Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Zaineb Al-Samarai, Jette F. Christensen, leiaren Anniken Huitfeldt, Martin
Kolberg og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd
Schou og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Hans
Andreas Limi og Christian Tybring-Gjedde, frå Senterpartiet, Liv
Signe Navarsete, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken,
frå Venstre, Abid Q. Raja, og frå Kristeleg Folkeparti, Knut Arild
Hareide, merkar seg at proposisjonen inneheld ei godkjenning
av kostnadsramme for fem nye materiellprosjekt: Anskaffing av landbasert
transportstøtte, hand- og avdelingsvåpen, bruleggarpanservogn, ingeniørpanservogn
og nye kystvaktfartøy.
Komiteen viser til at proposisjonane
gjer det klart at lastevognene, som vart anskaffa i perioden 1987–1996,
på sikt vil verte borte som ein reell kapasitet utan nyanskaffing. Komiteen merkar
seg at Forsvaret i 2014 inngjekk ein rammeavtale med Rheinmetal M.A.N.
Military Vehicles (RMMV) i samarbeid med det svenske forsvaret.
Rammeavtalen omfattar alle dei variantane og versjonane av lastevogner
som Forsvaret har behov for. Forsvaret skaffar 125 køyretøy av dei
høgst prioriterte vognene. Desse prosjekta har ei kostnadsramme
på om lag 2 600 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing
for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Leveransane startar
i 2018.
Komiteen viser vidare til
at Prosjektet 2559 Landbasert transportstøtte skal anskaffe om lag
290 køyretøy i andre avrop på rammeavtalen. Anskaffinga dekkjer ikkje
heile behovet Forsvaret har i dag, men er innanfor dei økonomiske
rammene som er sette av til prosjektet. Prosjektet har ei tidsramme
frå 2018 til 2025, og Forsvaret får i dette dekt dei mest kritiske
behova sine innanfor transportstøtte. Det resterende behovet skal
dekkjast inn gjennom å vidareføre om lag 500 av dei beste Scania-vognene
Forsvaret har i dag. Komiteen viser
til at det vert stilt krav om at det vert inngått ein avtale om forsvarsindustrielt
samarbeid med leverandøren innan kontrakten vert signert, og at
den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 963 mill. kroner
medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.
Komiteen merkar seg at Prosjekt
4018 ifølgje proposisjonen skal bidra til at Forsvaret får tilfredsstillande hand-
og avdelingsvåpen. Anskaffingane vil ifølgje proposisjonen i hovudsak
bli gjorde i samsvar med forskrift om forsvars- og sikkerhetsanskaffelser
(FOSA), og det vil kunne verte aktuelt å inngå industrielt samarbeid
med leverandørar utanfor EØS-området. Komiteen merkar seg at den
tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 602 mill. kroner medrekna
meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.
Komiteen viser til at Stortinget
gjennom si handsaming av Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018)
vedtok at Hæren skal ha ein moderne stridsvognkapasitet som eit
avgjerande element i den mekaniserte strukturen. Komiteen viser til at Hæren
sine eksisterande bruleggarpanservogner er bygde på eit Leopard
1-chassis, noko som gjev lågare vern for mannskapa enn den tyngre
og langt meir moderne Leopard 2-plattforma som stridsvognene er
bygde på. For mannskapa om bord i bruleggarpanservogner inneber
dette auka risiko for tap og skade, då eit støttekøyretøy vil kunne
vere eit prioritert mål for ein motstandar. Komiten merkar seg at regjeringa
vil skaffe seks bruleggarpanservogner på eit moderne Leopard 2-chassis,
samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Komiteen viser
til at det i samband med anskaffinga vil verte stilt krav om at det
vert inngått ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren
innan hovudkontrakten vert signert. Avtalen om industrisamarbeid
skal minst ha ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten.
Forsvarsdepartementet vil nøye følgje opp at avtalen vert oppfylt.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 724 mill. kroner medrekna
meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.
Komiteen viser til at Hæren
sine eksisterande ingeniørpanservogner er bygde på det aldrande
Leopard 1-chassiset, og at det er krevjande å skaffe reservedelar til
dei. Komiteen viser
til at regjeringa vil skaffe seks ingeniørpanservogner på eit moderne
Leopard 2-chassis, samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Komiteen merkar
seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 716 mill. kroner
medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar,
og at det vil verte stilt krav om forsvarsindustrielt samarbeid
til minst ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten.
Komiteen viser til Innst.
7 S (2016–2017), der Prosjekt 6615 vart auka til tre helikopterberande
kystvaktfartøy med godkjent isforsterka skrog, samt at anskaffinga
vart forsert med to år. Leveringa av fartøya er planlagd gjennomført
i perioden 2022–2024. Komiteen merkar
seg at kontrakten vil vart tildelt eit norsk verft, og at kontrakten
skal signerast kort tid etter at Stortinget har godkjent prosjektet.
Dei nye fartøya er dimensjonerte og isforsterka for dei primære
operasjonsområda sine i nord. Komiteen noterer seg at den
tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 6 810 mill. kroner medrekna
meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.
Komiteen viser til at dei
gamle anlegga på Haakonsvern orlogsstasjon er mogne for utskifting,
og det er behov for oppgradering og utviding av anlegga for å tilfredsstille
dagens behov og for å dimensjonere for ei framtidig utvikling av
basen. Komiteen merkar
seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet med innfrastrukturtiltak
er 649 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for
usikkerheit.
