Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Øystein Langholm Hansen, Kirsti Leirtrø, Sverre Myrli og Ingalill
Olsen, frå Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Jonny Finstad, Nils
Aage Jegstad og leiaren Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen,
Dagfinn Henrik Olsen og Morten Stordalen, frå Senterpartiet, Bengt Fasteraune
og Siv Mossleth, frå Sosialistisk Venstreparti, Arne Nævra, og frå
Venstre, Jon Gunnes, viser til at rv. 36 er ei viktig ferdselsåre for
lokal- og regionaltrafikken mellom Grenlandsområdet og Midt-Telemark
og knyter saman hovudferdselsårene E18 og E134. Vegstandarden på
strekninga Bø–Seljord er låg, med krappe svingar og delvis mykje stigning.
Komiteen er kjent med at det
lokalpolitisk er gitt uttrykk for at ein primært ønskjer at strekninga
blir bygt med 100 pst. statleg finansiering, men dei involverte kommunane
har alle likelydande vedtak på at dersom dette ikkje er mogeleg,
går ein inn for at strekninga skal byggjast med bompengefinansiering
og der Telemark fylkeskommune garanterer for låneopptak avgrensa
til 400 mill. kroner.
Komiteen viser til at prosjektet
er tenkt finansiert på etterskotsinnkrevjing, og det skal krevjast
inn bompengar i begge retningar. Det er lagt til grunn 15 års innkrevjing
i ein automatisk bomstasjon på parsellen Stodi.
Gjennomsnittlege
bompengetakstar blir sette til inntil kr 29,92 (2017-kroner). Med
dei føresetnader som elles er lagde til grunn og trippel takst for
takstgruppe 2, svarar dette til takstar på kr 31 for takstgruppe
1 og kr 93 for takstgruppe 2.
I finansieringsopplegget
er det lagt til grunn fritak for nullutsleppskøyretøy i tråd med
gjeldande takstretningslinjer.
Det er ein føresetnad
at bompengetakstane skal regulerast i takt med prisstigninga.
Ordninga med bompengar
er basert på eit rabattsystem som inneber at alle trafikantar i
takstgruppe 1 med ei gyldig elektronisk brikke får 20 pst. rabatt.
Køyretøy i takstgruppe
1 betaler for maks 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av
brikke. Kjøretøy i takstgruppe 1 betaler for maks 40 passeringer
per kalendermånad ved bruk av brikke.
Komiteen merker seg at etter
at innkrevjinga av bompenger har starta, skal Statens vegvesen i
samråd med lokale myndigheiter gjere ei vurdering av trafikksituasjonen
på avlasta vegnett (fv. 156), både av omsyn til miljøet og trafikktryggleiken.
Ved ein uønska auke i trafikken skal det i første omgang vurderast
tiltak som senker farten, som t.d. skilting og fartsdumper. Om nødvendig
må ein også vurdere innkrevjing av bompengar på avlasta vegnett.
Prosjektet rv. 36
Bø–Seljord bør leggjast inn under Vegfinans rv. 36 Telemark AS,
eit dotterselskap til Vegfinans AS, som er eit regionalt bompengeselskap.