Komiteen, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen,
Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein,
lederen Henrik Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander
Stokkebø, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud
og Jan Steinar Engeli Johansen, fra Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik
og Trygve Slagsvold Vedum, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth
Kaski, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Kristelig Folkeparti, Tore
Storehaug, fra Miljøpartiet De Grønne, Kristoffer Robin Haug, og
fra Rødt, Bjørnar Moxnes viser til at finansministeren har
uttalt seg om forslaget i brev av 12. april 2019 til finanskomiteen.
Brevet følger som vedlegg til denne innstillingen.
Komiteen viser til at Norge
gjennom EØS-avtalen er forpliktet til å tillate kabotasje. Dette
gir også norske transportører tillatelse til å drive kabotasje i
andre EØS-land.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti,
mener det er viktig at det norske markedet skal være nøytralt. Merverdiavgiftsreglene
i Norge er like for både norske og utenlandske aktører som omsetter
varer og tjenester. Fritaket må derfor gjelde både for norske og
utenlandske transportører.
Flertallet merker seg også
at Skattedirektoratet i brev til Finansdepartementet skriver at
det for staten er negativt proveny for turbussektoren, og at dette
i hovedsak skyldes satsforskjell på omsetning og kostnader.
Flertallet viser til at siden
merverdiavgiftssatsen for persontransport er 12 pst. og med en merverdiavgiftssats
på 25 pst. for fradragsberettigede kostnader, gir dagens regelverk
i liten grad konkurransefortrinn for selskaper som ikke etterlever
dette.
Flertallet mener dagens regelverk
på merverdiavgiftsområdet er godt nok, og vil påpeke at de aller
fleste kabotasjeoppdrag i Norge vil være merverdiavgiftspliktige
også etter dagens regelverk. Det vil dog være viktig å fortsette
arbeidet mot ulovlig kabotasje og hindre liberaliseringer på dette
feltet.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet
Dei Grøne og Raudt fremjar fylgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringen fremme et lovforslag som sikrer at bedrifter hjemmehørende
i utlandet må betale merverdiavgift fra første krone omsatt i Norge.»
«Stortinget
ber regjeringa intensivere kontrollane av utanlandske turbussar,
mellom anna for å forsikre seg om at selskapa som eig bussane, er
meirverdiavgiftsregistrerte.»
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet og Miljøpartiet De Grønne viser til at spørsmålet
om betaling av merverdiavgift for busselskap og annen transportvirksomhet
i Norge har vært behandlet i Stortinget tidligere. I Innst. 148
S (2014–2015) vedtok et enstemmig Storting følgende:
«Stortinget ber regjeringen
på egnet måte legge til rette for at alle selskaper som driver transportvirksomhet
i Norge, svarer merverdiavgift til den norske staten etter norske
regler.»
Disse medlemmer viser videre
til at det i regjeringens Granavolden-plattform er tatt inn følgende
formulering: «Sikre at utenlandsk vogntog betaler bompenger og andre
avgifter», og at Sverige og Danmark opererer med nullgrense for
momsinnbetaling for selskap hjemmehørende i utlandet, selv om disse
landene har en generell momsgrense på henholdsvis 40 000 SEK og
50 000 DKK.
Disse medlemmer viser til at
det stadig oftere avdekkes sosial dumping i den grenseoverskridende transportsektoren,
samtidig som utviklingen går i gal retning når det gjelder lønns-
og arbeidsvilkår for arbeidstakere i sektoren. Konkurransevilkårene
for seriøse bedrifter svekkes, og trafikksikkerheten på norske veier
blir dårligere. En aktiv innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
innen transportsektoren er helt avgjørende for å bekjempe denne
utviklingen.
Gode politiske tiltak
vil kunne øke yrkesstoltheten, bedre rekrutteringen til næringen
og gi bedre økonomiske rammebetingelser for seriøse transportører.
Like viktig er det at strenge krav og tydelige rammer vil fremme
tryggheten, redusere ulykkesrisikoen og bedre fremkommeligheten
langs norske veger, særlig på vinterstid.
Disse medlemmer viser til at
representanter fra Arbeiderpartiet har fremmet et forslag med 10
tiltak som skal bedre situasjonen i denne bransjen, jf. Representantforslag
121 S (2018–2019), som behandles i transport- og kommunikasjonskomiteen.
Disse medlemmer viser til at
ett av tiltakene som foreslås i Representantforslag 121 S (2018–2019),
er at utenlandske turbussoperatører pålegges å registrere seg i
mva.-registret og at grensen for mva.-registrering senkes til 1
krone i omsetning for denne næringsgruppen, noe som vil forenkle
kontrolltiltakene, og at det i tillegg innføres elektronisk registrering
av all kabotasjekjøring.
Disse medlemmer vil på denne
bakgrunn støtte forslaget også i denne innstillingen.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt viser
til at Noreg er eitt av svært få land som opererer med ei nedre
grense for å betale meirverdiavgift for utanlandske selskap. Av
28 EU-land er det berre tre land som har ei slik grense for utanlandske
selskap. Dette gjeld Bulgaria, Kypros og Litauen. Av dei resterande
landa er det tre som ikkje har ei slik grense i det heile, medan
fleirtalet, 22 land, har ei nedre grense for nokon eller alle innanlandske
selskap, men ikkje for utanlandske selskap. Det er denne siste og
klart mest vanlege ordninga desse medlemene ynskjer at
skal innførast i Noreg. Så godt som alle landa som vi vanlegvis
samanliknar oss med, som Danmark, Sverige, Finland, Storbritannia
og Frankrike, har ei nedre grense for alle innanlandske selskap, men
ikkje for utanlandske selskap.
