Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag til endring i yrkestransportlova
§ 6. Framlegget tek sikte på å hindre at regionreforma får utilsikta verknader
for etableringa av kommersielle ekspressbussruter som ikkje mottek
tilskot. Framlegget inneber vidare ei liberalisering av gjeldande
ekspressbusspolitikk.
Forslaget til endring
i yrkestransportlova gjev i § 6 nytt andre ledd heimel for at departementet
kan fastsetje i forskrift at løyve for persontransport i rute med motorvogn
ikkje skal behovsprøvast når ruta er over ei viss lengd som vert
nærare fastsett av departementet. Lengda på ruter som ikkje skal
behovsprøvast, skal etter lovframlegget ikkje setjast lågare enn
80 km.
Det vert òg foreslått
heimel for at særskilte former for rutetransport, som vert nærare
fastsett av departementet, ikkje skal behovsprøvast uavhengig av
lengda på ruta.
Under føresetnad
av at Stortinget vedtek framlegga til endringar i yrkestransportlova,
vil departementet fastsetje nærare reglar i yrkestransportforskrifta
i samsvar med lovheimelen.
Bakgrunnen for framlegget
er iverksetjing av regionreforma. Etter gjeldande rett er kryssing
av fylkesgrenser eit avgjerande kriterium for om det vert gitt løyve
til kommersielle ruter. Samanslåing av to eller fleire fylke medfører
at dei samanslegne fylka vil omfatte større geografiske område enn
i dag.
Framlegget er ei
oppfølging av regjeringa si politiske plattform datert 17. januar
2019, der det går fram at regjeringa vil «Liberalisere ekspressbusspolitikken
fullt ut for usubsidierte ruter», som svarar til tidlegare regjeringsplattform
av 14. januar 2018.
Omgrepet «ekspressbuss»
kan ha ulikt innhald. I framlegget er ekspressbuss avgrensa til
å gjelde kommersielle langruter, som i utgangspunktet ikkje får godtgjersle
eller einerett til å utføre offentleg teneste.
Samferdselsdepartementet
sitt framlegg til lovendring vart sendt til høyring 15. oktober
2018.