Representantforslag frå stortingsrepresentant
Une Bastholm om barnevennleg transport i by og bygd
Eg viser til representantforslag
134 S (2018-2019) frå stortingsrepresentant Une Bastholm om barnevennleg transport
i by og bygd.
Under følgjer mi
vurdering av forslaget.
Eg deler fullt ut
representantens syn på kor viktig det er at barn og unge skal ferdast
trygt og sikkert der dei bur, til og frå skule og i samband med
fritidsaktivitetar. Dette er det tverrpolitisk semje om. Eg viser
mellom anna til behandlinga av Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029
i Stortinget, der Transport- og kommunikasjonskomiteen uttalte: «Komiteen viser
til at blant de konkrete målene for regjeringens tilrettelegging
for barn inngår å legge til rette for at åtte av ti barn og unge
skal velge å gå eller sykle til skolen, styrke trafikksikkerheten
for barn og unge og legge vekt på barn og unges behov i planlegging
og utvikling av transportsystemet, samt regional planlegging. Komiteen
viser videre til at det er tverrpolitisk enighet om å løfte frem
hensynet til barn og unge i transportplanleggingen, og merker seg
at regjeringen vektlegger dette i kapitlet.» Jf. lnnst. 460
S (2016-2017).
For første gang
blei det laga ein Barnas transportplan i NTP 2018-2029. Dette var
eit nybrottsarbeid og Barnas transportplan inneheld både omtale
av utfordringar og tiltak som skal gjere det sikrare for barn og unge
å ta seg fram i kvardagen, men som og skal stimulere til auka fysisk
aktivitet. Regjeringa følgjer opp NTP 2018-2029 på ei rekke område
med relevans for mobiliteten til barn og unge. Det er fleire mål
som er styrande for innsatsen mot barn og unge. Eg viser særskilt
til nullvisjonen og at det i Barnas transportplan er mål om at åtte
av ti barn og unge skal velje å gå eller sykle til skulen.
I regjeringserklæringa
frå Granavolden, januar 2019, går det fram at regjeringa skal leggje
til grunn Barnas transportplan som ein viktig del av NTP-arbeidet.
Blant dei tolv forslaga
som representanten Bastholm har spelt inn er det fleire forslag
som andre departement har ansvar for. Eg har derfor fått innspel
frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kunnskapsdepartementet
til nokre av svara.
Gjennom mitt svarbrev
til dette representantforslaget er det to hovudgrep som eg ønskjer
å dele med Stortinget, det fyrste gjeld oppfølging av inneverande
NTP 2018-2029, der regjeringa driv eit systematisk arbeid for å
nå måla som dreier seg om barn og unge. Eg viser til omtale av nokre
tiltak i dette brevet. Det andre grepet gjeld komande NTP, jf. Regjeringserklæringa
frå Granavolden. NTP-prosessen som no er godt i gang, legg derfor
opp til ein grundig og involverande prosess. Omsynet til barn og
unge vil vere ein viktig del av denne prosessen.
Forslag
1
Stortinget ber regjeringen gi Barnas
transportplan en oppdatert nasjonal tiltaksplan med nye, konkrete
tiltak og satsinger som prioriterer hensynet til barn og unge framfor
biltrafikken og bygging av nye motorveier. Manglende gang- og sykkelvei,
fortau og fotgjengerfelt må prioriteres framfor bygging av nye motorveier.
Barn
og unge skal vere trygge når dei ferdast i trafikken og vi må derfor
minimere risikoen for ulykker. Vi har nullvisjonen som rettesnor,
også for innsatsen mot barn og unge; Nullvisjonen seier det ikkje
skal vere ulykker med drepne eller hardt skadde i vegtrafikken. Vi
har ingen barn å miste. Derfor har det i ei årrekkje vore satsa
på utbygging av trygge gang- og sykkelvegar i heile vegnettet, anten
det er kommunalt, fylkeskommunalt eller statleg. I perioden 2010
til 2017 er det bygd ut i gjennomsnitt 42,9 km ny gang- og sykkelveg
per år langs riksveg, av dette er 8,7 km per år i byar og tettstader.
