Departementet
si vurdering og forslag til lovregulering
I dag er ikkje dei
kommunale helse- og omsorgstenestene godt nok tilrettelagde for
personar med demenssjukdom og deira pårørande. Departementet meiner
dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demenssjukdom vil
vere eit tiltak som bidrar til å innrette helse- og omsorgstenesta
slik at ho betre kan ivareta behova til denne gruppa og dei pårørande.
For å sikre at alle kommunar har eit slikt tilbod, meiner departementet
det er naudsynt å lovfesta ei plikt til å tilby dagaktivitetstilbod
til denne pasientgruppa.
Lovforslaget byggjer
på eit prinsipp om at kommunane skal ha stort lokalt handlingsrom
når det gjeld å opprette dagaktivitetstilbod, både når det gjeld
omfang og innhald. Helse- og omsorgstenestelova stiller grunnleggjande
krav til naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester, men
innhaldet i dagaktivitetstilbodet er ikkje nærare regulert i forslaget
til lovplikt.
Dagaktivitetstilbodet
må vere fleksibelt, og innhaldet må tilpassast til kvar einskild
brukar sine preferansar og behov og, dersom det er relevant, oppfylle
pårørande sitt behov for avlasting. Dersom ein ikkje opplever at
eit avlastingstilbod fyller omsorgsmottakaren sine behov, vil det
vere vanskeleg for pårørande å ta imot tilbodet uansett kor mykje
den pårørande treng avlasting. Departementet understrekar at avlastingstilbodet
til pårørande skal vere forsvarleg, og at avlastningstiltak skal
omfatte eit forsvarleg tilbod til pasienten eller brukaren som har
omsorgsbehovet.
Røynsler viser at
mange brukarar får dagaktivitetstilbod for seint i forløpet, at
dei får tilbod for få dagar i veka, og at tilbodet ikkje er godt
nok tilpassa, særleg ikkje for yrkesaktive pårørande. God informasjon
til brukarar og pårørande er viktig for å sørgje for at dagaktivitetstilbodet
blir teke i bruk på rett tid i sjukdomsforløpet. Ulike funksjonsnivå
og den einskilde sin livssituasjon vil påverke korleis dagaktivitetstilbodet
til brukaren blir utforma. Dersom dagaktivitetstilbodet skal gjevast
som avlasting for pårørande, er det viktig at dei pårørande blir
tilstrekkeleg involverte i prosessen, til dømes når det gjeld spørsmål
om når og kor lenge dei har bruk for avlasting og kor omfattande
avlasting dei treng.
Fleire av høyringsinstansene
har peika på at det kan være uheldig å avgrense tilbodet til ei
diagnosegruppe. Ei lovfesta plikt til å tilby heimebuande personar
med demens dagaktivitetstilbod er ikkje til hinder for at kommunane
òg kan tilby dagaktivitetstilbod til andre grupper som har behov
for eit slikt tilbod. Hovudregelen er at kommunen sjølv kan avgjera
kva for helse- og omsorgstenester han skal tilby i sin kommune,
så framt kommunen sikrar befolkninga naudsynte helse- og omsorgstenester
av forsvarleg kvalitet og omfang.
Ei lovfesta plikt
for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar
med demens vil ikkje i seg sjølv innebere at alle heimebuande personar med
demens vil ha rett til å bli tildelte slike tenester. Vurderinga
om den einskilde pasienten eller brukaren skal få dagaktivitetstilbod,
vil på vanleg måte kome an på om personen kan seiast å ha rett til
naudsynte helse- og omsorgstenester etter pasient- og brukarettslova
§ 2-1a andre ledd. Kommunane må framleis gjere ei konkret vurdering
av kva for tenester den einskilde pasient eller brukar må få tilbod
om for å få naudsynte helse- og omsorgstenester av forsvarleg kvalitet
og omfang. Ei slik vurdering må kommunen òg gjere for pasientar
og brukarar med andre diagnosar. Også for pasientar eller brukarar
med andre diagnoser kan såleis eit dagaktivitetstilbod vere naudsynt
for å ivareta deira behov for helse- og omsorgstenester. Departementet
meiner såleis at ei lovfesta plikt til å tilby dagaktivitetstilbod
til heimebuande personar med demens ikkje i seg sjølv inneber at
andre pasientgruppar ikkje vil ha tilgang eller rett til eit slikt
tilbod.
Under tilvising til
det som står ovanfor, føreslår departementet å endre helse- og omsorgstenestelova
slik at det blir innført ei plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod
til heimebuande personar med demens.