1.2 Bevis frå oppnemnde verjer
Somme vaksne personar
treng bistand til å representere seg på det økonomiske eller det
personlege området. Verjemålslovgivinga tek utgangspunkt i at alle menneske
har evna til å ha rettar og plikter, men at ikkje alle har evna
til sjølve å gjere handlingar som stiftar rett eller gir ein ansvar.
Eit viktig formål med lovgivinga er å sikre at interessene til vaksne
som ikkje kan disponere på eiga hand, blir sikra, og at dette skjer
med respekt for verdigheita og integriteten til kvar einskild.
Verjemålslovgivinga
er òg med på å oppfylle Noregs folkerettslege skyldnad til å sikre
at personar med nedsett funksjonsevne får den støtte og bistanden
dei treng for å utøve den rettslege handleevna si, jf. FN-konvensjonen
om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne artikkel 12.
Gruppa verjetrengande
er samansett og ueinsarta. Å få oppretta verjemål kan til dømes
vere aktuelt for ein eldre person råka av aldersdemens eller ein
person med Alzheimers sjukdom, psykose, utviklingshemming eller eit
rusproblem. Kva som er årsaka til redusert kapasitet, kan vere forskjellig,
og personane som blir råka, kan ha ulikt fungeringsnivå og behov
for bistand. Somme er aktive og gjer sjølve fleire rettslege disposisjonar,
andre er ikkje i stand til å disponere på eigne vegner.
At det blir oppretta
verjemål for ein person, inneber at det blir oppnemnt ei verje som
har kompetanse til å handle på vegner av personen innanfor rammene
av eit nærmare fastsett mandat. Ved eit alminneleg verjemål har
personen med verje den rettslege handleevna si fullt ut i behald.
Verjemålslova § 33 første og andre ledd har føresegner om plikt
for verja til å høyre og til å ta omsyn til det den einskilde ønskjer.
Det frivillige aspektet ved alminnelege verjemål vart tydeleggjort
ved verjemålslova 2010. Berre når særskilde vilkår er oppfylte,
kan ein person bli fråteken den rettslege handleevna si på bestemte
område, jf. verjemålslova § 22. Også der personen med verje er fråteken
rettsleg handleevne, skal verja leggje vekt på kva personen meiner.
Omsynet til sjølvråderetten til kvar einskild står sterkt i verjemålslovgivinga.
Det «minste middels prinsipp» er ein berebjelke og inneber at det
ikkje skal gripast inn i sjølvråderetten til kvar einskild i større
grad enn det som i kvart einskilt tilfelle er nødvendig. Sjølvråderetten
til kvar einskild er òg verna av FN-konvensjonen om rettar til menneske
med nedsett funksjonsevne artikkel 12.
For at verja skal
kunne utøve sin særlege bistands- og støttefunksjon på ein god måte,
er det viktig å leggje til rette for at personen med verje kan ha
eit tillitsfullt og ope forhold til verja. Dette kan vere ein føresetnad
for at den det gjeld, kjenner seg fortruleg med å formidle eigne
ønske og preferansar til verja. Det kan òg vere ein føresetnad for
at personen kjenner seg trygg på å kunne vere open om eige fungeringsnivå
og behov for bistand. Oppnemnde verjer er pålagde teieplikt etter
verjemålslova § 46. Teieplikta reflekterer nettopp at
verja som ledd i verjeoppdraget kan få kjennskap til opplysningar om
personen som kan vere av meir eller mindre kjensleg karakter. Dette
kan vere opplysningar som vedkomande vil kunne ønskje at verja ikkje
fører vidare.
Der teiepliktige
opplysningar frå ei oppnemnd verje har noko å seie for spørsmål
som er oppe i saker for domstolane, vil omsynet til at personen
med verje og verja kan ha eit fortruleg forhold, og omsynet til
opplysning av saka dra i ulike retningar. Det er vesentleg at retten
får tilgang til dei opplysningane som er nødvendige og relevante
for at avgjerdsgrunnlaget for retten skal vere korrekt. Samtidig
reflekterer gjeldande reglar om bevisforbod og bevisfritak at nokre
opplysningar er rekna for å vere av ein slik art at høvet til bevisføring
bør avgrensast.
Spørsmålet om føring
av bevis som er omfatta av teieplikta for oppnemnde verjer, kan
vere aktuelt i fleire samanhengar. Verja kan til dømes ha opplysningar
om personen som kan vere svært viktige når retten skal vurdere om
vilkåra for fråtaking av den rettslege handleevna er oppfylte eller
ikkje. Ein person med verje kan òg vere part eller vitne i andre
sivile saker eller straffesaker. Sakene kan ha varierande grad av
samanheng med årsaka til at personen har behov for verje. Det kan
til dømes vere reist sak om gyldigheita av ein avtale signert av
ein person som er dement, eller ein person med ei sinnsliding kan
ha vorte utnytta på ein straffbar måte. Sakene kan òg vere heilt
utan samanheng med årsaka til at personen har behov for verje, som
tvistar om rettar til eigedom, mangelskrav og liknande. Også her
kan verja ha opplysningar som kan vere meir eller mindre viktige
for saka. Det kan til dømes vere at det er verja som har handla
på vegner av personen i tvisten, slik at det er verja som har førstehands
kjennskap til saka.