I tillegg kjem tiltaka i regi av kommunar og fylkeskommunar. Barn
og unge er særs viktige målgrupper for gang- og sykkelveger.
Trafikkulykkene
går ned takka vere eit langvarig og systematisk arbeid frå mange
hald. Det er færre barn og unge som blir hardt skadde eller drepne
i trafikken samanlikna med tidleg 2000-tal. Eg viser til rapporten "Ulykker
på skoleveg" frå Transportøkonomisk institutt (TØI rapport 1643/2018),
som fann at 331 barn i alderen 6-15 år blei skadde eller døde på
skolevegen i 2007. I 2016 var talet redusert til 94. Nedgangen frå
2007 til 2016 er på om lag 70 %. Det totale talet på skadde/drepne
har gått ned med berre 54 % i den same tidsperioden. Rapporten viser
vidare at ulykkene på veg til/frå skulen er mindre alvorlege enn
andre trafikkulykker med personskade.
Eg ønskjer ikkje
å forskuttere innhaldet i NTP, men trafikktryggleik og tiltak i
samband med det blir ein sentral del av omtalen av tiltak for barn
og unge. Samstundes skal vi sjølsagt halde fram med å bygge gode,
trygge motorveger som bidreg til betre trafikktryggleik i tillegg til
framkomst for innbyggere og næringsliv.
Forslag
2
Stortinget ber regjeringen stimulere
og belønne byer og kommuner med tettsteder som omgjør veier med
gateparkering til lekeplasser og ballbinger, fjerner gateparkering
i sentrum og boligstrøk og omgjør tidligere gatearealer til grønne
oaser.
Det er
viktig for regjeringa at byar og tettstader blir utvikla i ei retning
som gir gode oppvekstvilkår og godt bymiljø. Mange stadar, spesielt
i distrikta er bil eit viktig fremkomstmiddel, og dette må også
takast omsyn til i utforminga av trygge trafikkløysingar for det
mjuke trafikkantane. Eg viser til at byvekstavtalane og bypakkar er
konkrete døme på samhandling mellom forvaltningsnivåa og viktige
verkty for å oppnå dette. Tiltak som reduserer biltrafikken og stimulerer
til å få fleire til å sykle og gå er nett ein del av byvekstavtalane.
Forslag
3
Stortinget ber regjeringen fremme
forslag om å redusere normalfartsgrensen i tettbygde strøk fra dagens 50km/t
til 40 km/t, og til 30 km/t i byområder med blandet trafikk og rundt
skoler og barnehager.
Kriteria
for fartsgrenser er reviderte nyleg. Desse legg til rette for ein
formålstenleg bruk av fartsgrensene på 40 og 30 km/t. I kriteria
er det større vekt enn tidlegare på omsyn til aktivitet og særskilde
anlegg langs vegen, til dømes skule og barnehagar. Kriteria skal
nyttast på riksvegar, fylkesvegar og private vegar , men er óg tilrådd
brukt på kommunale vegar.
Forslag
4
Stortinget ber regjeringen etablere
et handlingsprogram for trygge skoleveier med en egen tilskuddsordning for
trygge skoleveier i kommunene.
Eg viser
til den samla innsatsen for auka trafikktryggleik , som og er referert
i dette brevet. Vi vil i arbeidet med ny NTP vurdere kva for målretta
tiltak som tar oss nærare nullvisjonen.
Forslag
5
Stortinget ber regjeringen etablere
en norm for bilfrie soner rundt alle skoler.
Det går
fram av Barnas transportplan at trygge skulevegar, med gang- og
sykkelveg, skal vere eit viktig omsyn i alle nye vegprosjekt. Men
det er og eit stort behov for fysiske trafikksikringstiltak for
dagens vegar. Dette kan være sikring av kryssingspunkt, belysning,
nedskilting av fart og fartsdempande tiltak. Vidare skal haldeplassar
og parkeringsområde for henting og bringing av barn ha ei trafikksikker
utforming. Dette ansvaret ligg som regel hos fylkeskommunar og kommunar
som eig desse vegane, men det er og utfordringar på riksvegnettet.
Det er behov for meir kunnskap om trafikksikker utforming av skulevegar.
