Samandrag

Innleiing

Regjeringas føremål med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp åtte nye investeringsprosjekt, og å orientere Stortinget om nokre andre saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for fem nye materiellprosjekt: Anskaffing av landbasert transportstøtte, hand- og avdelingsvåpen, bruleggarpanservogn, ingeniørpanservogn og nye kystvaktfartøy.

  • Godkjenning av kostnadsramme for tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Haakonsvern – infrastruktur og fjernvarme, Evenes – fornying og oppgradering av infrastruktur og Evenes – vern og sikring.

  • Andre saker: Oppmodingsvedtak om NH90 og nye kystvaktfartøy, forlenga levetid for overvakingsflya i NATO, framhald av oppfølgingsplanen for veteranar og evaluering av husleigeordninga i forsvarssektoren.

Nye materiellprosjekt for godkjenning

Prosjekt 2559 Landbasert transportstøtte

Regjeringa varsla i Prop. 1 S (2017–2018) at prosjekt 2559 Landbasert transportstøtte skal leggjast fram for Stortinget med ei anbefaling på eit seinare tidspunkt. Landbasert transportstøtte vert nytta til transport av alle forsyningsklassar, materiell og personell. Kapasiteten skal også kunne gi støtte til det sivile samfunnet utan at det er dimensjonerande.

Forsvaret fekk i perioden 1987–96 levert i underkant av 2 000 Scania lastevogner i fleire ulike variantar. Det er sett i gang tiltak for å skaffe reservedelar, slik at forventa levealder på den attverande bilparken blir forlenga til ut 2024.

Forsvaret inngjekk i 2014 ein rammeavtale med Rheinmetal M.A.N. Military Vehicles (RMMV) i samarbeid med det svenske forsvaret. Forsvaret anskaffar 125 køyretøy av dei høgst prioriterte vognene. Desse prosjekta har ei kostnadsramme på om lag 2 600 mill. kroner. Leveransane startar i 2018.

Prosjektet 2559 Landbasert transportstøtte skal anskaffe om lag 290 køyretøy i andre avrop på rammeavtalen. Anskaffinga dekkjer ikkje heile behovet Forsvaret har i dag, men er innanfor dei økonomiske rammene som er avsette til prosjektet. Prosjektet har ei tidsramme frå 2018 til 2025. Det resterande behovet skal dekkjast inn gjennom å vidareføre om lag 500 av dei beste Scania-vognene Forsvaret har i dag.

Det er gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Kvalitetssikrar meiner rammeavtalen er formålstenleg og gir Forsvaret stor fridom og betydeleg handlingsrom.

I samband med anskaffinga vil det bli stilt krav om at det blir inngått ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan kontrakten vert signert.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 963 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 1 860 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Prosjekt 4018 Hand- og avdelingsvåpen

Prosjekt 4018 Hand- og avdelingsvåpen skal bidra til at Forsvaret får tilfredsstillande hand- og avdelingsvåpen. Dei største utfordringane har Forsvaret med sine mitraljøser og middelstunge maskingevær samt 84 mm rekylfri kanon der øvingssystemet er av gammal type og må bytast ut.

Prosjektet vil anskaffe avdelingsvåpen til alle forsvarsgreiner (Hær, Sjø, Luft og HV) i samsvar med gjeldande prioritering og innanfor prosjektet si økonomiske ramme.

Anskaffingane vil i hovudsak bli gjorde i samsvar med forskrift om forsvars- og sikkerhetsanskaffelser (FOSA), og det vil kunne bli aktuelt å inngå industrielt samarbeid med leverandørar utanfor EØS-området.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 602 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 533 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Støttekøyretøy for den mekaniserte strukturen i Hæren

Gjennom Stortinget si handsaming av Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018) vart det vedteke at Hæren også i framtida skal ha ein moderne stridsvognkapasitet som eit viktig element i den mekaniserte strukturen. Regjeringa vil difor anskaffe moderne stridsvogner med ytingar som kan møte aktuelle trugsmål.