Felles for sakstypane
er at bevis som kjem inn under teieplikta for den oppnemnde verja,
kan vere både til gunst og ugunst for personen. Verja kan til dømes
ha opplysningar som kan ha noko å seie for vurderinga i retten av
om det ligg føre formildande omstende eller ikkje, eller om personen
er strafferettsleg tilrekneleg. Det er likevel ikkje gitt at den
oppfatninga personen sjølv har av om bevisførsel frå verja er ønskjeleg,
samsvarar med om dette etter meir objektive kriterium vil vere til
gunst for han eller henne. Særleg kan den kjenslege karakteren av
opplysningar som er omfatta av teieplikta for den oppnemnde verja,
gjere at dette er noko personen ikkje ønskjer at skal kome fram,
sjølv om det objektivt sett ville ha talt til fordel for han eller henne
i ei einskild sak.
Departementet viser
i si vurdering til at innspela frå høyringsinstansane underbyggjer
behovet for ei avklaring av spørsmålet om høvet til bevisførsel
frå oppnemnde verjer om tilhøve som er omfatta av teieplikta etter
verjemålslova. Departementet går inn for ein hovudregel om bevisforbod
i tråd med forslaget i høyringsnotatet. Forslaget inneber at bevisforbodet
fell bort dersom den som har krav på hemmeleghald, samtykkjer. Departementet
har vurdert om retten bør givast ein snever heimel til å gjere unntak
frå bevisforbodet etter ei avveging av omsynet til teieplikta og
omsynet til opplysning av saka, men foreslår ikkje ein slik heimel.
Som eit utgangspunkt
ser departementet det som klart at det kan vere opplysningar som
er teiepliktige etter verjemålslova, og som ikkje er omfatta av
gjeldande reglar om bevisforbod og bevisfritak, men som ein person
med verje like fullt vil kunne ønskje at ikkje kjem fram. Til dømes
kan disposisjonar verja skal gjere på vegner av personen med verje,
involvere sensitive opplysningar av ulik art. Verja kan òg bli kjend
med forhold om helsetilstanden til personen som blir opplevde som ei
belastning for den det gjeld.
Slik departementet
ser det, er spørsmålet om bevisavgrensingar for oppnemnde
verjer prinsipielt. Bør ein som verjetrengande kunne ha tillit til
at opplysningar verja blir kjend med gjennom verjeoppdraget, ikkje
blir gjorde kjende for andre – eller må omsynet til eit fortruleg
forhold til verja vike for andre omsyn i saker for domstolane?
Departementet ser
at ein hovudregel om bevisforbod for oppnemnde verjer vil kunne
føre til at ein blir hindra frå å føre bevis frå verja som kan ha
betydning for opplysninga av saka. I straffesaker veg omsynet til
den materielle sanninga særleg tungt. Særreglar om bevis frå oppnemnde
verjer kan òg gjere behandlinga og bevisspørsmåla i saker der personar
med verje er involverte, noko meir kompliserte.
Utfordringa for lovgivarane
er å finne eit godt balansepunkt mellom dei motstridande omsyna.
I spørsmålet som blir vurdert i proposisjonen her, vurderer departementet
det slik at omsynet til personen med verje og ei fungerande verjemålsordning
bør tilleggjast størst vekt. Alle fylkesmannsembeta som har uttalt
seg om forslaget, støttar ein hovudregel om bevisforbod. Skyldnadene
som Noreg har etter FN-konvensjonen om rettar for menneske med nedsett
funksjonsevne, taler òg for ei vektlegging av omsynet til at verja
kan oppfylle bistands- og støttefunksjonen sin på ein god måte.
Ein understrekar
elles at forslaget om eit bevisforbod berre vil gjelde for opplysningar
som krenkjer teieplikta for verja etter verjemålslova § 46. Dersom
personen med verje samtykkjer til at opplysningar blir gjorde kjende
for andre, kan ikkje verja nekte å leggje fram beviset, jf. verjemålslova
§ 46 tredje ledd og forvaltningslova § 13 a. Spørsmålet om bevisforbod
kjem dermed først på spissen der personen ikkje ønskjer at det blir ført
bevis. Har vitneførsel frå verja først og fremst noko å seie for
tredjepersonar, må ein rekne med at personen normalt vil samtykkje
til bevisførsel. I situasjonar der vedkomande vurderer å ikkje samtykkje,
og verja eller andre meiner at dette vil vere uheldig, bør innvendingane
formidlast til personen slik at han eller ho – eventuelt med bistand
og støtte – kan ta dei med i vurderinga.
I straffesaker skal
forslaget ikkje avgrense det høvet ei verje har til å utøve partsrettar
etter straffeprosesslova, jf. særleg §§ 83, 84 og 93 g, eller oppgåvene
til verja i den samanhengen.
Departementet foreslår
i samsvar med forslaget i høyringsnotatet at bevisforbodet i straffesaker
vil falle bort når forklaringa trengst for å førebyggje at nokon uskuldig
blir straffa.
Departementet foreslår
at retten får høve til å bestemme om beviset frå verja kan førast
i den grad personen med verje «ikke er i stand til å forstå hva
et samtykke innebærer». Ein person med verje som ikkje er i stand til
å samtykkje til vitneførsel, bør få hjelp og støtte til å bestemme
om det skal givast samtykke.