Riksrevisjonens
undersøking av korleis verjemålsreforma er sett i verk
Ny lov om vergemål
(verjemålslova) blei sett i kraft frå 1. juli 2013. Reforma innebar
at det lokale ansvaret for verjetrengande blei overført frå kommunane
til staten. Då reforma starta opp, blei om lag 50 000 verjemål overførte
til fylkesmannsembeta. Reforma skulle sikre at interessene til mindreårige
og vaksne som ikkje er i stand til å ta hand om eigne interesser,
blir sørgde for på ein god måte uavhengig av bustad. Endringa av
verjemålslovgivinga skulle sørgje for auka rettstryggleik og rettslikskap
for kvar enkelt og dessutan vere med på å sikre større grad av individtilpassing
og fleksibilitet. Per 1. januar 2016 var talet på personar med verje
om lag 64 000, medan det var nærmare 46 000 verjer. Dei fleste verjene
er familie eller andre nærståande, medan om lag 3 pst. er profesjonelle
verjer, ofte advokatar.
At ein person blir
sett under verjemål, vil seie at det blir oppnemnt ei verje som
har kompetanse til å handle på vegner av personen, ut frå eit mandat
om personlege og økonomiske forhold. Verja skal ta omsyn til respekten
for menneskeverdet og integriteten til den enkelte når han eller
ho utfører oppdraget. Verjemålet skal ikkje gjerast meir omfattande
enn nødvendig.
Fylkesmannen er lokal
styresmakt for verjemål og behandlar saker etter lova i første instans.
Fylkesmannen skal gi verjene nødvendig opplæring, rettleiing og støtte,
og føre tilsyn med verjene.
Statens sivilrettsforvaltning
har det sentrale ansvaret for verjemålsinstituttet og skal føre
tilsyn med korleis fylkesmannen utøver oppdraget som lokal styresmakt
for verjemål – det vil seie tilsyn med at lover blir følgde, og
at det finansielle er i orden. Statens sivilrettsforvaltning er
også klageorgan for dei vedtaka fylkesmannen gjer som førsteinstans
etter verjemålslova. I tillegg har Statens sivilrettsforvaltning
eit overordna ansvar for finansforvaltning, informasjon og opplæring.
Målet med undersøkinga
har vore å vurdere innføringa av verjemålsreforma ut frå måla frå
Stortinget om auka rettslikskap og rettstryggleik for menneske som ikkje
er i stand til å sørgje for sine eigne interesser, og årsaker til
eventuelle manglar på verjemålsområdet. Undersøkinga omfattar perioden
2013–2017.
Undersøkinga har
mellom anna teke utgangspunkt i desse vedtaka og føresetnadene frå
Stortinget:
-
Lov om vergemål
-
Forskrift til vergemålsloven
-
Ot.prp. nr. 110 (2008–2009)
Om lov om vergemål
-
Prop. 4 L (2009–2010),
jf. Innst. 154 L (2009–2010) Lov om vergemål
-
Prop. 1 S (2013–2014),
for Justis- og beredskapsdepartementet Prop. 1 S Tillegg 1 Justis-
og beredskapsdepartementet (2013–2014) jf. Innst. 6 S (2013–2014)
Utkastet
til rapport blei lagt fram for Justis- og beredskapsdepartementet
ved brev 20. oktober 2017. Departementet har i brev til Riksrevisjonen
mottatt 16. november 2017 gitt kommentarar til rapporten. Kommentarane
er i hovudsak innarbeidde i rapporten og i dokumentet til Riksrevisjonen.
Rapporten, oversendingsbrevet
frå riksrevisorkollegiet til departementet 16. januar 2018 og svaret
frå statsråden 30. januar 2018 følgjer som vedlegg til Dokument 3:6
(2017-2018).