Statens vegvesen vil derfor oppdatere publikasjonen Trafikkløsninger i skolens nærområder.
Køyring av barn
til skulen fører til auka trafikk og lågare tryggleik for dei som
syklar og går. Trygg Trafikk, Statens vegvesen, Helsedirektoratet,
Foreldreutvalget for grunnopplæringa, Miljøagentene, Syklistenes Landsforening
og politiet oppmodar gjennom prosjektet Hjartesone skular i heile
landet til å redusere biltrafikken rundt skulen, slik at skulevegen
blir tryggare og fleire barn kan gå og sykle til skulen. Hjartesone
blir no etablert rundt mange skular. Aktørane forpliktar seg gjennom
Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2018-2021 til å
vidareutvikle hjartesoneprosjektet med vekt på å dele gode eksempel.
Det er gode erfaringar
med å ta i bruk ulike kartleggingsverkty for registrering av forhold
som bør utbetrast på skuleveg, for eksempel Trafikkagenten (Oslo kommune)
og Trygghetsvandring (Skadeforebyggende Forum).
I tillegg gjennomfører
politiet kontroll- og informasjonsarbeid for å sikre skulevegane.
Kontrollar med eit særleg fokus på fart, rus, bruk av bilbelte og
sykkelhjelm i tillegg til merksemd blir gjennomførte på aktuelle vegstrekningar
til og frå skular rundt skulestart.
Forslag
6
Stortinget ber regjeringen fremme
forslag om å utvide grensen for barnebillett på kollektivtrafikk
fra 16 til 18 år.
Dei landsomfattande
sosiale rabattordningane med 50 prosent rabatt på enkeltbillett
gjeld for barn, honnørreisande og vernepliktige. Rabattordningane gjeld
for jernbane, fylkeskommunal e ruter med buss, båt og T-bane, trikk/bybane,
fylkes- og riksvegferjer, samt flyruter som mottek offentleg tilskot.
Fylkeskommunane
har og ansvar for å gi tilbod om ungdomskort. Ordninga gjeld for
ungdom frå 16 til og med 19 år, dvs. ungdom som i all hovudsak er
elevar i den vidaregåande skulen. Rabattordninga for skuleelevar
og studentar skal gjere kollektivtransport meir attraktiv for ungdom
for dermed å skape gode reisevanar for denne målgruppa for framtida.
Ordninga har derfor ein ungdomsprofil.
Dette er dagens
ordningar, som er minimumskrav. Det er fleire fylkeskommunar som
har utvida grensa for barnebillettar til 18 år. Dette er positivt,
men eg meiner det bør være opp til den einskilde fylkeskommune å
avgjere dette.
Forslag
7
Stortinget ber regjeringen fremme
forslag om å tydeliggjøre skolens ansvar for barns sikkerhet på
skolevei i opplæringsloven.
Det finst
allereie i dag reglar i opplæringslova med forskrifter som gir kommunen
som skuleeigar ansvar for tryggleiken til elevane på skulevegen.
Det er ikkje formålstenleg å understreke dette ytterlegare i opplæringslova
.
Elevar som har særleg
farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skuleskyss.
Dette går fram av opplæringslova § 7-1 fyrste ledd. Det er skuleeigar
som skal avgjere om skulevegen til eleven er særleg farleg eller
vanskeleg, basert på ei konkret vurdering av skulevegen. Vedtaket
til skuleeigaren kan klagast til fylkeskommunen.
Vidare er det slått
fast i forskrift til opplæringslova § 12-1 bokstav c. at skulen
sitt ordensreglement bør innehalde reglar om trafikktryggleik og
andre førebyggjande tiltak. Blant anna kan skulen fastsetje reglar
om kor det er tillate å sleppe av elevar som blir køyrt til skulen,
og parkeringsinstruksar.
Det følgjer av dagens
læreplan for kroppsøvingsfaget at elevane skal lære om trafikkreglar
og korleis dei kan ferdast sikkert i trafikken. I forslag til nye
læreplanar for faget er dette vidareført. For eksempel er det foreslått som
mål etter 2. årstrinn at elevar skal øve på trygg ferdsel i trafikken,
og etter 4. årstrinn skal elevane forstå og følgje reglar i trafikken.
