Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Øystein Langholm Hansen, Kirsti Leirtrø, Sverre Myrli og Ingalill
Olsen, frå Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Jonny Finstad, Nils
Aage Jegstad og leiaren Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen,
Morten Stordalen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Siv
Mossleth og Ivar Odnes, frå Sosialistisk Venstreparti, Arne Nævra,
og frå Venstre, Jon Gunnes, syner til at stortingsrepresentantane
Heidi Greni, Siv Mossleth, Ivar Odnes og Willfred Nordlund 30. januar 2018
fremja eit forslag om eit statleg program for å redusere vedlikehaldsetterslepet
på fylkesvegane. Programmet skal skissere ein opptrappingsplan for
fylkesvegvedlikehald med forslag til finansieringsmodellar og organisering som
skal gje auka vedlikehald og etterslepsreduksjon på fylkesvegnettet.
Forslagsstillarane
meiner situasjonen no er så alvorleg at det er behov for eit statleg
program for å auke vedlikehaldet i samarbeid med fylka. Forslagsstillarane meiner
programmet kan innrettast som ei tilskotsordning der staten løyver
eigne midlar til formålet.
Komiteen viser til at transportetatane
skreiv fylgjande i grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan
2018–2029:
«Det er et betydelig
forfall på fylkesvegnettet. Kostnaden knyttet til utbedring av kritisk
infrastruktur som tunneler, bruer og ferjekaier er så omfattende
at transportetatene mener det bør vurderes et eget program for fornyelse
av fylkesvegnettet.»
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Sosialistisk
Venstreparti og Venstre, viser til svarbrev frå statsråden
frå 22. februar, der det vert understreka at rammefinansiering skal
vere hovudmodellen for finansiering av kommunesektoren. Dette gjev rom
for lokalt tilpassa løysingar, og slik sett er det den mest treffsikre
ressursbruken. Rammefinansiering er også mindre administrativt krevjande
både for staten og for det lokale nivået. Fleirtalet merkar seg at statsråden
meiner at innføring av ei ordning i tråd med forslaget frå forslagsstillarane
vil framstå som ei statleg overstyring av fylkeskommunane sitt folkevalde
budsjettansvar.
Fleirtalet merkar seg i svarbrevet
frå statsråden at regjeringa har vald å styrkje rammetilskotet til
fylkeskommunane til fornying og opprusting av fylkesvegnettet med
fordeling ut frå kjenneteikn ved vedlikehaldsetterslepet. Ramma
for dette er sett til 15,6 mrd. kroner for planperioden 2018–2029.
I budsjett for 2018 er det sett av 1 355 mill. kroner innanfor rammetilskotet
til fylkeskommunane til fordeling til formålet. I tillegg mottek fylkeskommunane
eigne midlar til rassikring.
Eit anna fleirtal,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre, er einige
i at det betydelege vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet er
ei stor utfordring, som krev at det blir iverksett tiltak med sikte
på å redusere etterslepet på denne delen av vegnettet. Fleirtalet er
også einige i at tunnellforskrifta og påfølgjande minimum tryggleikskrav
til visse tunnellar har auka utfordringane for landets fylkeskommunar. Fleirtalet syner
til at forvaltningsreforma, som vart gjennomført med Senterpartiet
i regjering i 2010, medførte at ansvaret for styring og kontroll
med 17 000 km riksveg og fleire ferjesamband vart overført frå staten
til fylkeskommunen. Dette var vegstrekningar med eit stort vedlikehaldsbehov,
og reforma vart gjennomført utan å gi fylkeskommunen tilstrekkeleg
auka løyvingar. Fleirtalet syner
såleis til at forvaltningsreforma frå 2010 dermed ga fylkeskommunen
meir veg å drifte, utan ekstra løyvingar til å ta vedlikehaldsetterslepet.
Fleirtalet syner til at gjeldande
Nasjonal transportplan (2018–2029) inneber ei historisk satsing
på samferdsel. Gjeldande NTP har ei ramme på 1 064 mrd. kroner og
løyver såleis dobbelt så mykje til samferdsel som førre NTP, vedteken
under ei raudgrøn regjering som Senterpartiet var ein del av. Vidare
syner fleirtalet til
at sitjande regjering har styrka løyvingane til fylkeskommunen,
både i form av auka rammetilskot og øyremerka midlar til ras- og
skredsikring. Sitjande regjering har for fireårsperioden 2014–2017
løyvd om lag 4 294 mill. kroner (nominelt) i midlar til å fornye
og ruste opp fylkesvegane. Dette er vesentleg meir enn om lag 2 750
mill. kroner, som den raudgrøne regjeringa la til grunn i Nasjonal
transportplan for perioden 2014–2023. Fleirtalet syner også til at
det i gjeldande Nasjonal transportplan (2018–2019) er satt av 15,6
mrd. kroner til vedlikehald og fornying av fylkesvegnettet.
Fleirtalet er i likskap med
statsråden betenkte over å innføre ei ordning i tråd med forslaget
frå Senterpartiet, og er einige i at ei slik innføring vil framstå
som ei statleg overstyring av fylkeskommunen sitt folkevalde budsjettansvar. Fleirtalet er
einige i at rammefinansiering bør vere hovudmodellen for finansiering
av kommunesektoren, då det gjev rom for lokalt tilpassa løysingar
og meir treffsikker ressursbruk. Fleirtalet er einige med statsråden
i at det ikkje bør innførast eit system som kan tolkast som at fylkeskommunane
i praksis vert sett under statleg administrasjon.
Fleirtalet meiner at dersom
ein skal klare å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet,
vil ei meir tenleg løysing vere å vurdere å innføre ei påskjøningsordning
der fylkeskommunen etter ein forpliktande plan kan søkje om medfinansiering
frå staten etter gitte kriterium. Fleirtalet syner vidare til
Jeløya-plattforma, som slår fast at regjeringa vil vurdere korleis
viktige eksportvegar, som omfattar både fylkesvegar og riksvegar,
betre kan opprustast til å dekke næringslivet sitt transportbehov.
Fleirtalet fremjar følgjande
forslag;
«Stortinget
ber regjeringa om å utgreie ei påskjøningsordning i samband med
rullering av Nasjonal transportplan, der fylkeskommunen etter ein
forpliktande plan kan søkje om medfinansiering frå staten etter
gitte kriterium.»
«Stortinget
ber regjeringa i samband med rullering av Nasjonal transportplan
å kartleggje kva strekningar av fylkesvegane og riksvegane som er
dei viktigaste eksportvegane, og i denne forbindelse vurdere korleis
viktige eksportvegar betre kan opprustast til å dekkje næringslivet
sitt behov.»