Desse medlemene peiker på at
påstanden frå komitéfleirtalet om at fjerninga av grensa eventuelt
også må gjelde norske selskap, og insinueringa om at framlegget
kan få negative fylgjer for norske transportørar si kabotasjeverksemd
i utlandet, openbert er uriktig.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Raudt tek til etterretning at fleirtalet
i komiteen meiner at det er umogleg å ha det slik som dei aller
fleste EU-landa har det, inkludert dei landa vi vanlegvis samanliknar
oss med.
Desse medlemene er skuffa over
at fleirtalet i komiteen avviser eit framlegg som ville kunne styrke konkurransekrafta
til norsk næringsliv og bidra til å skape og ta vare på norske arbeidsplassar.
Desse medlemene ynskjer å trekkje
fram at det er landa Bulgaria, Kypros og Litauen regjeringa og fleirtalet
i komiteen meiner Noreg skal fylgje i meirverdiavgiftspolitikken.
Dette er land vi vanlegvis ikkje bruker å samanlikne oss med. Desse medlemene vil
peike på at det i denne aktuelle saka er særleg gode grunnar til ikkje
å samanlikne oss med desse landa. Medan Noreg har eitt av dei absolutt
høgste kostnadsnivåa i Europa, har Bulgaria det lågaste kostnadsnivået
av alle EU-landa medan Litauen ligg på fjerde siste plass. Kypros
ligg midt på lista, men har neppe store utfordringar med t.d. kabotasje
av openberre geografiske årsaker.
Desse medlemene peiker på at
det nett er sosial dumping, skatteomgåing, kriminalitet og sikkerheitsproblem
knytte til den store auken av køyretøy, sjåførar og selskap frå
land som Bulgaria og Litauen som er bakgrunnen for framlegget. Det
er ingen grunn til at vi som einaste høginntektsland skal ha same
meirverdiavgiftssystem som låginntektslanda Bulgaria og Litauen.
Desse medlemene peiker på at
medan land som Litauen og Bulgaria opplever at innbyggjarane og selskapa
deira reiser til andre land for å drive t.d. transportverksemd,
så opplever Noreg og nærskylde land som Danmark og Sverige det motsette.
Dette borgar for at heilt andre vurderingar bør gjere seg gjeldande
ved utforminga av meirverdiavgiftsregelverket for utanlandske selskap
i Noreg enn i desse landa, som vi altså no har same system som.
Desse medlemene hevar fram
at Danmark og Sverige har teke konsekvensen av utfordringane dei opplever,
ved ikkje å ha ei nedre grense for å betale meirverdiavgift for
utanlandske selskap, samstundes som dei har grenser tilsvarande
Noreg på høvesvis 50 000 DKK og 40 000 SEK for innanlandske selskap.
Desse medlemene registrerer
at regjeringa Solberg i mange EU-spørsmål er meir tru til EU-linja
enn fleire EU-land. Norske interesser kjem i beste fall i andre
rekke. Også når det gjeld sentralisering og privatisering hindrar ideologiske
kjepphestar regjeringa frå å gjere dei rasjonelt sett beste vala
for Noreg. Trass i dette bakteppet er det likevel oppsiktsvekkande
at regjeringa og komitéfleirtalet ikkje kan støtte føreliggjande
framlegg. Desse
medlemene viser til at regjeringa og komitéfleirtalet ikkje
eigentleg ser ut til å ha nokon innvendingar mot framlegget i seg
sjølv – dei hevdar berre at dei ikkje trur framlegget vil ha nokon
særleg verknad. Desse
medlemene meiner at ein bør ha sterkare argument enn dette
for å halde på eit system som m.a. gjer det vanskeleg å ha oversyn
over utanlandske selskap si verksemd i Noreg.
Desse medlemene tilrår at representantframlegget
vert vedteke.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet viser til at NHO støttar framlegget frå
Senterpartiet og også uttaler at det vil ha stor effekt.
NHO hevar særleg
fram at det å fjerne den nedre grensa for å betale meirverdiavgift
vil innebere at alle selskap som har vogntog og turbussar som opererer
i Noreg, må vere meirverdiavgiftsregistrerte. Ei slik registrering
vil gjere det betydeleg enklare å kontrollere køyretøya generelt.
Då kan ein også enklare avdekkje og ev. sanksjonere lovbrot, også
lovbrot som er urelaterte til meirverdiavgift. I tillegg vil ei
slik registrering gje betre kunnskap om utanlandske selskap si verksemd
i Noreg og såleis gje betre avgjerdsgrunnlag for styresmakter og
politikarar.
Desse medlemene viser til at
NHO reknar med at det å fjerne minstegrensa for meirverdiavgift
for utanlandske turbusselskap vil gje staten 100 mill. kroner i auka
inntekter.
Desse medlemene meiner at det
er endå viktigare å lytte til at NHO legg til grunn at framlegget
kan bidra til å nedkjempe kriminalitet og skape fleire arbeidsplassar
i Noreg.
Desse medlemene vil til slutt
peike på at dei negative fylgjene av dagens regelverk for norske
selskap har vortne større som fylgje av at regjeringa har auka meirverdiavgiftssatsen
for m.a. persontransport frå 8 til 12 pst. I ljos av det som går
fram av Granavolden-erklæringa, er det svært god grunn til å frykte
at regjeringa vil auke denne satsen ytterlegare, noko som vil gjere
det endå vanskelegare for m.a. norske turbusselskap. Desse medlemene held
fram at framlegget vil bidra til å skape norske arbeidsplassar og
fremje norsk verdiskaping.