I tillegg er skuleeigarar ansvarlege for å ha ulykkesforsikring
for alle elevar. Denne skal bl.a. dekkje ulykkesskade som skjer
på veg mellom heim/annan opphaldsplass og skulen, jf. forskrift
til opplæringslova § 8-4 bokstav b. Forsikringa til skulen gjeld
også på skulevegen, slik ordensreglementet og gjer.
Samtidig er det
ikkje berre skuleeigar som har ansvaret for elevane sin trafikktryggleik.
Det er foreldra som avgjer om barna får sykle til skulen eller ikkje,
jf. forskrift til opplæringslova § 12-1 bokstav b. Foreldra må ta denne
vurderinga sjølv, basert på dugleikane til barnet, modning og kunnskap
om trafikkreglane.
Forslag
8
Stortinget ber regjeringen fremme
forslag om å stille krav til trepunktsbelte i all skoleskyss som
kjøpes inn av fylkeskommunen.
Eg vil
først understreke at skuleskyss innan det enkelte fylket er eit
fylkeskommunalt ansvar, på same måte som kollektivtrafikken i fylket.
Tryggleiken i transporten
av skulebarn er sikra gjennom særskilte reglar. Forskrift om sikring
av skyssberettigede skoleelever i buss pålegg fylkeskommunar og kommunar
plikt til å sikra at alle skuleelevar med rett til skuleskyss har
sitteplass med bilbelte på bussen. Denne forskriften tredde i kraft
1. juli 2013. Sidan skuleskyssen ofte er integrert i den ordinære
kollektivtrafikken, inneber kravet og at rutetilbodet må være dimensjonert
slik at den særskilde sikringsplikta overfor skulebarn kan oppfyllast.
I forskriften er
det likevel gjort unntak for skuleskyss som blir utførte med buss
i klasse I (såkalla bybusser). Slike bussar, som er konstruert for
hyppig av- og påstiging, er hovudsakleg innretta med ståplassar,
og har ikkje fabrikkmonterte bilbelte. Slike bussar kan ikkje lovleg
køyra fortare enn 70 km/t.
Unntaket vart gitt
for at fylkeskommunane skal kunne integrere skuleskyssen i det ordinære
rutetilbodet. Slik samkjøring bidrar til å halda oppe eit godt og fleksibelt
kollektivtilbod, og samtidig ha kostnadseffektive skuleskysstilbod
ut frå lokale forhold. Ein føresetnad for unntaket er likevel at
det ikkje gir auka risiko. Fylkeskommunane, i samarbeid med transportselskapa,
skal derfor gjere ei grundig vurdering av i kva for tilfelle og
på kva for ruter det er forsvarlig å bruka bybuss ved skuleskyss.
Forslag
9
Stortinget ber regjeringen gjøre
trafikkopplæring til en obligatorisk del av rammeplanen for barnehager.
Eg er
samd i at trafikktryggleik og god trafikkopplæring er viktig også
for dei minste. Det er allereie i dag presisert i forskrift om rammeplan
for innhaldet og oppgåver til barnehagen at barna skal lære å ferdast trygt
i nærmiljøet. Trafikkopplæring inngår i å ferdast trygt. Eg meiner
det ikkje er behov for å gjere dette enda tydelegare i rammeplanen.
Rammeplanen er på
eit relativt overordna nivå, og det meiner eg den framleis bør vere.
Det var eit bevisst val at den ikkje skulle bli for omfangsrik.
Det skal vere rom for prioriteringane til eigaren, og for at pedagogisk leiar
og barnehagelærarar skulle kunne utøve sitt pedagogiske skjøn. Dette
er eit viktig prinsipp som vi ønskjer å halde fast ved. Dette gir
også rom for at trafikkopplæringa kan tilpassast barnegruppa sine
behov og lokale forhold.
Regjeringa er opptekne
av at barnehagane skal jobbe godt med trafikktryggleik. UDIR har
utvikla støttemateriell for implementering av rammeplanen som barnehagane
kan velje å bruke. UDIR viser mellom anna til Trygg Trafikk sine
omfattande ressursar for å jobbe med trafikkopplæring i barnehagen.
