vedtak til lov
om endringar i yrkestransportlova
(ekspressbuss)
I
I lov 21. juni
2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy vert det gjort
følgjande endring:
§ 6 nytt andre ledd skal lyde:
(2) Løyve til persontransport i
rute over ei viss lengd skal ikkje behovsprøvast. Departementet
fastset i forskrift den nedre grensa for persontransport i rute
som ikkje skal behovsprøvast. Den nedre grensa kan ikkje setjast
lågare enn 80 km. Departementet kan fastsetje i forskrift at særlege
former for persontransport i rute ikkje skal behovsprøvast utan
omsyn til lengda på ruta.
Noverande andre og tredje ledd
blir nye tredje og fjerde ledd.
II
Lova trer i kraft
1. januar 2020.