2.3 Fagleg uavhengigheit
Komiteen viser til den europeiske
fagfellevurderinga som peikte på at det i gjeldande lov er uklårleik om
styret si rolle og om styret er ein del av SSB og dermed omfatta
av den faglege uavhengigheita, eller om styremedlemene fungerer
som departementet sine representantar.
Komiteen har også merka seg
at høyringsinstansane viser til viktigheita av eit uavhengig SSB
for å behalde høg tillit, og at det er ulikt syn på om dei foreslegne
tiltaka er tilstrekkelege for å oppnå det målet. Komiteen støttar at det i framlegg
til ny lov vert lovfesta at administrerande direktør skal tilsettast
av Kongen i statsråd.
Komiteen har merka seg at det
vert foreslått å innføre eit nasjonalt program for statistikk. Dette
programmet skal vera ei ramme for kva lova regulerer, og avgrense
kva som er offisiell statistikk. Lova vil vera på eit overordna
nivå, og det vert ikkje teke stilling til innhaldet i programmet
i lova, korkje kva statistikkområde som skal inngå, eller kven som
skal produsere dei ulike statistikkane. Det vil først skje når programmet
vert utarbeidd og beslutta.
Komiteen vil peike på at det
er viktig å finne den rette balansen mellom fleksibilitet og detaljeringsnivå.
Komiteen har merka seg at det
er noko ulikt syn når det gjeld kven som skal vedta programmet.
Nokre høyringsinstansar peikar på at dersom Kongen i statsråd skal
vedta programmet, slik regjeringa foreslår, vil det føre til svekka
tillit til statistikken og bli stilt spørsmål om kor fagleg uavhengig
SSB er.
Komiteen viser til at det er
viktig å ha opne og breie prosessar ved utarbeiding av programmet,
og understrekar at kravet om fagleg uavhengigheit skal gjelde for
all produksjon av offisiell statistikk, også den som går føre seg
i etatar der utøving av verksemd elles ikkje er fagleg uavhengig.
Kravet om fagleg sjølvstende inneber at statistikkfaglege vurderingar
og spørsmål skal handsamast uavhengig av politisk eller tenestleg
instruks.
Komiteen understrekar at det
dermed ikkje vil vera mogleg for overordna myndigheit å instruere
ei underliggande verksemd i spørsmål som fell innanfor den faglege
uavhengigheita i produksjonen av offisiell statistikk og øvrige
kvalitets- og publiseringskrav for slik produksjon.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet
Dei Grøne og Raudt, er samd i at tillit til fagleg uavhengigheit er avgjerande
viktig, og meiner at for statistikkdelen så er summen av dei foreslegne
tiltaka tilstrekkeleg for å vareta dette.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ønskjer
å understreka at SSB sin faglege uavhengigheit er avgjerande for
å behalde høg tillit, og understrekar at leiaren av det nasjonale
statistikkontoret skal handle uavhengig under utføringa av sine
faglege oppgåver. Regjeringa seier dei legg vekt på at SSB skal stå
fritt til å gje råd om utforminga av oppdrag innan forsking og analyse,
og at byrået også bør gjere greie for betydinga av overordna metodeval
når resultata vert framlagde, i dei tilfella der SSB meiner at metodevala har
stor på verknad på resultata. Regjeringa seier vidare at dersom
SSB meiner at metodevala har stor påverknad på resultata, eller
at resultata er misvisande, bør dette bli peika på. Desse medlemene vil
understreka at i slike tilfelle skal SSB opplyse om dette, og desse medlemene vil
streke under at det å kunne samanlikne over tid også må vere ivareteke.
I tillegg har SSB adgang til å avvise oppdrag dersom byrået finn
det fagleg uansvarleg og ikkje gjennomførleg eller for ressurskrevjande.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt er
samde i at tillit til fagleg uavhengigheit er avgjerande viktig. Desse medlemene viser
til kapittel 7.3.6.2 i proposisjonen, der det står:
«Statistikklovutvalget
foreslår at Statistisk sentralbyrå skal kunne pålegges å gjennomføre
beregninger ved bruk av særskilte modeller eller med bestemte forutsetninger
og om overordnede metodevalg. Statistisk sentralbyrå og enkelte
andre høringsinstanser er kritiske til dette av hensyn til byråets
uavhengighet.
Departementet er
enig med utvalget, men legger vekt på at det må være åpenhet rundt
rammene for slike oppdrag.»
Desse medlemene viser vidare
til at det i kapittel 7.2.4.3 i proposisjonen står:
«Som en del av styringsdialogen
kan departementet avgrense omfanget og styre den tematiske innretningen av
oppdragsfinansieringen.»
Desse medlemene meiner dette
reiser spørsmålet om ikkje dette kjem i konflikt med artikkel 5a
i EU-forordninga frå 2015, kor det mellom anna står:
«Within their national
statistical system, Member States shall ensure the professional
independence of officials responsible for the tasks set out in this
Regulation. To that end, the heads of NSIs shall act in an independent
manner while performing their statistical tasks; and neither seek
nor take instructions from any government or other institution,
body, office or entity.»
Desse medlemene meiner dette
burde vært diskutert grundigare i proposisjonen. Desse medlemene viser i denne
samanhengen til tidligare forskingsdirektør i SSB, Kjetil Telle,
som i eit notat til høring i kontroll- og konstitusjonskomiteen
januar 2018 skriv:
«Vil de vise at flyktninger
er dyre, så bestiller de en analyse med Demec. Vil de vise at flyktninger
er bra for norsk økonomi, iallfall bedre enn arbeidsinnvandring, så
bestiller de en analyse med Kvarts.»
Telle viser vidare
til at tidlegare SSB-direktør Christine Meyer vart utsett for eit
«uformelt press» med insinuasjonar om at Meyer «misbruker sin posisjon
til å stoppe eller trenere analyser om negative sider ved innvandring». Desse medlemene fryktar
at dette forslaget frå regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek den
faglege uavhengigheita som SSB er avhengig av, og meiner at Stortinget
må følgje med på situasjonen framover.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet viser til at statistikk er eit viktig verktøy
for alle deltakarar i eit demokrati, til dømes for innbyggjarane direkte,
for næringslivet, for regjeringa, for Stortinget og for ulike statlege
etatar. God statistikk er avgjerande for ei god samfunnsutvikling,
for riktige avgjersler politisk, kommersielt og også somtid i einskildindivida
sine liv. Desse
medlemene meiner det er uheldig at ein legg opp til at behandlinga
av dei fleirårige statistikkprogramma ikkje skal reflektere den
store verdien og betydinga statistikk har. Desse medlemene ynskjer at det
skal leggjast opp til eit ope ordskifte kring viktige vegval i statistikkproduksjonen,
og meiner at dette best vert oppnådd ved at dei fleirårige statistikkprogramma skal
leggjast fram for Stortinget for avgjerd.
Desse medlemene fremjar på
denne bakgrunnen fylgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med eit framlegg til
lovendring som inneber at det er Stortinget som skal vedta dei fleirårige
nasjonale statistikkprogramma.»