I dokumentet fremmes
følgende forslag:
-
Stortinget ber regjeringa
gjennom sin dialog med dei regionale helseføretaka syte for at Beslutningsforum
sitt vedtak om hemmeleghald blir gjort om, og at konklusjonane frå
Statens legemiddelverk sine kost–nytte-vurderingar blir offentleggjorde.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre full openheit om avgjerdsgrunnlaget for prioriteringar i helsetenesta
– deriblant meirkostnaden per kvalitetsjusterte leveår ved å innføre
eit tiltak, budsjettkonsekvensane ved å innføre eit tiltak og praktiseringa
av alvorskriteriet.
-
Stortinget ber regjeringa
opprette eit nasjonalt prioriteringsråd etter modell frå Sverige
for å breie ut prioriteringsdebatten og sikre at han handlar om meir
enn tilgang til nye legemiddel. Openheit og rettferd er grunnleggande
verdiar for prioriteringar i helsevesenet. Mangel på openheit og
aukande hemmeleghald svekkjer tilliten til at dei prioriteringsvedtaka
som blide gjorde i den offentlege helsetenesta, er rettferdige.»
Det vises
til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.