Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

På statsbudsjettet for 2020 bevilges under:

Kap.

Post

Svalbardbudsjettet

Kroner

Kroner

Utgifter

1

Tilskot til Svalbard kyrkje

70

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 500 000

3

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

160 016 000

4

Tilskot til Svalbard Museum

70

Tilskot til Svalbard Museum

13 312 000

5

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

1

Driftsutgifter

71 817 000

6

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

1

Driftsutgifter

224 100 000

7

Tilfeldige utgifter

30

Skred- og bustadtiltak, kan overførast

61 150 000

70

Diverse tilskot

1 100 000

9

Kulturminnetiltak

1

Driftsutgifter

2 142 000

11

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1

Driftsutgifter

1 938 000

17

Norsk Polarinstitutt – refusjon

50

Refusjon

3 811 000

18

Navigasjonsinnretningar

1

Drift og vedlikehald

5 752 000

30

Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter, maritime fyr

858 000

19

Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

1

Driftsutgifter

7 455 000

20

Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 3020)

1

Driftsutgifter

2 193 000

22

Skattekontoret, Svalbard

1

Driftsutgifter

5 189 000

Sum utgifter

566 333 000

Inntekter

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1

Diverse inntekter

500 000

2

Refusjonar mv.

3 000 000

3022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 22)

1

Diverse inntekter

330 000

3030

Skattar og avgifter

70

Skattar m.m.

175 000 000

71

Utførselsavgift

700 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

995 000

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

70

Tilskot

385 808 000

Sum inntekter

566 333 000

II

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2020 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2020, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

    Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats).

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

    Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagd ved lønstrekk etter svalbardskattelova § 3-1:

    Låg sats: 8 pst.

    Høg sats: 22 pst.

  • b) 22 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgare enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av

    • 10 gonger kostnadene til løn som blir skattlagd ved lønstrekk

    • 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.

  • c) Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av bokstav c. på 20 000 kroner.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt rundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Aksjonær i utlandet

Skatt på utbytte mv. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-2, er fastsett til 20 pst.

§ 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

For inntekt som blir skattlagd etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.

III
Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2020 kan overskride løyvinga på

  • 1. kap. 5 post 1, tilsvarande inntekter ut over vedteke budsjett på kap. 3005 post 2.

  • 2. kap. 6 post 1, tilsvarande inntekter ut over vedteke budsjett på kap. 3006 post 2.

  • 3. kap. 9 post 1, tilsvarande inntekter ut over vedteke budsjett på kap. 3009 post 1.

IV
Meirinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2020 kan overskride løyvinga på kap. 22 post 1, tilsvarande inntekter ut over vedteke budsjett på kap. 3022 post 1.

V

For budsjetterminen 2020 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,

0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.