at den kommunale helse-
og omsorgstenesta står overfor store utfordringar. Det er stort
press på dei tilsette i tenesta. Helse- og omsorgssektoren toppar
statistikkane over sjukefråvær i det norske arbeidslivet. Det går fram
av KS sin arbeidsgjevarmonitor for 2019, Nav si bedriftsundersøking
frå 2019, og av andre undersøkingar og innspel, at kommunane mellom
anna har problem med å rekruttere sjukepleiarar, helsefagarbeidarar,
vernepleiarar, legar og psykologar.
Fleirtalet viser til framskrivingar
som viser at personellbehovet i dei kommunale helse- og omsorgstenestene
vil kunne auke med om lag 66 000 årsverk fram til 2035.
Fleirtalet merkar seg at Sauherad
og Sveio har oppnådd gode resultat ved å gjennomføre slike prosjekt,
mellom anna når det gjeld kvaliteten på tenesta, auka gjennomsnittleg
stillingsprosent, auka kompetanse blant dei tilsette og utan at
det krev større økonomiske ressursar.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner
at dersom ein slik kan oppnå betre kvalitet på tenestene utan at
det kostar meir, vil slike prosjekt for å auke grunnbemanninga i
helse- og omsorgstenesta vere attraktivt for mange kommunar. Samstundes
kan det liggje ei kortsiktig økonomisk og praktisk utfordring i
å setje i gang slike prosjekt. Det kan til dømes vere at ein treng
prosjektstøtte for å kjøpe fri tilsette for å planlegge og gjennomføre
eit slikt prosjekt. I tillegg kan det vere ein terskel for kommunane
at det ligg ein økonomisk risiko i å auke grunnbemanninga utan å
vite i forkant om prosjektet vert vellykka med tanke på kvalitet
og kostnadar.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og
Sosialistisk Venstreparti, merkar seg at Norsk Sykepleierforbund
påpeiker at det er stort avvik mellom planlagt og faktisk sjukepleiarbemanning
i sjukeheim og heimetenester, og at ein av fem sjukepleiarvakter
er utan sjukepleiar. Forbundet skriv følgjande:
«Det er en urovekkende
forskyvning av vakter i retning personer uten helsefaglig kompetanse.
Lav bemanning og manglende kompetanse reduserer kvaliteten i tjenestene,
utgjør en trussel mot pasientsikkerheten og øker belastningen for
pårørende. Økningen i vikarbruk truer også pasientsikkerheten og
kvaliteten i tjenestene fordi kontinuitet og kompetanse er forutsettinger
for å kunne gi gode, virkningsfulle og kostnadseffektive tjenester.
Det samme gjelder sektorens uforholdsmessige bruk av deltidsstillinger.»
Fleirtalet merkar seg at NSF
peiker på involvering av partane i arbeidslivet, lokal forankring
og spissa økonomiske verkemiddel som viktige suksessfaktorar for
å lykkast med eit slikt tiltak.
Eit anna fleirtal,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti,
er samde med forslagsstillarane i at helse- og omsorgstenestene
står framfor store utfordringar i åra som kjem, og at tilgangen
på kompetanse vil vere ei av dei største utfordringane. Det er eit
mål å auke talet på heiltidsstillingar i denne sektoren, og å utvikle
ein sterkare heiltidskultur.
Dette fleirtalet viser til
at regjeringa har styrkt kommuneøkonomien dei siste åra, og tal
frå Statistisk sentralbyrå viser at veksten i 2017 var på om lag
4 800 årsverk, i 2018 var han på om lag 3 228 årsverk, og i 2019 var
veksten på om lag 4 350 årsverk.
Dette fleirtalet viser til
at helse- og omsorgstenesta må utføre sine oppgåver med ein bærekraftig
og realistisk tilgang på arbeidskraft. Dette fleirtalet viser til
Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020–2023, der det vert vektlagt
at oppgåver må fordelast på nye måtar i åra som kjem. Sjukehusa,
kommunane og høgskulane må samarbeide om gode modellar for utdanning
av spesialsjukepleiarar, og behovet for fleksible utdanningsmodellar
i distrikta må takast hand om på ein god måte.
Dette fleirtalet viser til
at kommunane har stor fridom til å organisere tenestene sine slik
dei ynskjer det, og etter dei behova dei har.
Dette fleirtalet viser vidare
til at Senterpartiet i dag styrer 132 av 356 kommunar, mens Arbeidarpartiet styrer
144 av 356 kommunar. Det å jobbe for ein heiltidskultur må også
gjerast på kommunalt nivå, saman med tiltak for å møte høgt sjukefråvær
i mange kommunar. For Senterpartiet og Arbeidarpartiet kan det vere ein
idé å starte arbeidet der.
