Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal
og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, leiaren Henrik
Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø,
frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud og Jan Steinar
Engeli Johansen, frå Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve
Slagsvold Vedum, frå Sosialistisk Venstreparti, Solveig Skaugvoll
Foss, frå Venstre, Abid Q. Raja, frå Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug,
frå Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, og frå Raudt, Bjørnar
Moxnes, viser til at denne innstillinga berre gjeld samtykke
til godkjenning av EØS-komiteen si avgjerd om forordning om endring
av statistikkforordninga. Forslag til ny statistikklov i Prop. 72
LS (2018–2019) blir behandla i Innst. 342 L (2018–2019).
Komiteen viser til Prop. 72
LS (2018–2019) Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning
om forordning om endring av statistikkforordningen (S-delen).
Komiteen har lagd fram innstillingsutkastet
for utanriks- og forsvarskomiteen, som i brev av 3. juni 2019 opplyste
at den sluttar seg til finanskomiteen sitt utkast til innstilling,
og har ingen ytterlegare merknader.
Komiteen viser til at det norske
statistikksystemet i stor grad alt er integrert i EU sitt statistikksystem. Endringsforordninga
har som hensikt å bidra til å styrke prinsippet om nasjonale statistikkbyrå
sin faglege uavhengigheit og kan bidra til å styrke kvaliteten på
europeisk og norsk statistikk. Komiteen støttar innlemming
av statistikkforordninga i EØS-avtalen.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet er kritiske til at regjeringa føreslår å
innlemme endå ei EU-forordning som inneber auka byråkrati, i dette
tilfellet stipulert til minst 7–9 årsverk. Desse medlemene meiner at regjeringa
ikkje maktar omsetje målet om redusert byråkrati til praktisk politikk,
og at målet om å redusere byråkratiet i sak etter sak ser ut til
å tape for andre omsyn.
Desse medlemene peiker elles
på at god, nøytral og korrekt statistikk er heilt naudsynt for at
eit moderne samfunn skal fungere. Å ha nasjonal kontroll over statistikkproduksjonen
er såleis svært viktig. Sameleis er det essensielt at ein kan samarbeide
med andre land, m.a. for å kunne produsere statistikk som kan samanliknast. Desse medlemene opplever
at dagens samarbeid med m.a. europeiske land fungerer godt. Desse medlemene har
vanskar med å skjøne at det å påleggje Statistisk sentralbyrå (SSB)
omfattande rapporteringsoppgåver andsynes EU sine statistikkstyresmakter er
i Noreg si interesse. Samstundes vil det vere i Noreg si interesse
å kunne halde fram statistikksamarbeidet med europeiske land på
relevante område.
Desse medlemene har etter ei
heilskapsvurdering kome fram til at Senterpartiet kan støtte innlemminga
av statistikkforordninga i EØS-avtalen, ut frå ei vurdering om at
dette er betre enn å late vere, slik saka står no. Samstundes ynskjer desse medlemene å streke
under at ein ikkje opplever at regjeringa har gjort gode avvegingar,
t.d. relatert til byråkrati og rapporteringskrav, og at ein burde
kunne få til meir omfattande EØS-tilpassingar. Desse medlemene meiner at Noreg
på lengre sikt må arbeide for å få eit anna og meir målretta samarbeid
med EU sine statistikkstyresmakter, som m.a. ikkje inneber unødvendig
byråkrati.
Desse medlemene fremjar på
denne bakgrunnen fylgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa gå gjennom Noreg sitt samarbeid med EU på statistikkområdet
og føreslå byråkratireduserande tiltak innanfor dagens regelverk.»
«Stortinget
ber regjeringa gå gjennom Noreg sitt samarbeid med EU på statistikkområdet
og føreslå endringar i dagens regelverk, herunder avtalar med EU, for
å redusere byråkrati.»
Desse medlemene viser
elles til eigne merknader i Innst. 342 L (2018–2019), som tek føre
seg lovdelen av Prop. 72 LS (2018–2019).