Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Åsunn Lyngedal, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje
Aasland, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Guro Angell Gimse, Kårstein
Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, frå Framstegspartiet, Morten
Ørsal Johansen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Geir
Adelsten Iversen og leiaren Geir Pollestad, frå Sosialistisk Venstreparti,
Torgeir Knag Fylkesnes, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå
Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, har forståing for at
det kan verta krevjande å halda dei fristane og prosessuelle reglane
som er sett for Konkurransetilsynet. Komiteen vil peika på at denne
midlertidige lova er meint for å handtera ein situasjon der covid-19-pandemien
gjer at det ikkje er mogleg å halda seg til dei gjeldande fristane.
Hovudregelen må vera at dei gjeldande prosessuelle reglane i konkurranselova
så langt som mogleg skal fylgjast. Komiteen vil òg peika på at
det er ei uvisse om korleis konsekvensane av dei økonomiske tiltaka
som fylgje av covid-19-pandemien vil påverka arbeidsmengda i Konkurransetilsynet framover.