Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk
Venstreparti, Freddy André Øvstegård, og uavhengig representant
Ulf Leirstein, viser
til at den norske valordninga nyt høg legitimitet i befolkninga
og fungerer godt.
Alle dei tre forslaga
til endring av § 57 i Grunnlova handlar heilt eller delvis om talet
på valdistrikt.
Komiteen viser
til at hovudmotivasjonen bak oppdelinga av landet i valdistrikt
er ynsket om å sikra representasjon frå heile landet og leggja til
rette for nærleik mellom veljarane og representantane. Ved å dele inn
landet i mange valdistrikt vert representasjonen frå ulike delar
av landet sikra gjennom sjølve valordninga.
Storleiken på valdistrikta
har mykje å seia for nærleiken mellom veljarane og representantane
og styrker tilliten til heile det politiske systemet.
Komiteen vil
peike på at inndeling i valdistrikt er eit prinsipielt viktig spørsmål
som det er viktig å gjera ei grundig utgreiing av før det eventuelt
vert vurdert å gjera endringar. Regjeringa oppnemnde 21. juni 2017
Vallovutvalet. Utvalet skal lage forslag til ny vallov og vurdere
endringar i valordninga. Utgreiinga frå utvalet skal så sendast
på ei brei høyring, før departementet sender forslag til endringar
i vallova til Stortinget.
For å sikra at den
norske valordninga òg i framtida har legitimitet hjå veljarane,
er det i så sentrale saker som prinsipp i valordninga avgjerande
å leggja til rette for ein open prosess.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemene frå Arbeidarpartiet, vil vise til at Stortinget har avklart
at dagens valdistrikt vil gjelda for stortingsvalet 2021. Medan
me ventar på Vallovutvalet si innstilling, meinte departementet
at det var best å gjennomføra stortingsvalet i 2021 med 19 valdistrikt.
Stortinget slutta seg til departementet si vurdering, og forslag
til endringar vart einstemmig vedteke 29. mai 2018. I sitt innlegg
uttalte saksordføraren:
«Når denne saken
nå ser ut til å bli enstemmig vedtatt, legger den til rette for
at vi kan gjennomføre stortingsvalg, også neste gang, med utgangspunkt
i de samme valgdistriktene, slik at en får tid på seg til å se hvordan
en skal gjøre dette i framtiden, for det er jo ingen låsing av situasjonen
i seg selv. Det er intensjon om å behandle dette grundig, med tanke
på hvordan det skal være i framtiden».
Vallovutvalet er
i gang med sitt arbeid. Utvalet si innstilling er forventa første
halvår 2020. Ifølgje utvalet sitt mandat skal utvalet spesifikt
vurdera talet på valdistrikt.
«Utvalget skal utrede
hvordan ny fylkesstruktur påvirker valgordningen, herunder om dagens
inndeling i valgdistrikter skal videreføres, eller om antall valgdistrikter
skal reduseres i tråd med fylkesstrukturen.»
For å sikra ein
god prosess, og i respekt for arbeidet i Vallovutvalet, tilrår fleirtalet at dei tre forslaga til endringar
av § 57 i Grunnlova ikkje vert vedtekne.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet viser til at Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag allerede
i 2016 besluttet å slå seg sammen. Sammenslåingen skjedde basert
på lokalt initiativ og uavhengig av regionreformen. Disse medlemmer mener
derfor at det vil være naturlig at antall valgdistrikter korrigeres fra
19 til 18 og at antall utjevningsmandater følger antall valgdistrikter.
Videre at man for å beholde samme antall stortingsrepresentanter
øker antall distriktsrepresentanter fra 150 til 151.
Disse medlemmer fremmer på
denne bakgrunn følgende forslag:
«Dokument 12:12 (2015–2016) – Grunnlovsforslag fra
Martin Kolberg, Trond Giske og Ingvild Kjerkol om endring i § 57
annet og tredje ledd (valgordningen) – bifalles.»