Ein mekanisert struktur er heilt avhengig av ei rekkje støttekøyretøy for å trygge gjennomføringa av operasjonane. Det inneber bergingspanservogn, køyretøy som kan leggje bruer over elver og kløfter (bruleggarpanservogn) og køyretøy som kan utføre militære ingeniørtenester slik som å rydde seg veg gjennom kunstige og naturlege hindringar (ingeniørpanservogn).

Seks bergingspanservogner på Leopard 2-chassis er no under anskaffing til Hæren. Når det gjeld Hæren sine eksisterande bruleggar- og ingeniørpanservogner, så er desse bygd på det aldrande Leopard 1-chassiset og er mogne for utskifting. Det vert difor føreslått å godkjenne to prosjekt for å anskaffe fleire støttekøyretøy på Leopard 2-chassis.

Prosjekt 5045 Bruleggarpanservogn

Prosjektet skal anskaffe seks bruleggarpanservogner på eit moderne Leopard 2-chassis, samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Levering er planlagt i perioden 2021–2023.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 724 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 663 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Prosjekt 5049 Ingeniørpanservogn

Prosjektet skal anskaffe seks ingeniørpanservogner på eit moderne Leopard 2-chassis, samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Det vert òg planlagt med ei avgrensa anskaffing av noko materiell for minerydding. Levering er planlagt i perioden 2021–2023.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 716 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme er sett til 639 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Prosjekt 6615 Nye kystvaktfartøy

Prosjektet blei vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2013–2014) til Prop. 1 S (2013–2014) med formålet å anskaffe eit helikopterbærande kystvaktfartøy med godkjent isforsterka skrog (isklassing). I handsaminga av Innst. 7 S (2016–2017) til Prop. 1 S (2016–2017) blei leveransen i det tidlegare prosjektet 3049 Erstatning Nordkapp-klassen, som hadde som formål å anskaffe to identiske fartøy, tatt inn i prosjekt 6615 samstundes med at prosjekt 3049 blei kansellert. Omfanget i prosjekt 6615 blei auka til tre helikopterbærande kystvaktfartøy med godkjent isforsterka skrog samt at anskaffinga blei forsert med to år. Levering av fartøya er planlagd gjennomført i perioden 2022–2024.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Kvalitetsikrar beskriv prosjektet som modent og at dokumentasjonen er gjennomarbeidd.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 6 810 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 6 445 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

Nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning

Haakonsvern – oppgradering av infrastruktur og utfasing av fossilt brensel

Opphavleg hovudinfrastruktur (vatn, avløp, kraft, etc.) på Haakonsvern orlogsstasjon er frå 1950- og 1960-talet. I løpet av dei seinare åra har det vorte gjennomført ein del infrastrukturprosjekt på basen, både oppgradering av eksisterande og etablering av ny infrastruktur.

Dei gamle anlegga er no mogne for utskifting, og det er behov for oppgradering og utviding av anlegga for å tilfredsstille dagens behov og for å dimensjonere for ei framtidig utvikling av basen.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 649 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 582 mill. kroner.

Evenes flystasjon

Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) å etablere Evenes flystasjon som framskoten operasjonsbase for dei nye kampflya til Forsvaret og NATO sin kampflyberedskap (Quick Reaction Alert – QRA). Stortinget vedtok seinare gjennom handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) at Evenes flystasjon i tillegg skal vere base for Forsvaret sine maritime patruljefly (MPA), verna av langtrekkjande luftvern og baseforsvar. Ei oppgradering av eksisterande infrastruktur ved basen og etablering av sikringstiltak er naudsynt for at Evenes flystasjon skal kunne overta som QRA-base og MPA-base i samsvar med den planlagde utfasinga av F-16 og leveringane av P-8. Regjeringa vil leggja fram prosjektet for etablering av MPA-fasilitetane på Evenes flystasjon for godkjenning i Stortinget når forprosjektet er endeleg ferdigstilt, har vorte underlagt ekstern kvalitetssikring (KS 2) og handsama i departementet.

Evenes flystasjon – fornying og oppgradering av infrastruktur

Eksisterande infrastruktur ved Evenes flystasjon har i liten grad vorte fornya sidan etableringa på 1980- og 1990-talet.

