Det visast til Prop.
1 S (2019–2020) for omtale av norsk svalbardpolitikk og nærare omtale
av «Forslag til svalbardbudsjett for 2020» samt «Forslag til løyvingar
til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet».
Svalbard omfattar
alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd
og 74 og 81 grader nordleg breidd. Svalbardtraktaten av 9. februar
1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard
vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste
representant på Svalbard og tek vare på staten sine interesser på
øygruppa.
Artikkel 8 i Svalbardtraktaten
avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard
og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at
det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.
Justis- og beredskapsdepartementet
fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig
med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen
av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er
mellom anna verksemd på Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og
verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre
får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.
Regjeringa la fram
ei melding til Stortinget om Svalbard 11. mai 2016. Gjennom Meld.
St. 32 (2015–2016) Svalbard stadfestar regjeringa at dei overordna
måla for svalbardpolitikken ligg fast. Svalbardpolitikken skal framleis
vere føreseieleg og prega av kontinuitet. Ei føreseieleg forvaltning
av Svalbard i tråd med måla medverkar både til tryggleik for befolkninga
og til stabilitet og ein føreseieleg situasjon i regionen.
Regjeringas forslag
til budsjettramme på svalbardbudsjettet for 2020 er 556,3 mill.
kroner. Dette er 22,6 mill. kroner meir enn i vedteke budsjett for
2019.