Innleiing
Føremålet med denne
proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte
opp åtte nye investeringsprosjekt og å orientere Stortinget om nokre
andre saker.
Utgangspunktet for
godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane
(Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.
Regjeringa peikar
på at dei nye investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar, alle
er i samsvar med inneverande langtidsplan for Forsvaret som Stortinget godkjende
gjennom handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 (2015–2016).
Proposisjonen har
følgande innhald:
-
Godkjenning av kostnadsramme
for eit nytt felles materiell- og eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Sensorar
for militær luftromsovervaking.
-
Godkjenning av kostnadsramme
for eit nytt materiellprosjekt: Modernisering av kryptoløysingar.
-
Godkjenning av kostnadsramme
for seks nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Evenes – fasilitetar
for maritime patruljefly, Evenes – fasilitetar for NATO sin kampflyberedskap,
Haakonsvern – tilrådd vedlikehaldsløysing og etablering av vedlikehaldsfasilitet
for nye ubåtar med tilhøyrande kaianlegg, Haakonsvern – oppgradere
utrustingskai, Ørland – tilpassing av Hårberg skole og nytt idrettsbygg,
Ørland – forsyningsbygg.
-
Andre saker: Kostnadsbilete
for kampflybase Ørland, terminering av prosjekt for ombygging av mannskapsforlegningar
på Setermoen til forlegning for befal og verva, vidareutvikling
av cyberdomenet i militære operasjonar, og norsk medlemskap i Cooperative
Cyber Defence Center of Excellence.