Prosjektet for ny infrastruktur ved Evenes flystasjon omfattar blant anna etablering av ny høgspent kraftforsyning for å forsterke krafttilførsla til flystasjonen og etablere ny ringstruktur for straumforsyninga på basen. Det vert lagt ny straumforsyning til områda som er avsette til MPA og F-35 QRA. Det skal òg byggjast eit nytt reservekraftanlegg, som ved straumbrot kan etterforsyne dei prioriterte anlegga på basen. Vidare skal prosjektet leggje nye røyr for vatn, avlaup og overvatn som bind saman dei eksisterande leidningsnetta i ein tilfredstillande ringstruktur på basen.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 701 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 611 mill. kroner.

Evenes flystasjon – vern og sikring av basen

Ei gjennomføring av luftoperasjonar i fred, krise og krig med nye moderne kapasitetar som F-35 og P-8 frå Evenes flystasjon inneber at eksisterande infrastruktur for vern og sikring av verdiane og objekta på basen må oppgraderast.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 438 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, innreiing og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 385 mill. kroner.

Andre saker

Oppmodingsvedtak: Anskaffing av NH90 helikopter

Vedtak nr. 677, 22. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen foreta en ny gjennomgang av kontrakten om anskaffelse av helikopter NH90 til fregattene og meddele Stortinget resultatet, herunder forventet fremdrift i helikopterleveransen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 290 S (2016–2017) og Dokument 3:13 (2015–2016) «Riksrevisjonens undersøkelse av fregattvåpenets operative evne». Ein samla kontroll- og konstitusjonskomité fremma forslag til vedtak for Stortinget. Forslaget blei vedteke i Stortinget si handsaming 22. mai 2017.

NH90-helikoptera skulle ha blitt leverte i perioden 2005–2008. Leveransen er blitt vesentleg forseinka, og anskaffinga er blitt kritisk vurdert undervegs.

I 2017 satte Forsvarsdepartementet i verk ein ny gjennomgang av prosjektet og kontrakten, og fleire alternativ har vore vurderte, også eit alternativ om å avbryte kontrakten på grunn av misleghald frå leverandøren. Forsvarsmateriell anbefalte ikkje denne løysinga fordi det etter deira vurderingar ikkje var rettsleg grunnlag for å avbryte kontrakten.

Forsvarsdepartementet er uroa for erfaringane både frå drift av norske NH90-helikopter og frå drift av NH90-helikopter i andre land. Erfaringane så langt viser at NH90-helikoptera er meir vedlikehaldskrevjande, med auka driftskostnader og med lågare tilgjenge enn tidlegare vurdert.

Forsvarssjefen har gitt ei anbefaling om å prioritere flytimar med NH90 først og fremst til fregattvåpenet og samstundes finne alternative løysingar til å dekkje behovet til Kystvakta som ikkje kan dekkjast av NH90. Denne anbefalinga vil brukast, saman med andre innspel, som grunnlag når Forsvarsdepartementet går grundig inn i denne saka.

NH90-anskaffinga er ei særleg vanskeleg anskaffing der ikkje noko handlingsalternativ står fram som godt. Likevel tilrår Forsvarsdepartementet å vidareføre anskaffinga med nåverande leverandør med oppdatert leveranseplan. Dette alternativet er vurdert som det beste for å kunne oppfylle Forsvaret sitt behov for maritime helikopter.

Regjeringa vidarefører difor NH90-anskaffinga og føreset samstundes at leverandøren følgjer opp den reviderte leveranseavtalen.

Oppmodingsvedtak: Nye kystvaktfartøy

Vedtak nr. 292, 14. desember 2017

«Stortinget ber regjeringa i den varsla tilleggsproposisjonen synleggjere korleis innkjøpet av nye kystvaktfartøy bidreg til reduserte utslipp av klimagassar.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 7 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018). Forslaget blei vedteke i Stortinget si handsaming 14. desember 2017.

I vurderinga til Forsvarsmateriell av tilboda er det lagt vekt på gode tekniske løysingar som i størst mogleg grad tek omsyn til miljøet innanfor dei sjømilitære rammene skipa skal operere i.

