1.2.3.1 Kommentarar til merknadene frå høyringsinstansane
Departementet noterer
seg at dei aller fleste høyringsinstansane støttar forslaga eller
ikkje har nokon merknader til dei foreslåtte endringane.
Departementet viser
til høyringsfråsegna frå Kartverket om nummerering av valdistrikt,
og at nummer 13 ikkje bør brukast så lenge opplistinga elles samsvarer
med fylkesnummereringa. Departementet har på bakgrunn av høyringsfråsegna
gjort ei ny vurdering av forslaget til lovføresegn og meiner det
ikkje er nødvendig å ha nummerering i opplistinga av valdistrikta.
Sjølv om forslaget inneber at dei gamle fylka er valdistrikt i 2021,
er det ikkje nødvendig å bruke fylkesnummerering i vallova. Forslaget
til endring av valgloven § 11-1 som blir fremma i proposisjonen,
er derfor utan nummerering, men er lista opp med bokstavane a–s.
Departementet viser
til høyringssvaret frå Vestfold fylkeskommune, som føreset at dei
nye fylka vil danne permanente valdistrikt frå stortingsvalet i
2025. Departementet understrekar at bakgrunnen for forslaget er
at denne problemstillinga skal greiast ut av vallovutvalet. Departementet
vil ikkje gjere noka vurdering av kva som skal utgjere valdistrikta
i 2025, men ventar på innstillinga frå utvalet. Innstillinga vil
bli send på brei høyring før departementet fremmar forslag til Stortinget om
ny vallov. Endringane som er foreslått i vallova, vil altså i alle
høve berre gjelde ved valet i 2021, sidan valet i 2025 vil bli gjennomført
etter ny vallov.
Vestfold fylkeskommune
er den einaste høyringsinstansen som uttaler seg om forslaget om
å innføre ein forskriftsheimel i vallova om kva for kommunar som skal
inngå i valdistrikta. Fylkeskommunen uttrykkjer uro over at ein
i forskrift skal kunne endre valdistrikta.
Departementet understrekar
at spørsmålet om kva for kommunar som skal inngå i dei ulike valdistrikta,
er eintydig definert. Forskrifta skal berre namngi kva for kommunar
som høyrer til i dei ulike valdistrikta, basert på allereie kjend
tilhøyrsle. Grunnen til at det ikkje blir gjort no, er at ikkje
alle nye kommunenamn er fastsette. Kommunar som ein har vedteke
å slå saman på tvers av fylkesgrenser, eller som er påverka av grensejusteringar på
tvers av fylkesgrenser, har fått tilhøyrsla til valdistrikt avklart
i stortingsvedtaket. Kommunar som ikkje er påverka av denne prosessen,
vil høyre til valdistriktet som tilsvarer fylket deira.
Departementet viser
til høyringsfråsegna frå Trøndelag fylkeskommune, som meiner at
Trøndelag må utgjere eitt valdistrikt i 2021. Departementet viser
òg til grunnlovsforslaget om å redusere talet på valdistrikt til 18
for at Trøndelag skal utgjere eitt valdistrikt i 2021. Departementet
har forståing for at situasjonen er noko annleis for Trøndelag samanlikna
med andre fylke, sidan denne samanslåinga allereie er sett i verk.
Det er departementet si oppfatning at det ikkje bør gjerast endringar
i Grunnlova utan ei nærmare utgreiing. Departementet meiner framleis
det er uheldig å endre Grunnlova på bakgrunn av at samanslåinga
av Trøndelag har skjedd to år tidlegare enn dei andre fylkessamanslåingane.
Valdistrikt bør greiast ut som ei heilskapleg problemstilling der
ein ser heile landet under eitt, og det bør ikkje gjerast mellombelse
grunnlovsendringar. Det oppdraget ligg i mandatet til vallovutvalet.
Dersom talet på valdistrikt skal reduserast, er det Stortinget som
må vedta endringar i Grunnlova. Departementet ønskjer å sikre ein
trygg og føreseieleg prosess og fremmar derfor endringar som gjer
at stortingsvalet i 2021 kan gjennomførast utan grunnlovsendringar.
Departementet er
einig med Valdirektoratet i at endringane medfører eit behov for
kommunikasjon og opplæring frå valstyresmaktene, og vil sørgje for
at partia får god informasjon om konsekvensane av endringane. Departementet
vil i samarbeid med Valdirektoratet sørgje for informasjon og opplæring
av valstyresmakter og veljarar.
Departementet viser
til høyringsfråsegna frå Røyken kommune og understrekar at kommunar
som slår seg saman på tvers av fylke, slik situasjonen er med for eksempel
Asker (Akershus), Røyken (Buskerud) og Hurum (Buskerud), vil høyre
til same valdistrikt ved stortingsvalet i 2021. Dette blei avklart
i Stortingets vedtak om justering av fylkesgrenser som blei gjort
den 8. juni 2017.
Departementet held
fast på alle forslaga til endringar som blei sende på høyring. På
bakgrunn av høyringsinnspela frå Kartverket har departementet endra
utforminga av forslaget til endring av valgloven § 11-1 første ledd.