Forslag fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
vidareføre den øyremerkte tilskotstordninga til oppretting av dagaktivitetsplassar for
heimebuande personar med demens inntil det er oppretta eit forsvarleg
tilbod av dagaktivitetsplassar i kommunane i tråd med Demensplan
2020.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
sikre at lovfesting av kommunane si plikt til å tilby dagaktivitetstilbod
til heimebuande personar med demens vert fullfinansiert.