Stadnamntenesta
– organisering
Det er i dag ei rådgivingsteneste
for stadnamn organisert under Kulturdepartementet, jf. stadnamnlova § 11.
Språkrådet fekk i
1993 delegert ansvaret for å nemne opp stadnamnkonsulentar etter
§ 11. Frå same tidspunkt har Språkrådet hatt ansvar for å tilsetje
stadnamnsekretærar. Det administrative og økonomiske ansvaret for
å drifte rådgivingsapparatet etter stadnamnlova har lege hos Språkrådet
fram til i dag. Språkrådet har derimot ikkje hatt noka formalisert
fagleg rolle i å førebu saker hos stadnamnsekretærane eller i dei
tilrådingane som stadnamnkonsulentane i dag gjer etter § 6 første ledd
sjuande punktum.
Departementet meiner
at det er ei utfordring for forvaltninga av stadnamnlova at dei
regionale kontora i dag kan oppfattast som frikopla frå linjene
i forvaltninga, samtidig som dei har stor innverknad på demokratiske
prosessar, tidvis i strid med til dømes lokale interesser.
Departementet meiner
at det er behov for å samle og styrkje fagmiljøet for forvaltning
av stadnamn og såleis bøte på den nedbygginga av dei namnefaglege
miljøa som skjer regionalt i universitetssektoren i dag.
Ved å knyte namnekonsulenttenesta
som fagstyrt organ tettare til eit rådgivande forvaltningsorgan,
kan ein sikre at like saker blir behandla likt, og at regelverkspraksisen
blir utvikla i tråd med saksbehandlingsprinsippa elles i forvaltninga.
Det er behov for å knyte namnekonsulenttenesta til eit miljø som
har eit etablert informasjonsapparat, og som kan leggje til rette
for kompetanseoverføring og opplæring. Det er også behov for ei
ryddig organisering, som ikkje skaper tvil om Språkrådet si rolle.
Departementet foreslår
derfor å skrive Språkrådet si rolle som stadnamnteneste inn i lova.
Gjeldande § 11 Stadnamnkonsulentar vert foreslått erstatta av ny
§ 13 med tittelen Stadnamntenesta. Departementet foreslår at paragrafen
i staden for å omhandle oppnemning av konsulentar, heller skal slå
fast kven som er stadnamnteneste etter lova.
Departementet meiner
å kunne konkludere med at forslaget til lovendring når det gjeld
organisering av stadnamntenesta, har fått svært god mottaking blant høyringsinstansane.
Som statens rådgivande
organ i språkspørsmål vil Språkrådet få eit utvida mandat som følgje
av dette forslaget. Språkrådets samfunnsoppdrag er å styrkje statusen
og bruken av norsk språk, og forvalte rettskrivingsnormene for bokmål
og nynorsk. Språkrådet skal også bidra til å auke bruken av kvensk
og styrkje statusen til kvensk. Språkrådet har ikkje eit direkte
mandat til å arbeide med samiske språkspørsmål, men det høyrer til
det generelle oppdraget til Språkrådet å arbeide for tiltak som
styrkjer også samisk. Desse overordna språkpolitiske samfunnsoppdraga
høyrer derfor godt saman med det verkemiddelet stadnamnlova er til
å sikre den delen av norsk, kvensk og samiske språk som stadnamna
utgjer.