Forslag frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne
og Raudt:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
sikre at tidlegare politiske føringar vert følgde opp, og at SSB-Kongsvinger
vert styrkt i tal på årsverk og i innhald.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
leggja fram forskriftene til statistikklova for Stortinget før iverksetjing.
Forslag frå Arbeidarpartiet
og Senterpartiet:
Forslag 3
Statistikkloven
§ 19 femte ledd nytt tredje punktum skal lyde:
I tillegg oppnevnes
to representanter av og blant de tilsatte.
Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt:
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
gjennom forskrift fastsetje at SSB ikkje kan krevje brukarane for
meir enn reelle marginalkostnader for å produsere tilpassa datasett
og liknande tenester.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa
syte for at alle SSB sine data som ikkje er sensitive med omsyn
til personvern eller landet sin tryggleik, skal gjerast tilgjengelege
gratis for befolkninga på eigna måte.
Forslag 6
Stortinget ber regjeringa
fremje lovframlegg for Stortinget som gjer det tydeleg at den klare
hovudregelen for SSB si verksemd er full openheit og deling av all informasjon,
inkludert rådata.
Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti og Raudt:
Forslag 7
Statistikkloven
§ 21 skal lyde:
Departementet kan
gi forskrift som er nødvendig for å oppfylle Norges statistikkforpliktelser
etter EØS-avtalen frem
til XX. juni 2019 (lovens vedtakstidspunkt). Eventuelle fremtidig
oppståtte forpliktelser skal legges frem for Stortinget til behandling
i egen sak. EØS-forpliktelser av teknisk karakter på begrensede
statistikkområder kan likevel fastsettes i forskrift uavhengig av
når de inntrådte og uten behandling i Stortinget.
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti,
Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt:
Forslag 8
Lov om offisiell
statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven) § 19 femte
ledd skal lyde:
(5) Rådet for Statistisk
sentralbyrå skal ha femten medlemmer
som oppnevnes av Kongen i statsråd for en periode på fire år. Medlemmer
kan oppnevnes for en samlet periode på inntil tolv år. I tillegg oppnevnes
to representanter av og blant de ansatte.
Forslag frå Senterpartiet:
Forslag 9
Stortinget ber regjeringa
kome tilbake til Stortinget med eit framlegg til lovendring som
inneber at det er Stortinget som skal vedta dei fleirårige nasjonale
statistikkprogramma.
Forslag 10
Stortinget ber regjeringa
undersøkje korleis ein best mogleg kan organisere seg slik at statistikkbrukarar,
inkludert folk flest, kan få påverknad på dei nasjonale statistikkprogramma
og generelt på kva statistikk som vert produsert, korleis statistikk
vert gjord tilgjengeleg, og liknande tilhøve.