Forslag frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
          
          
            
              Forslag 1
            
            
              Stortinget ber regjeringa
utarbeide eit program for å redusere vedlikehaldsetterslepet på
fylkesvegane. Programmet skal skissere ein opptrappingsplan for
fylkesvegvedlikehald med forslag til finansieringsmodellar og organisering
som skal gje auka vedlikehald og etterslepsreduksjon på fylkesvegnettet.
            
           
          
            
              Forslag 2
            
            
              Stortinget ber regjeringa
forlengje kompensasjonen til å dekke kostnadane som følgje av tunneltryggleikforskrifta
til 2024.
            
           
          
            
              Forslag 3
            
            
              Stortinget ber regjeringa
etablere eit kompensasjonssystem for ekstraordinære hendingar på
fylkesvegnettet.