Oppmodingsvedtak: Nye kystvaktfartøy

Vedtak nr. 293, 14. desember 2017

«Stortinget ber regjeringa i den varsla tilleggsproposisjonen gjere greie for korleis innkjøpet av nye kystvaktfartøy bidreg til å oppretthalde nasjonal kompetanse og kapasitet til å byggje, utruste og vedlikehalde slike fartøy, og korleis ein vurderer at utrustinga sikrar låge levetidskostnader.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 7 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018). Forslaget blei vedteke i Stortinget si handsaming 14. desember 2017.

Forhandlingsresultatet med aktuelt byggjeverft viser at byggjekontrakten vil støtte opp under målsettinga i vedteken innkjøpsstrategi om å sikre nasjonal beredskap og forsyningstryggleik innanfor det maritime området. Ein stor del av dei samla leveransane frå verftet er planlagd innkjøpt som tenester og varer frå nasjonale underleverandørar.

Forsvaret har eit langsiktig perspektiv på drifta av fartøya som vert anskaffa. Det vert difor lagt stor vekt på at systemleverandørar og underleverandørar kan gje god støtte til systema dei leverer, òg etter at produkta kan ha gått ut av normal produksjon. Dette inneber òg vidareutvikling og tilgjenge til naudsynte oppgraderingar.

Forlenging av levetida til overvakingsflya i NATO, AWACS E-3A

Dei avanserte overvakingsflya AWACS E-3A i NATO med tilhøyrande bakkebaserte system har vore eit nøkkelelement i det fellesintegrerte luftforsvaret i NATO i vel 35 år. Styrken har vorten brukt i ei rekkje NATO-operasjonar og er i dag ein viktig del av felleskapasitetane i alliansen.

Totalt 16 allierte land er fullt ut medlemar i denne felleskapasiteten kalla NAPMO-programmet (NAPMO – NATO Airborne Early Warning & Control Program Management Organisation).

I tråd med erklæringar frå NATO sine toppmøte, seinast i Warszawa 2016, utarbeider NAPMO planar for å forlenge levetida til flya med ti år, slik at NATO-styrken framleis kan vere operativt relevant fram til 2035.

Den økonomiske ramma for ei slik oppgradering (Final Lifetime Extension Programme (FLEP)) er sett til 1 mrd. USD og omfattar investerings- og gjennomføringskostnadar. Noreg sin del av utgiftene er omtrent 140 mill. kroner og vil bli dekt innanfor investeringsramma på forsvarsbudsjettet (kap. 1760 post 45) på same måte som ved tidlegare moderniseringar av flya.

For å kunne starte opp prosjektet, må nasjonane godkjenne og underskrive ei utviding av dagens samarbeidsavtale (Multinational Memorandum of Understanding, MMOU). Etter planen skal dette verte gjennomført i løpet av 2018.

Veteranar

Regjeringa har vedteke å vidareføre oppfølgingsplanen for veteranar «I tjeneste for Norge» i ytterlegare to år. Det tverrsektorielle samarbeidet mellom dei sju departementa vil halde fram. Etter toårsperioden skal arbeidet evaluerast. Regjeringa vil vurdera å gje Fylkesmannen ei rolle i å rettleia kommunane for å bidra til at veteranane får ei god og samordna oppfølging.

Evaluering av husleigeordninga i forsvarssektoren

Våren 2017 avla Riksrevisjonen Dokument 3:3 (2016–2017), «Riksrevisjonens undersøkelse av forvaltningen av forsvarssektorens eiendommer, bygg og anlegg». I sin rapport konkluderer Riksrevisjonen blant anna med at husleigemodellen ikkje har fungert etter føresetnaden om at husleiga skal dekkje dei reelle kostnadene til forvalting, vedlikehald, drift og utvikling av eigedomsmassen.

Rapporten frå Riksrevisjonen blei handsama i Stortinget 18. april 2017 basert på Innst. 240 S (2016–2017). Med bakgrunn i dette har Forsvarsdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe.

Forsvarsdepartementet har fått arbeidsgruppa sine forslag til vurdering. Departementet vil kome attende til Stortinget om denne saka på eigna måte.