Trygg Trafikk har
eit særleg fokus på trafikktryggleik for barn og unge og er ein
viktig pådrivar i det nasjonale trafikktryggleiksarbeidet. Organisasjonen
gjennomfører ei rekke ulike aktivitetar for å styrke trafikkopplæringa
i barnehage og skule, og er ein viktig pådrivar og rettleiar overfor
kommunesektoren og i arbeidet for styrka trafikktryggleik for gåande
og syklande. Trygg Trafikk vil mellom anna utarbeide tilrådingar
for korleis føringane i Barnas transportplan kan følgjast opp på
regionalt og lokalt nivå, jf. tiltak 117 i Nasjonal tiltaksplan for
trafikktryggleik på veg 2018-2021.
Forslag
10
Stortinget ber regjeringen utarbeide
et nasjonalt kart over skoleveier som grunnlag for arealplanlegging
i kommunene og fylkene.
Eg er
av den oppfatning at ei slik kartlegging eventuelt bør finne stad
på kommunalt nivå. Skular i mange kommunar har vald å gjennomføre
såkalla barnetråkk-registreringar. Desse kan gi nyttig informasjon
til kommunen i arealplanlegginga, men det manglar ein systematikk
i registreringane som sikrar at kartgrunnlaget blir halde oppdatert.
Når det blir bygd nye skular, når ny infrastruktur gjer ein ny skuleveg
meir tilgjengeleg eller når skulekrinsane i eit nabolag blir endra,
må data i eit kart over skulevegar oppdaterast. I dag finst det ikkje
eit einsarta system for innsamling, lagring og formidling av data.
Forslag
11
Stortinget ber regjeringen fremme
forslag om å innføre et nasjonalt krav om at alle barn skal kunne
sykle trygt til skolen, som føring for kommunal og fylkeskommunal arealplanlegging.
I tråd
med plan- og bygningsloven er det kommunane som har hovudansvaret
for å utarbeide arealplanar. Regjeringa er opptatt av at fylkeskommunane og
kommunane legg til rette for sykling og gange i byar og tettstader,
mellom anna gjennom trygge skulevegar, ved å planlegge for gange
og sykling frå kollektivknutepunkt og ut til friluftslivsområde,
og for transportløysningar for grupper som er mindre mobile.
Forslag
12
Stortinget ber regjeringen ta initiativ
til, utvikle og stimulere til ordninger med aktivitetsskyss med
utslippsfri transport etter skoletid for barn og unge.
Eg oppfattar
dette som eit forslag som er framtidsretta og som gjeld utvikling
av nye tenester og løysingar for grøn mobilitet. Vi ser at fylkeskommunane
har høge ambisjonar for fossilfri kollektivtrafikk. Regjeringa støtter
opp om denne utviklinga gjennom å utarbeide ein plan for fossilfri
kollektivtrafikk. Samstundes er vi inne i ei tid med store endringar
i transportsektoren som er kjenneteikna av null- og lavutsleppsteknologi
og digitalisering. Gjennom smart mobilitet støttar regjeringa prosjekter
som skal leggje til rette for nye transportformar, så som meir sjølgåande
bussar og nye kollektivløysingar. Dette er noko vi ønskjer å stimulere,
både fordi vi skal redusere utsleppa og for å gjennomføre det grøne skiftet.
Vi introduserte Pilot-T ordninga i NTP 2018-2019 nettopp for å utvikle
smarte mobilitetsløysingar. Prioriterte prosjekt ligg i skjæringsfeltet
transport, digitalisering og informasjons- og kommunikasjonsteknologi
(IKT), og retter seg mot utvikling og testing av ny teknologi som
raskt blir tatt i bruk innan transportsektoren. Forskningsrådet
og Innovasjon Norge samarbeider om Pilot-T og har til saman fått
om lag 59 millionar kroner til å støtte prosjekt i 2018 og 2019.
Eg meiner dei ambisiøse
måla og dei tiltaka som er satt ut i livet, i kombinasjon med det
vi skal utvikle i den komande NTP'en er eit uttrykk for at regjeringa
prioriterer sikker og god mobilitet for barn og unge høgt.