Komiteen viser til at Stortinget
ved handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) vedtok at Evenes flystasjon
i skal vere base for Forsvaret sine maritime patruljefly (MPA). Komiteen merkar
seg at prosjektet for ny infrastruktur ved Evenes flystasjon omfattar
mellom anna etablering av ny høgspent kraftforsyning for å forsterke krafttilførslelen
til flystasjonen og etablere ny ringstruktur for straumforsyninga
på basen. Det skal òg byggjast eit nytt reservekraftanlegg, leggjast
nye røyr for vatn, avlaup og overvatn, verte lagt fjernvarmerøyr
og fjernkjølerøyr frå den nye energisentralen som skal byggjast
ved Evenes flystasjon, og IKT-infrastrukturen skal verte oppgradert. Komiteen merkar
seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 701 mill. kroner
medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Komiteen viser
til at det no har vorte identifisert eit behov for å oppgradere
og forsterke ytre område rundt Evenes flystasjon for å hindre utilsikta
åtgang av både personell og køyretøy. Konseptet har vidare identifisert
ei rekkje andre behov, mellom anna nytt overvakingssystem, oppgradering
av den eksisterande hovudtilkomsten og eksisterande alternativ tilkomst
til flystasjonen, i tillegg til behov for å etablere eit nytt vaktbygg,
post- og varemottak og avfallsstasjon. Komiteen merkar seg at den tilrådde
kostnadsramma for prosjektet er 438 mill. kroner medrekna meirverdiavgift,
innreiing og ei avsetjing for usikkerheit.
Komiteen merkar seg at Forsvarsdepartementet har
gjennomført ei vurdering av anskaffinga av NH90- helikoptera, medrekna
juridisk handlingsrom overfor leverandør og status og forventa framdrift
i dei pågåande leveransane. Komiteen viser til at NH90-helikoptera
skulle ha vorte leverte i perioden 2005–2008.
Komiteen merkar seg vidare
at regjeringa skriv at Forsvarsdepartementet er uroa for erfaringane
både frå drift av norske NH90-helikopter og frå drift av NH90-helikopter
i andre land. Erfaringane så langt viser at NH90-helikoptera er
meir vedlikehaldskrevjande, med auka driftskostnader og med lågare
tilgjenge enn tidlegare vurdert. Komiteen viser til at regjeringa
likevel tilrår å vidareføre anskaffinga med nåverande leverandør
med oppdatert leveranseplan.
Komiteen merkar seg at regjeringa
i proposisjonen skriv at det i utlysninga til nye kystvaktfartøy
er stilt strenge miljøkrav. Ifølgje regjeringa er det i Forsvarsmateriell
si vurdering av tilboda lagt vekt på gode tekniske løysingar som
i størst mogleg grad tek omsyn til miljøet innanfor dei sjømilitære
rammene skipa skal operere i.
Komiteen viser til at innkjøpet
av dei nye kystvaktfartøya i prosjekt 6615 Nye kystvaktfartøy er
definert inn under artikkel 123 bokstav b EØS-avtalen – produksjon
som er uunnverleg for forsvarsføremål, for å unngå at tap av kompetanse
og kapasitet truar Forsvaret sitt behov for beredskap og forsyningssikkerheit.
For å oppretthalde nasjonal beredskap og forsyningstryggleik er
det gjennomført ein nasjonal anbodskonkurranse om byggjekontrakten.
Komiteen merkar seg at den
økonomiske ramma for oppgradering (Final Lifetime Extension Programme (FLEP))
av dei avanserte overvakingsflya AWACS E-3A er sett til 1 mrd. USD
og omfattar investerings- og gjennomføringskostnadar. Komiteen noterer
seg at Noreg sin del av utgiftene er omtrent 140 mill. kroner, noko som
vil verte dekt innanfor investeringsramma på forsvarsbudsjettet
(kap. 1760 post 45) på same måte som ved tidlegare moderniseringar
av flya.
Komiteen noterer seg at regjeringa
har vedteke å vidareføre oppfølgingsplanen for veteranar, «I tjeneste for
Norge», i ytterlegare to år, og at det tverrsektorielle samarbeidet
mellom dei sju departementa vil halde fram. Komiteen merkar seg òg at
regjeringa varslar at ho vil vurdere å gje Fylkesmannen ei rolle
i å rettleie kommunane som ein del av dette arbeidet.
Komiteen viser til at Riksrevisjonen
våren 2017 la fram Dokument 3:3 (2016–2017), «Riksrevisjonens undersøkelse
av forvaltningen av forsvarssektorens eiendommer, bygg og anlegg».
I rapporten konkluderer Riksrevisjonen mellom anna med at husleigemodellen ikkje
har fungert etter føresetnaden om at husleiga skal dekkje dei reelle
kostnadane til forvalting, vedlikehald, drift og utvikling av eigedomsmassen. Komiteen noterer
seg at regjeringa har sett ned eit utval som skal evaluere utvalde
delar av husleigeordninga i forsvarssektoren. Komiteen merkar seg at Forsvarsdepartementet har
fått arbeidsgruppa sine forslag til vurdering, og at regjeringa
varslar at ho vil kome attende til Stortinget om denne saka.