Dette fleirtalet viser til
at kommuneøkonomien er styrkt dei siste åra. Løyvinga er auka, mellom
anna for å setje kommunane i stand til å gje gode tenester til innbyggjarane
sine, og særleg eldre. Gjennom statsbudsjettet for 2020 har det
vore ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 mrd.
kroner. Dette var og er viktig for å leggje til rette for at kommunesektoren
kan tilby fleire og betre tenester. Kommunesektoren sine samla inntekter
i 2020 er rekna til om lag 556 mrd. kroner. Av dette utgjer dei
frie inntektene, som består av rammetilskot frå staten og skatteinntekter,
vel 72 pst.
Dette fleirtalet viser til
Kompetanseløft 2020, som har som mål å bidra til ei fagleg sterk
kommunal helse- og omsorgsteneste, samt å sikre at sektoren har tilstrekkeleg
og kompetent bemanning. Oppgåvene som skal løysast i den kommunale
eldreomsorga, krev personell med god og riktig kompetanse.
Dette fleirtalet viser til
forsøket med statleg finansiering av omsorgstenesta. Føremålet med
forsøket er å sjå om statleg finansiering gjev auka likebehandling på
tvers av kommunegrenser og riktigare behovsdekning. Dette fleirtalet viser
til at dei kommunane som deltar i prosjektet, får auka kompetanse,
og at dei forstår brukaranes behov og situasjon betre. Denne ordninga
vil sørge for at alle eldre får gode tenester, uavhengig av kommunen
sin økonomi, og fordi kommunepolitikarar ikkje får anledning til
å nedprioritere denne viktige tenesta.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet merker seg at erfaringar
frå Sauherad og Sveio òg tilseier at slike prosjekt må ha sterk
lokal forankring, sterk involvering av dei tilsette og god lokal
kjennskap for å lykkast, og for å svare til behovet i dei einskilde
kommunane. Til dømes talar behovet for lengre helgevakter, årsturnus
eller andre modellar for å leggje opp vaktplanane, for at dei tilsette i
tenesta bør vere sterkt involverte når kommunane gjer slike endringar.
Difor er det avgjerande at slike prosjekt spring ut av lokale initiativ,
og det er ikkje tenleg med ein standardisert statleg modell.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner
samstundes at staten bør leggje best mogleg til rette for at dei
gode erfaringane ein har sett i nokre kommunar, vert breidde ut,
slik at gode lokale initiativ kan oppstå i andre kommunar. Difor
foreslår desse
medlemene eit nasjonalt program for å stimulere til lokalt
forankra prosjekt for å auke grunnbemanninga og redusere bruken
av vikarar. Programmet må gjennomførast gjennom eit samarbeid med
KS og dei aktuelle arbeidstakarorganisasjonane. I programmet må
ein mellom anna fremje tiltak mot tersklane som kan stå i vegen
for at kommunane aukar grunnbemanninga. Det kan til dømes vere tilskot
til kommunar som ynskjer å setje i gang slike prosjekt. Programmet må
dessutan samle og spreie kunnskap frå kommunar som har auka grunnbemanninga
med gode resultat.
På denne bakgrunnen
fremjar desse medlemene følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa, gjennom eit samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane,
opprette eit nasjonalt program for auka grunnbemanning og rekruttering
til den kommunale helse- og omsorgstenesta. Programmet må innehalde
konkrete tiltak for å leggje til rette for lokalt forankra prosjekt
for auka grunnbemanning og mindre vikarbruk i helse- og omsorgstenesta.»
Desse medlemene viser
til svarbrevet til helse- og omsorgsministeren. Desse medlemene registrerer
at statsråden langt på veg deler problembeskrivinga som ligg til
grunn for forslaget. Desse
medlemene merkar seg samstundes at statsråden ikkje gir ein
tydeleg konklusjon for eller imot forslaget.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet merkar seg at statsråden
viser til forsking som tyder på at omfanget av deltidsstillingar
er knytt til ein deltidskultur der det er ein høg aksept og forventning
om å jobbe deltid blant dei som søkjer seg til tenesta. Statsråden
skriv følgjande:
«Den utbredte deltidskulturen
medfører også at nyutdannede sosialiseres inn i dette og ikke forventer full
stilling når de søker sine første jobber.»
Medlemen i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti viser til forslag 4 i Innst.
167 S (2019–2020):
«Stortinget ber regjeringen,
i samarbeid med ansattes organisasjoner, utrede og foreslå kvalitets-
og kompetansebaserte bemanningsnormer i eldreomsorgen. En bemanningsnorm
må ta hensyn til alle relevante yrkesgrupper, der leger, sykepleiere,
helsefagutdannede og andre relevante yrkesgrupper er en del av vurderingen,
og det må komme fram hvordan oppgaveglidning, utdanning og kompetanseheving
kan bidra til å nå bemanningsnormen.»
Denne medlemen viser til at
Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne stemte
for dette forslaget frå Sosialistisk Venstreparti.